Haugafolk på stølen
Livet har til alle tider gitt rom for opplevingar av det som i dag gjerne blir kalt «folketru» eller «overtru», ei tru på at det fanst ein parallell verd under bakken der det budde ulike vesen.
Haugafolket var ein integrert del av dagleglivet, ikkje minst på stølen. Der meinte ein at ei vellykka stølsdrift var avhengig av samarbeidet med dei underjordiske. Haugafolket kunne både lønne og straffe etter korleis folk oppførte seg. Det gjeld med andre ord å ha eit godt forhold til haugafolket, elles kunne dei lage til spetakkel og problem for budeia.
Det var mange ritual som vart utført for å komme overens med dei underjordiske, her er nokre døme:
- Å banke på døra før dei låste seg inn, trampe i golvet eller skramle med inventaret eller å dra opp til stølen før burfarsdagen for å si høgt kva for dag dei skulle komme eller (for at dei underjordiske kunne komme seg unna samtidig som folk vart meir beskytta frå dei magiske kreftene).
- Å aldri å slå ut varmt vatn eller varm myse utan å varsle (for at haugafolket ikkje skulle brenne seg og dermed hemne seg på dyr og folk).
- Å risse krossteikn i mjølkekjerald og over dører (for å beskytte mot destruktive krefter).
- Å flytte stølshus på grunn av uregjerlege haugafolk.
For nokre er framleis opplevinga av «dei underjordiske» eller «haugafolket» på stølen ein naturleg tanke og noko ein forheld seg til i det daglege livet til fjells.
Byttingar
Når kvinner i eldre tid skulle føde var det viktig at haugafolket ikkje skulle sjå den nyfødde ungen. Udøypte ungar kunne bytast med haugafolket sine eigne ungar, altså ein byting. Dersom haugafolket likevel skulle få bytt til seg den nyfødde ungen, hadde bytingen gjerne ein lute på ein eller anna måte. Det er grunn til å tru at ein då ikkje følte same ansvaret for barnet, sidan ein då hadde med ein byting, og ikkje sin eigen unge, og gjera. Stelte ein godt med bytingen til tross for eventuelle avvik, kunne ein leva i vona om at eins eigen unge fekk like godt stell hjå haugafolket.
Folketru og kristentru
Religionen og kyrkja tok stor plass i folks daglegliv, samstundes levde folketru og kristentru side om side. I dag kan det kanskje verke underleg at både religion og det vi ser på som overtru var så viktig del av livet. Men i ei tid der utdanninga i generasjonar fyrst og fremst handla om bibellære, er det kan hende ikkje å rart; haugafolk, kjerringråd, skikkar og segn hadde en funksjon i kvardagen i dette livet, medan kristendommen òg sikta mot livet etter døden.
I vår tid er folketrua forstått som forklaringsmodell på uforklarlige fenomen, til dømes kvifor ungar vart fødde med misdanningar. I alle kulturar er det etablerte førestillingar om ei verd som ikkje er synleg for oss menneska. Denne er som oftast beherska av skapningar som vi kjenner frå segna og eventyra: Haugafolk, hulder, tusser, troll, nissar osb. Desse skapningane er gjerne sterkare enn oss menneska, men aldri sterkare enn Gud. Folketru og gudstru var dermed to sider av same sak.