Hopp til hovudinnhald

Ahmed Umars bunad

Utstilt på Valdres Folkemuseum 2022-2024

  • Ahmed Umars bunad fotografert i monter på Valdres Folkemuseum
    Foto: Jørn Ranum

Ahmed Umar (fødd 1988) er ein tverrfagleg kunstnar som arbeider med keramikk, smykke, performance og grafikk. Han vart uteksaminert med mastergrad frå Kunsthøgskolen i Oslo i 2016.

– Eg vaks opp i Sudan og kom til Noreg som politisk flyktning i 2008. Då eg fyrste gong opplevde 17. mai i Noreg, såg eg for fyrste gong nordmenn som glade og fargerike. Eg vart så nyfiken og inspirert!

Inspirasjonen frå Hallingdal

På Kunsthøgskolen gjennomførte eit kurs om broderi og vevtradisjonar i Noreg og Peru. Då var eg ei veke i Hallingdal og tre veker i Peru. I Hallingdal vart eg introdusert for «gamle bestemødrer», stoltheita deira over handverket og eigarskapen til snittet. Kleda var så vakre! Dei broderte rosene minte på ein måte om ornamenta frå den heilage moskeen i Mekka, og i Koranen – der det berre blir brukt planteelement. Likskapane mellom rosene i hallingbunaden og tradisjonell islamistisk utsmykking gav ei påminning om kor mykje vi har felles, på tvers av landegrenser.

Eg hadde samtidig søkt norsk statsborgarskap, som eg seinare fekk. Det ville eg gjerne feire med å laga min eigen bunad. Eg tenkte det var feil å «kapre» tradisjonen i sin heilskap. I staden ville eg ha min eigen versjon – med element frå både Sudan og Hallingdal, som så kjærleg opna kistene og tradisjonane sine for meg.

Ingunn Stræte Lie og Borgny Feten i Ål sa ja til å samarbeide, sjølv om Husfliden hadde sagt nei. Eg tok utgangspunkt i det eg likte frå både kvinne- og mannsbunaden i Hallingdal og Mahdi-stilen i Sudan. Eg hadde også lyst på eit jentepannelin, men der gjekk det ei grense for kva som kunne aksepterast av Borgny. Det syntest eg var lett å respektere. Eg kjem frå eit land med kolonihistorie og veit godt korleis det kjennest når nokon tek for seg av kulturen min for å setta han inn i nye samanhengar, utan å spørja om lov eller kreditere. Det eg ville, var jo å vise respekt og kjærleik for kvinnehandverket i Hallingdal. Difor gjekk eg i staden for ein tradisjonell sudansk turban. Skoa eg nyttar, er inspirert av både norske bunadsko og dei sudanske skinnskoa markoob, som er herresko med leopardmønster.

Uniform?

Eg opplever den norske bunaden litt som ei uniform, med avgrensa moglegheiter for å gi han personleg preg. Etter mi meining bør vera opp til oss sjølv å velja korleis vi presenterer oss, korleis vi definerer og ser oss som pent kledd. Bunadsreferansane er godt bevart på museum og i skåpa heime hjå folk flest. Eg skulle ynskje at noko så vakkert som denne kledetradisjonen kan få rom for større personleggjering og slik følgje utviklinga i samfunnet og bli endå meir aktuell. Tenk om fleire kunne ha laga sin eigen bunad som reflekterer livet, historia og kreativiteten deira? Kunne ikkje det gjera gleda over å kle seg i bunad endå større? 

Bunaden min er ei slags feiring av livet eg har levd. Eg vel det eg synest er pent og som passar meg. Eg vil vise både det sudanske og det norske, lausrive frå tankane om korleis ein skal vera som mann eller kvinne. Eg vil ikkje la meg diktere med tanke på korleis eg skal vise meg fram.

Bunaden er laga av Borgny Feten (broderi), Aleksander Sahr (saum) og Ahmed Umar (design).

--

Publisert 22.6.2022

  • Nærbilete av bunaden - av broderi frå Hallingdal
    1/4
    Foto: Jørn Ranum
  • Norske bunadssokkar og sudanske sko
    2/4
    Foto: Jørn Ranum
  • Ahmed Umars bunad fotografert i monter på Valdres Folkemuseum
    3/4
    Foto: Jørn Ranum
  • Ahmed Umar tar på seg hodeplagg til bunaden
    4/4
    Foto: Signe Fuglesteg Luksengard
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1