Hopp til hovudinnhald

Nasjonalisme i Noreg - utstillingstekstane

Fargerike fellesskap – kvitt raseri

Kva er norsk nasjonalisme? Noko som inviterer inn, eller noko som stenger ute? Denne utstillinga viser korleis ideane om Noreg har kome til uttrykk frå 1945 og fram til i dag, frå 17. mai-feiring og barnetog til protestmarsj og høgreekstremisme. Kva er ein nasjon for deg? Kva skal Noreg vera i framtida?

Nasjonalisme forstått på to måtar

Éi forståing av det nasjonale er at det gjeld kultur og slektskap. Du er norsk om du har norsk som morsmål og er av norsk slekt. Dette blir kalla etnisk nasjonalisme.

Den andre forståinga er knytt til statsborgarskap. Du er norsk uansett hudfarge, religion og bakgrunn, berre du er norsk statsborgar. Dette blir kalla statsrettsleg nasjonalisme.

1      Nasjonale manifestasjonar 1945–2018

Etter frigjeringa 8. mai 1945 strøymde folk ut i gatene med norske flagg. Det frie Noreg stod fram som eit fargerikt «Norge i rødt, hvitt og blått».

Det var likevel ikkje alle som deltok i feiringa. Medlemmar av partiet Nasjonal Samling var erklærte kollektivt skuldige i landssvik, og vart arresterte, til liks med torturistar, angivarar og andre som på ulikt vis hadde tent makthavarane. Det var òg tilfelle av sjølvjustis, til dømes skamklipping av kvinner som var skulda for å ha vore med tyskarar.

Etter nokre år var 17. mai-feiringa open for alle, og ei fargerik, inkluderande 17. mai-feiring med barnetog, flagg og bunadar har stått fram som den fremste manifestasjonen av det nasjonalt norske.

2     Gode og dårlege nordmenn

Med andre verdskrigen oppstod nye skiljelinjer i Noreg. Vala ein tok under okkupasjonen, avgjorde om ein fall innanfor eller utanfor det nye norske fellesskapet.

Motstandskampen under okkupasjonen skapte eit sterkt norsk sjølvbilete som forma oss som samfunn i etterkrigstida. Biletet gav ei førestilling om at nesten alle nordmenn hadde kjempa for sjølvstendet og demokratiet og gjort motstand mot nazismen og den tyske okkupasjonsmakta. Denne majoriteten vart eit døme på gode nordmenn.

På den andre sida stod medlemmane av Nasjonal Samling som hadde støtta den tyske okkupasjonsmakta og nazifiseringa. Med rettsoppgjeret etter krigen vart den norske nazismen som rørsle, ideologi og okkupasjonsregime domfelt. NS-medlemmane var landssvikarar og støytte ut av det nasjonale fellesskapet.

Skiljet mellom gode og dårlege nordmenn vart eit særkjenne ved identitetsdanninga i det norske etterkrigssamfunnet og den store forteljinga om nasjonen Noreg.

3     Folk og Land

Landssvikdømte vart stengde ute frå etablerte debattkanalar. Dei gav difor ut bøker på eigne forlag, starta eiga avis og organiserte seg i eit eige forbund.

Krigens taparar oppfatta gjerne rettsoppgjeret som sigerherrane si forfølging av tidlegare politiske motstandarar, eit oppgjer tufta på sviktande juridisk grunnlag og historieforfalsking. For desse meiningsfellane vart avisa Folk og Land eit organ for samhald og offentleg protest.

Folk og Land nytta spalteplassen til saker dei meinte vart fordreia eller tagde i hel i offentlegheita. Avisa retta kritikk mot sigerherrane sine handlingar under krigen og straffeforfølginga av dei landssvikdømte. Målet deira var å reinvaske dei tidlegare NS-medlemmane og motiva deira under krigen. Førestillinga om eit patriotisk NS, som hadde handla til beste for Noreg i ei kritisk tid, var dominerande.

