Hopp til hovedinnhold

Rotasjon: folkekunst

Om "Rotasjon"

"Rotasjon" er designa av arkitektkontoret Snøhetta, og støtta av Kulturdepartementet, Innlandet fylkeskommune, Norsk kulturråd, Stiftelsen Fritt Ord, Stiftelsen UNI og Stiftelsen Aunebu kunstsenter. "Rotasjon" rommar også ei kommentarutstilling om nasjonalisme og ei utstilling av drakter og gjenstandar frå Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Opning er i april 2021. Les meir her:

    Tekstar frå utstillinga

    Rotasjon

    Stødig styrer handa kniven, lett dansar kosten i runde rørsler. Kister, krus og klede. I tusen år har dyktige handverkarar skapt rikdom og pryd for kjærleik og helse. Kvart eit sting, kvar ei rose – eit kjærteikn, eit kyss – til ein kjærast, ein ven. Tek du vare på kjærasten din?

    Handverkaren er lekk i ei kjede – av menn og kvinner som har vove, skore og smidd. Alle står dei i ein intim og heimleg tradisjon. For meisteren viser veg, og eleven apar etter. Før søkte vi kunnskapen i bygda som vi kalla heime. I dag finn vi inspirasjon kor som helst. Kva er heime for deg? Kor finn du din tradisjon?

    Rosene i utstillinga er skapte her. Dei liknar ikkje rosene i andre dalføre. Gjennom generasjonar har målarane funne si eiga form. Men impulsane kjem til oss frå alle stader. Skapte langt unna, under andre breiddegradar. I dei lokale tradisjonane møter vi dei fjerne impulsane.

    «Rotasjon» er historia om ein gamal kultur – som i spennet mellom det nære og det fjerne rommar tradisjon og nyskaping. Midt i omdreiinga står bygdekunstnaren, som tek vare på gullet, og som audmjukt fører det vidare.

    Blommar og håp

    I mellomalderen vart det laga vakkert inventar til kyrkjene. Noko kom utanfrå, andre ting vart skorne av lokale handverkarar – alt i utsøkte teknikkar, med religiøse symbol og bibelske motiv.​

    For mange var kvardagen ein kamp for å overleva. Men blomar gav håp. Benken frå Åbol stavkyrkje har liljer på vangane. Blomen symboliserer jomfru Maria og var eit mykje nytta dekorelement på 1200-talet. Det vesle skrinet – frå same tid – viser ein mann og eit dyr i kamp. Er dette Bibel-legenda om Samson, han som drap løva?

    Skulpturen kjenner vi som Madonnaa frå Lomen, men er det sikkert at dette er kvinna Maria? Håret bølgjar mjukt, og personen ber ei fyrstekrone. Kan det vera Kristus?

    Repetisjon

    Gamle symbol lever lenge – side om side med dei bibelske forteljingane. Hesten, sola og korset gir styrke, og vi finn dei på mykje av det som blir skapt. Stolpekista frå Nørre Berge i Vestre Slidre er frå 1200-talet, og vi finn framleis slike i heimar i nørre Valdres. Kista har ringmønster skore med jern. Stolpane har flettemønster, tre sirklar i kvar sekvens. Bak står med runeskrift: Reidulv gjorde for deg ark.

    Mangletreet og hengeskåpet har sirklar i karveskurd. Teppet i åklesmett har sikksakk-bordar og firkantar og er vove med lin i renning og ull i innslaget.

    Kannestolen har enkle rankemotiv og markerte profilliner i listverket. Skåpet er frå 1600-talet og har vore brukt til å oppbevare kanner og drikkekar.

    Sylvkruset frå Vang har nydelege ranker og var ei gåve til Karen Iversdatter Leganger (1668–1702) og Ludvig Christophersen Munthe (1657–1708) då dei gifta seg i 1686. Kruset er laga av Johannes Reimers (1644–1722) i Bergen.

    Blomar, berre blomar

    Bibelmotiv og gamle symbol møter nye tradisjonar i austleg og europeisk målarkunst. Hesten, solhjulet og livstreet slår fylgje med blomar, fuglar og dyr frå andre land. I perioden 1750–1800 startar blømingstida for folkekunsten. Og blomar skulle det bli.

    Peder Aadnes (1739–1792) frå Søndre Land introduserte den europeiske kunsten på bygdene.

    I kyrkjer og heimar måla han alt det nye, og han bana veg for det som vi i dag kallar rosemåling. Skåpet frå Etnedal er måla av Aadnes, medan kista truleg er måla av ein som gjekk i lære. «Den ukjende» er han kalla – og han kan vera lekken mellom Aadnes og Valdres. Kista er i privat eige.

