-
Lucie Kant og sonen Jonas. Roland Bonaparte/Per Ivar Somby/rettigheitshavar Sametinget
Lucie Mortensdatter Kant (1857-1944)
Lucie Kant var sørsame, født i Rørosfjella i 1857. Der var forholda for reindriftssamane vanskelege. Reindriftssamane hadde tapt landområda sine til bøndene, og mange samar vart dømde til store bøter for å bruke dei tradisjonelle beiteområda. Mange måtte derfor skaffe seg levebrød andre stader.
I 1891 flytta Lucie og mannen Lars Jonasson Myrås til Smådalen i Vang. Her tok han arbeid som reingjetar for dei norske tamreinlaga i Vang, som trengte reindriftskompetanse. Lucie og Lars fekk åtte barn, men ingen av dei nådde vaksen alder. Tre av dei vart gravlagde i bygda. Ein gong mellom 1901 og 1904 vart Lars borte, og ingen veit kva som skjedde med han. Dei siste tretti åra av livet sitt budde Lucie på ulike gardar i Vang.
Gjenstandar i utstillinga
Snïjpe-tjohpe. Torger Robøle Hegge bought and wore this South Sami hat on a journey from Nordland to Valdres, where they bougth and herded their reindeer herd around 1910.
Boengeskuvmie. South Sami breast panel from Berge farm in Vang. Several of the Sami reindeer herders were in close contact with the people on the farm.
Voessetje / bongke. Small bag/pouch, sewn by Lucie Kant. In private ownership.
Boengeskuvmie. South Sami breast panel from Steile farm in Vang. A photo exists showing Lucie Kant on the summer mountain farm that belonged to Steile farm. Valdres Folk Museum.
Voedth. Long wide strips of cloth (puttisar) that were wound around the leg to serve as gaiters. Torger Robøle Hegge bought and wore these on a journey from Nordland to Valdres, where they herded their own reindeer herd around 1910. Valdres Folk Museum.
Goelkegaamege. Child's shoe made from reindeer hide.
Gïeres-soehpenje. A lasso with a ring made from bone, crafted by Gunnar Storeli (born in 1944), a reindeer herder, in Øystre Slidre. Gunnar worked for the domesticated reindeer herding district in Valdres and Jotunheimen for his entire working life.
Reindrift i høgfjellet
Dei fyrste menneska som kom til Valdres, var truleg veidefolk som jakta på rein. Reinen følgde isen, og veidefolket flytte seg i takt med reinsflokkane. Høgt til fjells finst det mange gamle spor etter jakt og fangst på villrein. På Rensenn i Vestre Slidre finst to gammetufter etter ein tusen år gamal samisk buplass. Kanskje dreiv dei som budde der med villreinjakt. I dag er villreinen borte i Valdres, medan den norske tamreindrifta har vore ei viktig næring i over 150 år – med god hjelp frå samiske reinsgjetarar.
Foto
Verdsutstillinga i Paris. Lucie Mortensdatter Kant, Lars Jonasson Myrås og sonen deira Jonas, då dei var på verdsutstillinga i Paris i 1889. Alle kledd i sørsamiske klede frå Røros-området. Foto: Roland Bonaparte, fargelagt av Per Ivar Somby/ rettighetshavar Sametinget.
På storstølen til Steile, Skakadalen i Vang. Lucie i mørke klede, kring 1920. Fotograf: Jonatan Aars.
Langs bygdevegen. Lucie på sine gamle dagar, då ho budde på ulike gardar i Vang. Ho gjekk i sørsamiske klede heile livet.