Avisa forsøkte òg å legitimere NS-ideologien. Dette kom til uttrykk i kritikken av sigerherrane sin «nye verdsorden» og det norske etterkrigssamfunnet. Dei arbeidde ei tid aktivt for å knyte til seg politiske arvtakarar hjå ein yngre generasjon, og redaksjonslokala vart fødestove for den norske nynazismen.

4     Den grenselause nasjonalismen

Fascismen leid eit totalt nederlag med andre verdskrigen. Nokre fascistar nekta likevel å gi opp kampen. Arvtakarane deira samarbeider i dag på tvers av landegrenser og kontinent.

I 1945 vart fascismen knust av Sovjetunionen i aust og USA og dei allierte i vest. Brotsverka som vart avdekte under krigsoppgjera som følgde, førte fascismen i vanry for «all tid». Ein ideologi og eit livssyn mange menneske hadde trudd på, vart etterkrigstidas bilete på menneskeleg vondskap.

I Vest-Europa vaks det fram robuste demokrati og sterke økonomiar. Dei kommunistiske diktatura i Aust-Europa utelukka all reell politisk opposisjon. Grobotnen for fascistiske masserørsler i dei europiske landa forsvann. Nyfascistiske miljø har vore små og marginaliserte, og dei har måtta finne samarbeidspartnarar utanfor eigne landegrenser. Rørslene har kjempa mot den inkluderande, demokratiske nasjonalstaten og for eit samla fascistisk Europa, berre for etniske europearar.

I dag blir den inkluderande nasjonstenkinga utfordra. Høgrepopulismen er på frammarsj, og i USA, Polen og Ungarn sit desse kreftane med makta. Dei motset seg overnasjonalt samarbeid og integrasjon. Den nye nasjonalismen er i ferd med å bli eit internasjonalt fenomen.

5 Kulturkamp

Nasjonal Samling henta mykje av symbolbruken sin frå norrøn tid. Det gjorde også mållaga og dei frilynte ungdomslaga. Det ligg difor nær å tenkje seg ein ideologisk slektskap, og det er rett nok «völkische» element i dei frilynte rørslene og den norske nasjonalismen generelt. Skuldingar om samband mellom dei norske kulturrørslene og nazistane har likevel vore urette. Tilbod om samarbeid frå dei nazistiske makthavarane vart stort sett avviste.

Då Noregs Mållag i 1942 vart lagt inn under NS, la styret samrøystes ned arbeidet. Overtakinga av Noregs Ungdomslag førte til massiv utmelding.

Quisling-regjeringa tilsette spelemannen Olav Evju i Kulturdepartementet frå 1942 til 1945. Han fekk ikkje spelemennene til å stille opp, verken til NS-arrangement eller i folkemusikkorganisasjonen han fekk i oppdrag å stifte.

Avstanden mellom førarprinsippet i NS og den demokratiske grunnhaldninga i norskdomsrørsla var for stor.

6     Bunad og hijab

I 2016 la Sahfana M. Ali ut eit bilete av seg sjølv i rogalandsbunad og brodert hijab. Både Ali og bunadprodusenten fekk truslar og hatmeldingar, men òg noko støtte.

Bunaden vart etablert som nasjonalt symbol i tiåra før unionsoppløysinga i 1905. Etter 1945 har bunaden vore mykje brukt, særleg i feiringa av det frie og sjølvstendige Noreg. I ein slik samanheng er bunaden forstått som ein nasjonal markør, ikkje ein religiøs.

Etter kvart som innvandrarane og etterkomarane deira har vorte integrerte, har også dei teke i bruk den norske nasjonaldrakta. Dei seinare åra har det vore diskutert om innvandrarane sine religiøse hovudplagg kan brukast saman med bunaden. Mange hevdar at dette ikkje høver seg. Andre har argumentert med at dei religiøse hovudplagga, som bunaden, er viktige for identiteten til kvar einskild og må kunne brukast saman med han.

7     «Made in China»

Bunaden står ved eit vegskilje, ikkje berre i spørsmålet om religiøsitet og hovudplagg, men òg om opphavsrettar og produksjon i utlandet.

Etterspørselen etter bunad er stor, men i Noreg er det fåe som syr og som gjer bunadproduksjon til leveveg. Dette heng saman med låg fortenest, manglande utdanningsløp og generelt dårleg rekruttering til handverket.