    Krokbragdteppet er vove med bomulls renning og ull i innslaget – grønt, raudt og rosa. Ein svarva bolle med roser i blått med denne innskrifta: «Ber mig til den rette tønde lad godt øll i mig rinde. Anno 1736.»

    Kiste for reise

    Valdres ligg langs ei gamal handelsrute mot byar i aust og byar i vest. I fleire tusen år har folket her stått i spenning mellom det heimlege og impulsane langt ifrå. Bondehandelen var viktig for folk i Valdres, og reisene vart mange til Lærdal, Drammen og Oslo.

    Salt, sild og korn i byte med skinn og smør og overskotsvarer. Hestevogn, omlasting, vassveg og båt. Vegane var tunge, men best fór ein vinterstid på fjordar og elvar. Bønder frå Valdres, handelskarar frå byen – og skreppekremmarar som alltid var på reise. Knappenåler og tråd. Eit silkeplagg og ei fele. Sjeldne varer fann vegen til Valdres. Dei som reiste på handel, trong sikre ferdaskrin. Vakre var dei òg, med utskjering, beslag og ranker i alle fargar.

    Til fjells, til fjells

    Dei tok seg fram på vegar, til skogs, over fjell og vatn. På ski, på hest, i båt og til fots. I mellomalderen bygde dei herberge og kyrkje for reisande over fjellet. Skysstasjonen Nystøga på Filefjell er nemnd fyrste gong i kjeldene i 1627.

    Med kongevegen mellom aust og vest auka trafikken med reisande embetsmenn, kunstnarar og skreppekarar. Seinare kom turistane, komponistane og fotografane.

    Fjellet var rikt på ressursar. Jakt og fiske gav mat til svoltne ungemagar og kjøpevillige byfolk. Geværet i blått har tilhøyrt Martinius Haugen (1822–1885) frå Volbu. Han skal ha skote seks bjørnar og 30 elgar. To av skia kjem frå Vang og høyrer til den samiske kulturen i Valdres.

    Ein storkar i bjørnepels, og ein køyregut på meiane med trøye, brok, fetsko, puttisar, bellingar, vottar og lue. Hesten ber sal og eit dekken i hundeskinn. Bogtre og høvre har ranker og fabeldyr. Dei visste å gjera seg flid med detaljane før.

    Ola Hermundsson Berge (1768–1825) frå Reinli sette varige spor – i kyrkjer, heimar og nye generasjonar av målarar. Utanom det han måla i kyrkjene, veit vi om minst 150 andre arbeid. Berge gjekk truleg aldri i lære hjå Aadnes. Mykje tyder likevel på at han har vore inspirert av han, og at han tilpassa Aadnes sin målarstil til det som kom til å bli kjent som rosemåling i Valdres.

    Berge blanda stilar og skapte noko nytt. Meir enn akantusranka, som breidde om seg i dei andre dalstroka, sette Berge blomane i sentrum for målinga. På ein leiken og nyskapande måte blanda han lette, elegante og fleirfarga valdresblomar med kineseri frå framande austlege landskap.

    Skåp etter Aslak Olson Lie

    I tronge tider tvinga den kreative handverkaren seg fram. Den som ville overleva, måtte forme og skapa. Treskjeraren og møbelsnikkaren Aslak Olsson Lie (1798–1886) frå Liagrende i Aurdal er eit godt døme på den allsidige mangesyslaren.

    Aslak var evnerik og begynte truleg med treskjering som ung. Lie tenestegjorde som korporal frå 1819 og kom seg tidleg ut. Truleg fekk han opplæring i treskjering i Kristiania.

    Lie stod i ein lokal tradisjon, men tidspila peika alltid framover. I arbeida til Lie møter vi såleis kreative kombinasjonar av eldre former – rokokko – og yngre stilar som Louis-seize og empire. Til dømes er fyllingane ofte utforma som stramme rombar med sirleg, reinskoren dekor.

    Nerli skatollet vart laga i 1831 og er omtala som ei lærebok i treskjering og ornamentikk. Skåpet framstår som eit religiøst arbeid med motiv vi kjenner frå bibelhistoria: krone, urne og palmeblad, Maria, Josef og Jesusbarnet. Underdelen har rombar og halvsøyler med krone og base, og religiøse illustrasjonar innvendig.

    Overskåpet har ei klarare rokokkoform med kraftige c-former og ein bord av akantusblad langs overkanten av den øvste forma. Dei vertikale rombane er fylte med akantusskurd i form av ein rosett med bladverk rundt og småe rosettar i hjørna. Innvendig er det illustrasjonar frå eit tysk blad, av ulike handverk. Skåpet er i privat eige.

