Hopp til hovudinnhald

Fargerike fellesskap - kvitt raseri

Ei utstilling om nasjonale manifestasjonar i Noreg etter krigen

Kva er norsk nasjonalisme? Noko som inviterer inn, eller noko som stenger ute? Denne utstillinga viser korleis ideane om Noreg har kome til uttrykk frå 1945 og fram til i dag, frå 17. mai-feiring og barnetog til protestmarsj og høgreekstremisme. Kva er ein nasjon for deg? Kva skal Noreg vera i framtida?

Éi forståing av det nasjonale er at det gjeld kultur og slektskap. Du er norsk om du har norsk som morsmål og er av norsk slekt. Dette blir kalla etnisk nasjonalisme. Den andre forståinga er knytt til statsborgarskap. Du er norsk uansett hudfarge, religion og bakgrunn, berre du er norsk statsborgar. Dette blir kalla statsrettsleg nasjonalisme. Med nye basisutstillingar som opna i 2021 står nasjonalismeutstillinga fram som ein kommentarutstilling. Utstillinga opna i juni 2018 og er støtta av Norsk Kulturråd og Oppland Fylkeskommune. 

Utstillingskritikk i Klassekampen og Museumsnytt: Les her

Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 2