Konsekvensane er utflagging til lågkostland. Produsentane tener gode pengar – og dei gir arbeid til fattige menn og kvinner. På andre sida har Noreg plikt til å sørgje for at særskilde handverk blir sikra livsvilkår også her heime. Plikta kviler i UNESCOs konvensjon om immateriell kulturarv, som Noreg ratifiserte i 2007.

Utanlandsprodusentane argumenterer for at bunaden er allemannseige, og at kven som helst kan produsere han. Om dette er det usemje. Bunadane er som oftast utforma eller rekonstruerte på grunnlag av eldre drakter. Enkelte er beskytta av åndsverklova, men det gjeld ikkje på langt nær alle.

8     Folkemusikk

I åra før OL på Lillehammer i 1994 blomstra den norske nasjonalismen opp att. I musikk og design skulle vi bli betre kjende med gamle, norske kulturtradisjonar. Ti år seinare kasta ein vrak på den nasjonale innpakninga.

På 2000-talet kom ei vending bort frå det nasjonale, og i 2003 grunngav staten sitt ansvar for folkemusikken ut frå ein ideologi om mangfald. Her fekk norsk folkekultur ingen særskilde rettar, men vart omfatta av det internasjonale samfunnet si plikt til å verne truga kulturtradisjonar.

Då folkemusikkmiljøet i 2009 fann saman i den nye organisasjonen FolkOrg, vart det vedteke ein formålsparagraf utan etnisk avgrensing. Formuleringa «norsk folkemusikk» vart erstatta av «folkemusikk i Noreg».

Mange folkemusikkutøvarar har ynskt seg vekk frå den nasjonale innpakninga. Idealiseringa av det reine og ublanda sit likevel djupt i norsk folkemusikalsk ideologi, og for «folk flest» er folkemusikken framleis knytt til nasjonalromantikk og ideen om noko «typisk norsk».

9     For flagget

Dei moderne olympiske leikane skulle vera ein kappestrid utøvarar imellom, men fekk snart eit nasjonalt preg. Dette kom til å fremja ein statsborgarleg nasjonalisme, utan at dette var diskutert eller vedteke. Det berre vart slik.

Då den internasjonale olympiske komiteen (IOC) arrangerte sine fyrste olympiske leikar i Aten i 1896, var det ikkje noka vektlegging av nasjonale symbol. Dette kom fyrst ti år etterpå. Då leikane vart tekne opp att etter andre verdskrigen, var det med ei sterk nasjonal markering: opning med nasjonsvis innmarsj, og medaljeutdeling med nasjonalflagg og nasjonalhymne. Pressa har dessutan lagt vekt på ein uoffisiell statistikk over beste nasjon.

Avery Brundage, president i IOC frå 1952, ville endre dette, og i opningstalen til IOC-kongressen i 1960 sa han: «En viss grad av nasjonal stolthet innen sporten er utvilsomt rettmessig, men det har i den senere tid vært så meget bråk (…) at jeg vil foreslå (…) å eliminere bruken av flagg og hymner. (…) Deltakerne i olympiske leker bør ganske enkelt komme som sportsfolk og ikke som representanter for et land.»

«– Det gikk en summen gjennom forsamlingen etter denne uttalelsen», skreiv Aftenposten dagen etter. Brundage fekk ikkje nødvendig fleirtal, og i dag synest det nasjonale fokuset å vera etablert.

Flagg, hymne og statistikk følgjer statsborgarskap, ikkje etnisitet. Slik har idretten i praksis styrkt framveksten av ein statsborgarleg nasjonalisme.

10   Rasisme

Blanda med rasisme har nasjonalismen vist sine verste sider, særleg i det tyske naziregimet. Likevel levde rasismen vidare også etter krigsoppgjeret.

Mange synest å tru at oppgjeret med nazismen etter krigen også var eit oppgjer med rasismen, men det var ikkje tilfelle. Eit ekspertpanel nedsett av UNESCO gav rett nok i 1950 ut ein rapport som sa at ideen om menneskerasar var ein myte, men både raselover og oppfatningar var i store trekk som før.