    I 1848 utvandra Lie og familien til Amerika. Produksjonen hans der borte kan ein sjå som eit resultat av amerikanisering – og vidareføring av norske tradisjonar. Materiala var nye, og dekorelement frå europeisk og amerikansk møbeltradisjon fekk plass. Møbel til nye bruksområde påverka òg produksjonen hans, men framleis kan vi skimte dei eldre formene – og ei slags amerikanisert rosemåling.

    Rokokko i sør, renessanse i nord

    På 1700-talet fall kvinnene i Sør-Valdres for dei moterette blomane. Skøyteliv, trøyer og luer kom i silke, sateng, kalemank og stormønstra ull-lerret. Verda hadde nådd ein europeisk utpost i nord. Frå venstre klede etter Olaug Storruste Holte (1764–1861), fødd på Storruste i Hedalen, gift til Holte i Nes i Ådalen. Ho ber liv i raud og kvit kalemank, trøye i trykt kattun, lue i brosjert silke og stakk i moirébehandla barkan med trykt mønster.

    Empire-moten fyrst på 1800-talet kom òg til å påverke draktutviklinga i Valdres. På bygdene i sør fekk kvinnene «sjarteliv» med høg midjeplassering. I Slidre-bygdene og Vang heldt dei seg til fortida, men den nye moten påverka draktutviklinga også her. Dei gamle renessansetrekka vart til ein viss grad førte vidare, men midja vart høgare, og ryggen smalna. I 1820–1840-åra utvikla draktskikken seg i Slidre-bygdene med «sjarteliv» og luer, lik draktskikken i sør.

    Tida stod ikkje stille. «Rukketrøyer» og «sjarteliv» måtte vike for kjolen. Kvinnene i sør tok i bruk ermekjolar, medan kvinnene i nord forsøkte så godt dei kunne med noko mindre mote-prega livkjolar. Dei fleste gjekk i heimeverka ruter. Kjeldene fortel om populære kjolar. På ein auksjon i Etnedal i 1826 etter husmannsjenta Jartrud Sjugurdsdotter Lundeeige vart det listeført seks kjolar «i hvid blommet Bomuld, sort silke Madrats, brun bombaseng, Rød Rudet Wærken, en grøn Randet ditto, og en nye grøn Randet ditto».

    Ikkje alle var begeistra for alt det nye. Dommarfullmektig Søegaard budde i Aurdal i åra 1843–1855. I boka Fjeldbygderne frå 1867 skriv han dette om den nye kledemoten:

    «Det er ikke behageligt at se den ene nationale Dragt efter den anden at forsvinde, men skulde det forholde sig saaledes, som jeg antager, at man ogsaa deri maa se en yttring af Frihedsfølelsen og Folkets Stræben mod Lighed, faaer det gaa paa et Vis; ialfald nytter det ikke at arbeide derimot. – Bondens gamle husskikke gaa snart den samme Vei som Dragten, efterhaanden som Luxus og Stormandsliv trænger ind mellem Fjeldene.»

    Søte-Guro og Blilistuten

    Felemakartradisjonane er sterke og levande i Valdres. Mange hardingfeler vart bygde her, men dei kom òg til Valdres frå tradisjonssterke område som Hardanger og Telemark. Røynisfela er laga av Trond Isaksson Flatabø (1713–1772) frå Botnen i Hardanger. Rundt 1870 vart fela med til Amerika. I 1997 kom ho attende til Noreg.

    Røynisfela høyrer til den eldre feletradisjonen og står til venstre i monterskåpet. Det same gjer Blilistuten, som vart laga i 1830 av Ola Bendiksson Rudi (1799–1880). Vidare ser vi Søte-Guro, laga i 1836 av Nils Tøsteinsson Belgji (1818–1902), ei fele laga i 1832 av far til Nils, Tøstein Nilsson Belgji (1781–1851), og ei fele som truleg er laga av Tøstein, og som har tilhøyrt spelemannen Iver Guttormsson (fødd ikring 1800). Tøstein og Nils er òg kjende under namna Øygarden, Gøe og Røe. Den siste av dei eldste felene er ei fele som vart brukt i det blodige bryllaupet på Dale i Vestringsbygde i 1823.

    Fystrofela høyrer til den nyare hardingfeletypen. Spelemannen Ola Olsson Fystro (1868–1946) åtte denne fela, som er laga av Eilev Jonsson Steintjønndalen (1821–1876) frå Telemark ein gong i 1850–1870-åra. Den neste fela er laga av Gunnar Olavsson Helland (1852–1938) og har tilhøyrt spelemannen Ivar Rengjistad (1870–1953) i Vestre Slidre. Den vesle fela til høgre laga Torgeir Trøen (1901–1973) til sonen Knut Trøen (1932–2017).

