Utnytting av utmarka
Det var for lite fôr i innmarka til å halde liv i buskapen. Derfor vart utmarka nytta på ymse vis. Om sumaren sende dei dyra på stølen. Fjellhamna gav god drått. Når høyonna var unnagjort heime, hausta bønder og husmenn mykje fôr i utmarka. Fiske, fangst og sanking av bær skaffa òg mat. Nemninga støl blir nytta i Midt- og Nord-Valdres. I Etnedal og Sør-Aurdal seier dei seter.
For at ressursane i utmarka skulle kunne nyttast så godt som råd var gjennom heile beitesesongen, hadde dei fleste gardane fleire stølar. Den fyrste dei nytta, var vårstølen, som låg like ovanfor garden og som gav tidleg beite om våren. Då det var beita ferdig der, flytta dei heile buskapen med dyr til langstølen, som låg høgt til fjells. I tillegg hadde fleire gardar hauststøl og midtstøl. Stølen nærast garden vart ofte kalla heimstøl. Langstølane låg for det meste samla i grender eller stølslag. Det var mange ulike stølshus, nokre sel husa berre folk, andre var bygde saman med fjøset. På Valdres Folkemuseum er det fleire ulike stølshus.
Før det vart lagt vegar til fjells, for at mjølkebilen skulle kunne frakte mjølka til meieria, var det eit tidkrevjande arbeid å hogge småved, mjølke, lage ost og kinne smør.
Mjølk og mjølkeforedling
Mjølkeproduksjonen var det viktigaste med stølsdrifta. Tradisjonelt vart dyra mjølka for hand, som oftast to gonger (morgon og kveld).
- Ved å separere mjølka får ein skilt ut fløyta. Fløyta kan syrnast og bli til rømme og av rømma kinner ein smør.
- Skumma mjølk kan syrnast og varmast opp slik at ostemassen kjem fram. Den kan ein lage pultost av.
- Av den ferske mjølka kan ein òg yste seterost. Seterosten er god og mild på smak, anten den er fersk og moden.
- Og har ein god tid, kan det smake fantastisk godt med prim!
Dyra på stølen
Dei viktigaste dyra på stølen er dei ein kan mjølke; ku eller geit eller begge deler. Det har òg vore vanleg å ta med fleire dyr til seters, til dømes grisen som kunne ete restprodukt frå mjølkeforedlinga (myse, osb.) og høner som gav egg til husholdet. Før det vart bygd vegar til fjells, var hesten viktig for å transportere forsyningar til seterdrifta og mjølkeprodukt frå setra.
Mjølkedyra treng godt beite for å produsere mjølk. Beitet finn ein i området rundt setra. Dyra eter både gras, urter og lauv. Ofte er stølsvollen/setervangen gjerda inn for å kunne hauste grasavling til vinterbruk, medan beitedyra går fritt rundt i skogen eller på fjellet. Når de vil bli mjølka, finn dyra attende og står og ventar på å få komme inn i fjøset. Budeia slipp dei inn, mjølker og slipp dei ut att etterpå. Tidlegare var det vanleg at beitedyra låg inne i fjøset heile natta til neste mjølking, men i dag er det like vanleg å sleppe dei ut att på beitet.
Dyra har gjerne ei bjølle rundt halsen for at folka lettare skal høyre kvar dei er. Ofte er det berre ei av kyrne som har bjølle, dette er bjøllekua. Ho er en førar for flokken og dei andre kyrne følgjer henne. Ho har høgast status og rang i flokken.
I moderne seterdrift er det blitt vanleg med elektroniske bjøller som sender signal om kvar dei er og set grenser i kor langt unna setra dei kan gå. Dette systemet kallast No-fence. Dyr med No-fence har en bjølleliknande klump rundt halsen.
Kulokk
Dei fleste har høyrt om kulokk, lyden budeia bruker for å få kyrne eller geitene til å kome til setra for å bli mjølka. Budeia kunne også lokke dei bort fra setra når dei skulle ut på beite. Dei ulike budeiene lokkar på kvar sin måte. Nokre er flinke, andre ikkje. Slik har det vore støtt.
Byggeskikken i stølsområda
Det er fleire typiske bygningar på stølen.
Sel er i nemninga på huset der budeia budde og hadde mykje av arbeidet sitt. Tradisjonelt hadde selet eitt opphaldsrom med seng(er) og eldstad for å koke mat og brunost, og i tillegg ei mjølkebu for lagring av buttar og mjølkeprodukt. Nokre gonger var selet bygg saman med fjøs.
I fjøset var dyra om natta og her vart dei som regel mjølka.
Alle stølar hadde også løe - for lagring av høyet som vart slått og tørka på setra. Høyet vart tradisjonelt frakta heim til bygda på vinterføre og brukt som verdifullt fôr om vinteren. Løa er gjerne plassert midt ute, eller langt nede på vollen slik at transporten av høy vart enklare.
Ofte også andre småhus som kokehus, mjølkebuer, skåler, mjølkerampar og avkjølingsanlegg.
BYGGESKIKKEN I STØLSOMRÅDA: Stølshusa på Valdres Folkemuseum var alle typiske i si tid, men i dag finst det mest ikkje att stølshus med jordgolv og åre som eldstad. Den eldre bygningsmassen i fjellet gjer det enklare å forstå livet før; i Valdres spesielt og Noreg generelt. I dag er byggeskikken i endring, men framleis står store delar av Valdresfjella meir fram som stølsvidder enn hyttevidder. Typiske trekk er at det låg fleire små hus på kvar støl; alltid sel, fjøs og fôrløe, og kan hende kokehus, mjølkebu og ein utedo inntil fjøset. Stølshusa ligg samla i øvre kanten av jordet, medan løa låg på jordet. Stølshusa er lafta eller bygd i reisverk, dei er låge og heller lange enn breie. Fargen er ofte vêrslitt, men målinga har gjerne vore brun eller raud. Taka er tekte med torv, bord, skifer eller plater. Glasa kan ha ulik storleik, men er gjerne småruta. Dei eldre pipene er oftast leirmura. Nokre stader ser ein spor etter eldre gluggar og gluggestampar, og mange stader ser ein tydeleg korleis ein har brukt oppatt eldre materiale. Biletet viser ein støl ved Vinstervatn, Øystre Slidre.
Stølsdrift i Valdres i dag
Talet på gardar som driv mjølkeproduksjon går stadig ned, men fleirtalet av dei som framleis driv har ein aktiv støl. Det inneber at folk på garden flyttar til fjells om sommaren, og frå fleire av desse stølslaga sett kommunen opp skuleskyss dei fyrste vekene etter at skuleferien er over og folk framleis bur på stølen. I 2019 er det kring 200 aktive stølar i Valdres. I 1935 var det over 4000 stølar i regionen Valdres, og over 3000 av desse var då i bruk. Ingen andre stader i landet har fleire aktive stølar.
Valdres er slik framleis eit kjerneområde for det levande stølslivet i Noreg med det største samanhengande stølsområdet i Nord-Europa. I 2023 har Norge og Sverige saman sendt søknad om å få stølskulturen inn på Unesco-lista over verdas immaterielle kulturarv.