Ein skulle tru at antisemittismen i Noreg vart nedkjempa etter erfaringane frå Holocaust. Slik var det nok også, men ei undersøking frå Holocaustsenteret i 2017 viste at 8,3 % av befolkninga framleis hadde fordommar mot jødar.

Kampen mot raselovene i USA på 1960-talet gjorde inntrykk også her til lands, og det vart etter kvart ei brei oppfatning at rasisme var noko negativt. I 2006 vart ordet «rase» teke ut av offentleg norsk språk.

11   Fornorsking      

Fornorskinga av samar og kvenar og tvangssteriliseringa av reisande er dei store mørkesidene i norsk historie. Båe delar heldt fram lenge etter krigen. Ein granskingskommisjon skal no sjå nærare på det som skjedde.

Det ligg innebygd i nasjonalismen at politiske og kulturelle grenser skal vera dei same. Dette fører gjerne til undertrykking av minoritetar. I Noreg har dette særleg gått ut over samar, kvenar og reisande.

Dei fyrste vedtaka om fornorsking av samar og kvenar kom på 1850-talet. Etter kvart vart politikken meir og meir rasistisk. Forbodet mot bruk av samisk i skulen stod fast gjennom heile 1950-talet, og fyrst i 1969 vart samisk godkjent som undervisningsspråk. På 1980-talet kom ei eiga samelov og etableringa av eit sameting. Under opninga av Sametinget i 1989 bad kong Olav om orsaking for dei overgrepa den samiske folkegruppa hadde vore utsett for. I 2017 sette Stortinget ned ein granskingskommisjon som skal sjå på fornorskinga av samar og kvenar.

Dei reisande (taterar, sigøynarar/rom) fekk ikkje berre språket og kulturen sin undertrykt, dei vart også særskilt utsette for det truleg verste overgrepet den norske staten har gjort seg skuldig i: tvangssterilisering. Vedtak om dette vart gjort av Stortinget mot ei einsleg stemme i 1934, og stod ved lag heilt til 1967. Det er dokumentert at i alle fall 125 kvinner av taterslekt vart steriliserte i denne perioden.

12   Fargerikt fellesskap?

På 1980-talet syntest både rasismen og nasjonalismen å vera på vikande front, og ein ideologi om mangfald var på veg inn, med karneval i gatene og slagordet «fargerikt fellesskap».

På same tid var motstanden mot innvandring i vekst, og «det fargerike fellesskapet» vart utfordra av blant andre Arne Myrdal og Folkebevegelsen mot innvandring. Verda var i rask endring. I 1989 fall Berlinmuren, og det gjekk ikkje lenge før Sovjetunionen og Jugoslavia gjekk i oppløysing. Nasjonalismen reiste seg att i Europa, med krig og etnisk reinsing.

Media har dei siste åra gitt mykje merksemd til den nye høgreradikalismen. Vinteren 2016/2017 presenterte VG ein serie med tittelen «Det kvite raseriet». Mangfaldsideologien har alltid vekt harme i enkelte miljø. Er desse høgreradikale gruppene no på veg inn i sentrum av politikken?

13   I raudt, kvitt og blått

Det norske flagget blir brukt på mange måtar, av landslagsutøvarar og som protestsymbol mot terror, blant anna. I dag er flaggbruken ei markering av statsborgarskap, ikkje etnisitet.

22. juli 2011 kom den verste terrorhandlinga i Noreg etter krigen. På Facebook reagerte folk spontant med å laste opp norske flagg på profilbileta sine. Mange trudde terroristen kom utanfrå, men det vart snart kjent at terroristen var ein etnisk nordmann, som hevda at ugjerninga var ein patriotisk redningsaksjon.

Likevel held folk fram med å bruke det norske flagget. I denne samanhengen vart ikkje flagget symbol for noko etnisk norsk, men for den moderne norske nasjonalstaten som terroristen ville til livs.

Mange innvandrarar deltek i 17. mai-feiringa. Undersøkingar viser at både innvandrarar og etniske minoritetar kjenner seg meir inkluderte i det norske fellesskapet på Noregs nasjonaldag enn andre dagar i året.