    To av skrina ber signaturane Ola Tollevsen 1847 og Ole Arnessen Helle 1874. Det siste skrinet har tilhøyrt spelemannen Iver Guttormsson (fødd cirka 1800) frå Vestre Slidre. Foto av Knut O. Melby «Hellebør-Knut» (1823–1904) og kona Barbo O. Berge (1831–1910) frå Øystre Slidre. Knut var skreddar og spelemann og eigar av Blilistuten. Fela var i slekta fram til 1967.

    Det vart vove i kvar ein heim

    Arbeide gjorde kvinnene, året rundt, med matstell, krøterstell, ungestell og vask, slått og slakt – tidleg og seint. Klede skulle dei ha òg.

    «So bar det i gang med kara, spinne og få til alle slag garn. I dei lange vinterkveldane dura rokken i alle heimar, men det var mest um vårane dei vov. I kvar ein heim vart det då vanleg vove ein skjortevev, ein vadmålsvev og ein stakksvev. Men attåt desse årvisse vevar, vov dei åklevevar, kvitilvevar, teppevevar, dreielsvevar, blåtøyvevar og kva dei no vart kalla alle.»

    Gjartrud Andersdotter Strand (1873–1949), Vang, i Ættararv. Gamal Valdres-kultur IV. 1950.

    Rudi

    Musikk fyller alle kjenslerom – tidlaust, stadlaust, klasselaust. På Røsshaugen i Skammestein var det ei drivkraft å skapa instrument, og å få strengar til å klinge på vakkert handverk. Øystein Ø. (1839–1923) vaks opp med mykje folkemusikk i grenda, og han var makar i ei brytningstid med ulike syn på tonalitet. Skulle ein ta vare på eit eldre tonebilete, eller skulle ein ta inn over seg den nye tida? Øystein valde det siste. Han laga langeleikar med lyd som fylte store rom, og han nota leikane med den moderne skalaen. Etterspurnaden var stor. Det er sagt at han laga 300.

    Sonen Knut Ø. (1878–1972) var òg gripen av den nye tida med tanke på musikk, instrument og tonalitet. Han la i veg til Kristiania, Tyskland og Austerrike for å hente kunnskap og erfaring heim. Folkemusikken låg i hjarta hans. Knut var ein spelemann, felemakar og forretningsmann. Jakt og fiske var òg ein lidenskap, og «Valdresfjøla» – oterfjølproduksjonen – var ein av bere-bjelkane for å få musikk- og instrumentverksemda til å gå rundt.

    Øystein K. (1907–1982), sonen til Knut, vart fødd inn i familiebedrifta på Heggenes. Han hadde same gode handelaget og tok meisterbrev som felemakar i Berlin. Firmanamnet var K. Ø. og Sønn. Dei laga strengar og langeleikar, og dei hadde fleire tilsette. Også brorsonen til Knut K., Knut Ø. (1913–1991), laga langeleikar for K. Ø. og Sønn, og han produserte instrumentdelar som andre sette saman. Det er teke vare på malar og restar frå produksjonen. Dei er utstilte her.

    Valdres i verda

    Langs Den bergenske kongevegen vaks samfunna fram, og i Aurdalsbyen samla dei seg, høg og låg. Velståande bønder og ei veksande kondisjonert klasse sette livet på bygda i kontrast til det moderne. Lensmann, fut, sorenskrivar og prest hadde skulegang og vanar frå Kristiania og København. Men i møte med det framande fekk valdrisane inspirasjon og impuls.

    Det moderne møtte òg motstand. I eit brev til kona Aminda 26. juli 1865 uttrykte komponist og folkemusikksamlar Ludvig Mathias Lindeman (1812–1887) bekymring over kva som var i ferd med å skje i Aurdal:

    «Hidtil har vi kun havet en Lystreise med prægtig Levemaade, men med daarlig Tonefangst, og det ser kleint ud i Valdres dermed. Man træffer nu valdriske Koner med Krinoliner, i den Grad er alt gaaet fremad, saa det er intet at undres over, at det gamle kastes væk. Nu reise vi til østre Slidre i Haab om Udbytte.»

    I byggeskikk, klede og musikk såg ein konturane av ein veksande urbanitet. Ei brur søkte òg inspirasjon i det moderne. Brudekjolen i skåpet er i tynn ecru-farga ull. Kjolelivet er trongt og går ned i ein spiss framme. Livet har oppståande krage og opning med 24 små trekte knappar. Skjørtet er foldelagt med kappe nedst. Baksida har vidde – og «stjert». Slepet er laust slik at kjolen kan brukast utan. Likskapen er stor med brudekjolane som Steen og Strøm sydde i 1884.

    Museum24:Portal - 2024.03.19
    Grunnstilsett-versjon: 1