Hopp til hovedinnhold

Prosjektmedarbeidar – formidlingskoordinator

  • Smed i arbeid i ei smie

Vil du være med på å drive fram nyskapande og framtidsretta publikums-, formidlings- og undervisningsaktivitetar?

Arbeidsgjevar: Valdresmusea as

Stillingstittel: Prosjektmedarbeidar – formidlingskoordinator

  • Søknadsfrist: 1. juli
  • Tilsettingsform: Engasjement
  • Stillingsstorleik: 50% i 2 år
  • Oppstartsdato: Snarast

Om Valdresmusea, mål og visjonar:

Valdresmusea er det konsoliderte museet for Valdres og forvaltar den største kulturhistoriske samlinga i regionen. Valdresmusea driv Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling, Bautahaugen Samlinger og Norsk institutt for bunad og folkedrakt.

Valdresmusea sin visjon:

Vår visjon er at Valdresmusea skal bli det fremste museet i landet i arbeidet med levande tradisjonskultur. Vi skal bygge, forvalte og formidle historisk kunnskap og skape opplevingar med relevans for menneske i notid og framtid.

Om stillinga:

Som prosjektmedarbeidar vil du vere sentral i arbeidet med å realisere viktige strategiske mål for Valdresmusea. Medarbeidaren får ansvar å drive fram ulike prosjekt, dels åleine, dels i samarbeid med kollegaer.

Prosjektmedarbeidaren må kunne handtere varierte oppgåver. Evna til dialog og relasjonsbygging er sentral. Prosjektmedarbeidaren må vere strukturert og sjølvstendig.

Arbeidet omfattar planlegging, gjennomføring og rapportering frå kurs, arrangement og ulike formidlingstiltak. Vi søkjer ein person som samarbeider godt med barn og unge, frivillige og ulike fagmiljø. Den tilsette rapporterer direkte til seksjonsleder i kulturhistorisk seksjon.

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegge og gjennomføre handverksatsinga «Kloke hender – unge talent viser veg»
  • Rekruttere og motivere barn og unge til tradisjonshandverk
  • Planlegge og gjennomføre formidlingstiltak knytt støls- og utmarkssatsinga «Eit skigardsdele»
  • Bidra til å gjennomføre strategiske planar og satsingar
  • Levere gode publikumsopplevingar
  • Andre førefallande oppgåver

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning frå relevante fagområde (døme: handverk, immateriell kulturarv)
  • Erfaring med tradisjonshandverk
  • Erfaring med prosjektarbeid og prosjektleiing
  • Erfaring frå skule- og/eller kultursektoren
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne (på norsk)
  • Personleg skikka 

Vi tilbyr:

  • Anledning til fagleg og personleg utvikling
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit godt arbeidsmiljø og deltaking i eit unikt fagmiljø
  • Pensjonsordning i KLP
  • Løn etter avtale
  • Kontorplass på Valdres Folkemuseum på Fagernes.

Vis gjerne til arrangement du har hatt ansvar for i søknaden din (fra smått til stort). Valdresmusea verdset mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.

Søknadsfrist: 1. juli 2023

Søknaden sendast til ole.aastad.braten@valdres.museum.no

Museum24:Portal - 2024.04.07
Grunnstilsett-versjon: 1