Naturalhushald og kollektivt arbeidsfellesskap
Det næringsrike fjellbeitet var viktig for buskapen og naturressursane gav matauk for folket på garden. Jakt- og fangstinstallasjonar finn du på området ovanfor stølslaget.
I det gamle bondesamfunnet levde folk i eit naturalhushald, det ein stelte naturen, dyra og kvarandre som best ein kunne – slik at ein kunne klare seg gjennom dei lange vintrane. Det var eit kollektivt arbeidsfellesskap, der alle var med i arbeidet og gjorde det dei evna, uansett alder. Stikkord her er til dømes: Mjølke, kinne, gjera reint i fjøset, slå, rake, hesje, hogge tømmer, kløyve ved, plukke stein, sanke, bake, slakte, bygge, jakte og fiske. Dei konserverte maten, repartere og produserte klede og reiskap, og dei bygde ofte òg husa sine sjølve. Særleg sommarhalvåret kan det ikkje vore mykje fri og få; då måtte dei produsere nok mat til at både folk og dyr skulle klare seg gjennom lange, kalde, mørke og snørike vintre.
Dialogskapande spørsmål
- Kor arbeidsamt og utfordrande må det ikkje ha vore å leve slik?
- Kor tungt må ikkje det fysiske arbeidet ha vore i ei tid utan maskiner til å drive jorda?
- Eksistensen til heile levegrunnlaget kvilte ofte på arbeidet til tidlegare generasjonanes slit vart slik til stades kvar dag i det daglege arbeidet, gjennom ein fast årssyklus.
Innmarka
Innmark vil seia all dyrka jord, som åker, eng, kulturbeite, hage og yngre plantefelt – og gardsplassen. Innmark er òg gardsplass.
Frå gamalt av var bygg viktigaste matplanta, men ein dyrka òg rug, blandakorn (blanding av havre og bygg), havre, grå og kvite erter, hamp, lin, kålrot og neper. Poteten kom i bruk i Valdres alt i 1750-åra, men vart ikkje vanleg mat før eit stykke ut på 1800-talet. Innførte engfrø (kløver, timotei, osb.) kom fyrst på 1800-talet. Gras på jorder, i grøfter, brattbakker og rundt husa vart slått, turka og nytta vinterfôr til dyra. // Kulturlandskapet i Valdres såg annleis ut enn i dag, det kan ein sjå av gamle bilete der det var lite tre og skog nede i bygda. Dette var dels fordi alt beite var nytta, dels fordi ein nytta tre til ved.
Utmarka
Utmark vil seia udyrka mark, vatn, strand, myr, skog og fjell.
Det var for lite fôr i innmarka til å halde liv i buskapen gjennom vinteren. Difor vart utmarka nytta på ymse vis. Naturressursane gav matauk for både folk og dyr på garden.
- Beite: Det vart laga inngjerda område nær innmarka, der dyra fekk beite fyrst og sist i sommarhalvåret. Men særleg var det næringsrike fjellbeitet som var viktig for buskapen.
- Slått: Når høyonna var unnagjort heime, hausta bønder og husmenn mykje fôr i utmarka. Frå gamalt av var det små utmarksløer både på stølane og overalt i utmarka, og desse vart nytta til å samle dyrefôr nok til lange vintrar. Fôret vart henta heim med hest og slede utpå vinteren. Høy var det beste dyrefôret, men gardane hadde ikkje areal nok til å fø dyra berre på høy. Det måtte difor skøytast på med anna fôr, til dømes bork, lauv og bork frå trea.
- Tilleggsfôr: Kvist og lauv vart lagt saman i buntarv (lauvkjerv), og til tørk i eigne løer. Lauv kunne òg bli tørka i lauvkuver. Ein la då lauvkjervane rundt ei høveleg stor gran. Kjervane vart lagde med toppen inn og litt på skrå oppover, slik at vatnet rann av. På toppen vart det laga ei hette av granbar. Kunnskapen om tilleggsfôr vart elles brått relevant tørkesommaren 2018.
- Fiske, jakt og sanking av bær skaffa òg mat. På museet finst både ei fiskesløe (nær stølen), fiskebu (langs Strøndafjorden), og fangstanlegg med mellom anna reinsbu i stein og bøgahi for å fange rein (fjellområdet).
Allemannsretten gir alle rett til å ferdes og opphalde seg i utmarka i Noreg. Dette er eit gratis fellesgode som er en del av kulturarven vår. Den gir oss òg rett til å hauste til dømes saltvannsfisk, bær, sopp og ville blomster. Tilsvarande rett finst òg elles i Skandinavia, i Austerrike, Sveits, Tyskland og England.