14   Norske verdiar

I ei julehelsing på Facebook i 2016 inviterte kulturminister Linda Hofstad Helleland til debatt om norske verdiar. Desse var under press, meinte ho. Utspelet førte til ein debatt som òg stod sentralt i valkampen i 2017.

Vesle julaftan 2016 skreiv kulturministeren på Facebook-sida si: «Vær stolt av det norske! Kvikk Lunsj og brunost. Dugnad og grøt. Generasjoner har skapt det typisk norske. Vi vil bevare det norske. [...] Vi må tro på våre verdier. Være stolte av de. Og med selvtillit vise frem den norske kulturarven som generasjoner før oss har bygd opp. God jul!»

Julehelsinga frå statsråden var redusert til ei forsvarstale for det norske. Utspelet stod i kontrast til mangfaldspolitikken Bondevik-regjeringa manifesterte gjennom Kulturmeldinga i 2002 og Mangfaldsmeldinga i 2003. Her grunngav staten sitt ansvar for den norske kulturen ut frå ein tanke om mangfald. Helleland sitt utspel peikte i ei anna retning og mot eit ekskluderande, nasjonalkonservativt kultursyn.

15   Kor går grensa?

Flyktningbølgja og dei nye høgrepopulistane fyller nyheitsbiletet. Debatten om grenser tek meir plass. Dei etablerte politiske partia opplever svekt tillit.

Dei siste tiåra har dei vestlege landa opplevd auka innvandring. Høgrepopulistane fremjar krav om stengde grenser og at velferdsordningar skal gjelde berre for majoritetsbefolkninga.

For «det nye høgre» er innvandringa ein trussel mot den opphavlege kulturen. Dei meiner vi står i ein sivilisasjonskonflikt mellom den kristne og muslimske verda. I møte med denne trusselen blir dei etablerte partia framstilte som blinde, naive eller som forrædarar.

Diskusjonane om grensene for fellesskapet er flytte til sentrum av samfunnsdebatten. Flytt er kanskje òg grensesteinane for kva ein kan ytre i offentlegheita, og spelereglane i politikken.

16   Kongens tale

I 2016 markerte kong Harald og dronning Sonja 25 år som kongepar. Under eit arrangement i slottsparken heldt kongen ei tale som vart lagd merke til langt utanfor landegrensene.

«Nordmenn er jenter som er glade i jenter, gutter som er glade i gutter, og jenter og gutter som er glade i hverandre. Nordmenn tror på Gud, Allah og Ingenting. Det er ikke alltid så lett å si hvor vi er fra, hvilken nasjonalitet vi tilhører. Det vi kaller hjem, er der hjertet vårt er, og det kan ikke alltid plasseres innenfor landegrenser.»

Avisa The Independent omtala ho som ei «kjensleladd tale som vektlegg rettane til flyktningane og dei homofile». Andre att var kritiske og meinte kongen teikna eit draumeaktig bilete av landet.

Seinare på året uttala kongen seg på nytt om det fleirkulturelle i møte med det norske, og sa at «vi skal holde fast ved det som er norsk. Vi behøver ikke slippe det, selv om vi får impulser utenfra. Innvandrere er tryggere med å møte en kultur som er til å kjenne igjen som konsekvent».

17 Ahmed Umars bunad

– Bunaden min er ei slags feiring av livet eg har levd. Han har element frå både Sudan og Hallingdal, som så kjærleg opna kistene og tradisjonane sine for meg. Eg vel det eg synest er pent, og som passar meg. Eg vil vise både det sudanske og det norske, lausrive frå tankane om korleis ein skal vera som mann eller kvinne. Eg vil ikkje la meg diktere med tanke på korleis eg skal vise meg fram.

Kunstnaren Ahmed Umar (f. 1988) kom til Noreg frå Sudan som politisk flyktning i 2008. Han har ein master frå Kunsthøgskolen i Oslo. Bunaden er laga av Borgny Feten (broderi), Aleksander Sahr (saum) og Ahmed Umar (design).

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1