Hopp til hovudinnhald

Lucie Kant og sørsamisk historie i Valdres

Lita utstilling på Valdres Folkemuseum

  • Prince Roland Bonaparte

Lucie Mortensdatter Kant (1857-1944)

Lucie Kant var sørsame, født i Rørosfjella i 1857. Der var forholda for reindriftssamane vanskelege. Reindriftssamane hadde tapt landområda sine til bøndene, og mange samar vart dømde til store bøter for å bruke dei tradisjonelle beiteområda. Mange måtte derfor skaffe seg levebrød andre stader.

I 1891 flytta Lucie og mannen Lars Jonasson Myrås til Smådalen i Vang. Her tok han arbeid som reingjetar for dei norske tamreinlaga i Vang, som trengte reindriftskompetanse. Lucie og Lars fekk åtte barn, men ingen av dei nådde vaksen alder. Tre av dei vart gravlagde i bygda. Ein gong mellom 1901 og 1904 vart Lars borte, og ingen veit kva som skjedde med han. Dei siste tretti åra av livet sitt budde Lucie på ulike gardar i Vang.

Reindrift i høgfjellet

Dei fyrste menneska som kom til Valdres, var truleg veidefolk som jakta på rein. Reinen følgde isen, og veidefolket flytte seg i takt med reinsflokkane. Høgt til fjells finst det mange gamle spor etter jakt og fangst på villrein. På Rensenn i Vestre Slidre finst to gammetufter etter ein tusen år gamal samisk buplass. Kanskje dreiv dei som budde der med villreinjakt. I dag er villreinen borte i Valdres, medan den norske  tamreindrifta har vore ei viktig næring i over 150 år – med god hjelp frå samiske reinsgjetarar. 

Gjenstandar

Snïjpe-tjohpe. Torger Robøle Hegge kjøpte og brukte denne sørsamiske lua på turen frå Nordland til Valdres då dei dreiv med seg ein reinsflokk kring 1910.

Boengeskuvmie. Sørsamisk brystklede frå garden Berge i Vang. Fleire av dei samiske reinsgjetarane hadde mykje kontakt med folk på garden.

Voessetje / bongke. Liten pose/pung, sydd av Lucie Kant. Privat eige.

Boengeskuvmie. Sørsamisk lite brystklede frå garden Steile i Vang. Det finst bilete av Lucie Kant på Storstølen til Steile. Valdres Folkemuseum.

Voedth. Lange, breie band (puttisar) som blir vikla omkring leggen i staden for gamasjar. Torger Robøle Hegge kjøpte og brukte desse på turen frå Nordland til Valdres då dei dreiv med seg ein reinsflokk kring 1910. Valdres Folkemuseum.

Goelkegaamege. Barnesko laga av reinsskinn.

Gïeres-soehpenje. Lasso med beinring laga av reinsgjetaren Gunnar Storeli (f. 1944) i Øystre Slidre. Han har arbeidd for norske tamreinlag i Valdres og Jotunheimen gjennom heile yrkeslivet.

Foto

Verdsutstillinga i Paris. Lucie Mortensdatter Kant, Lars Jonasson Myrås og sonen deira Jonas, då dei var på verdsutstillinga i Paris i 1889. Alle kledd i sørsamiske klede frå Røros-området. Foto: Roland Bonaparte, fargelagt av Per Ivar Somby/ rettighetshavar Sametinget.

På storstølen til Steile, Skakadalen i Vang. Lucie i mørke klede, kring 1920. Fotograf: Jonatan Aars.

Langs bygdevegen. Lucie på sine gamle dagar, då ho budde på ulike gardar i Vang. Ho gjekk i sørsamiske klede heile livet.

 

 

Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2