Hopp til hovudinnhald

Eit skigardsdele

Kva handlar museumsprogrammet om?

  • Stølsfjøs og skigard i Valdres-fjellet
    Foto: Anne Marit Noraker

«Eit skigardsdele – frå stølskultur til hytteindustri» handlar om ulike forvaltningspraksisar i sterkt utbygde støls- og utmarksområde, og korleis musea som samfunnsaktør kan bidra til auka fokus på samarbeid, berekraft og mangfald. I dag skjer endringane på stølane og i utmarka raskare enn nokon gong og stadig fleire kjempar om retten til å forvalte verdiane og ressursane i fjellet. 

Prosjektet skal belyse naturen og den immaterielle kulturarven i støls- og utmarksområda som eit nasjonalt og globalt ansvar, og inspirere til forsking, debatt og engasjement rundt forvaltingspolitikk. Vi legg eit historisk, komparativt og samfunnskritisk perspektiv til grunn for studie av forvaltarretten. Korleis var forvaltinga av stølane og utmarka før i tida, korleis blir han utøvd i dag og kva vil vere ei hensiktsmessig forvalting i framtida?

Prosjektet blir leia av Valdresmusea og skjer i samarbeid med Lillehammer museum og Randsfjordmuseet. Andre samarbeidspartnerar er Universitetet i Oslo, Fortidsminneforeininga, Naturvernforbundet, Valdres Natur- og Kulturpark og Norsk seterkultur.

Det gamle og det nye – kamp og konflikt   
Valdresmusea er regionmuseum i ein av landets mest ekspansive hytteregionar. Dei siste 30 åra har antalet hytter her vokse betydeleg og i dag er regionen vertskap for like mange hytter som busette: 18 000. Den same utviklinga finn vi i Gausdal og Lillehammer. I Gausdal står det no 3 000 hytter medan Lillehammer-regionen (Lillehammer, Ringsaker, Ringebu og Øyer) har like mange hytter som i Valdres. Utviklinga skaut særleg fart frå 80-talet, og i takt med den økonomiske veksten har standarden og infrastrukturen endra seg mykje. Hyttebygging er i dag del av ein milliardindustri og utgjer derfor ein stor del av økonomien i lokalsamfunna. Det gjer tematikken viktig – og vanskeleg.    

Det økonomiske perspektivet ved hyttebygging er ofte ein inngang til diskusjon om kva som skapar vekst og verdi for lokalsamfunna. Diskusjonen er vanskeleg fordi verdi er forstått ulikt. For aktive stølsbrukarar er verdien størst av at beiteressursane får ligge i fred. For ikkje-aktive stølsbrukarar og hytteutbyggjarar er gevinsten størst av bygging av hytter, leilegheiter, sykkel-løyper, skianlegg og tilrettelagte utsiktspunkt. For kommunane er det helst dette siste, antalet liggedøgn og omsetningstal frå bygge- og daglegvarebransjen, som blir tillagt størst vekt når ein skal setje verdi på aktiviteten i støls- og utmarksområda. For utviklinga skapar utan tvil arbeidsplassar og økonomiske ringverknadar. Dermed endrar også makta seg. Kven sine ynske blir tillagt størst vekt? Kven må bere byrden, kven sit att med gevinsten?

Budeiene er definitivt på veg ut. I dag er berre 1 % av stølane i Noreg i drift, i følgje ein rapport frå NIBIO. I 1850 vart det drive 100 000 stølar. I 2018 var talet 840, ein nedgang på 30 prosent berre dei siste ti åra. Ein vesentleg årsak til avviklinga av stølsbruket er den sterke nedgangen i antalet mjølkeprodusentar. I tiåret frå 2008 til 2018 vart antalet mjølkebruk i Noreg redusert frå 13 708 til 8 205, ein nedgang på 40 prosent. Endringane er dramatiske for landbruket. Men også ei leveform og ein kultur er no i ferd med å bli borte.

Når ein kultur forsvinn, overtar som oftast ein annan. Men hyttene er ikkje berre til rekreasjon for natursvoltne byfolk. Heller ikkje for budeiene var stølane utelukkande arbeidsplass med mjølkeproduksjon og stell av dyr. Stølane var like mykje staden ein flykta til – frå bygdesnakk og strenge, patriarkalske strukturer på gardane i bygda. På fjellet fann budeiene tryggleik og kvinnefellesskap. Det siste året er hytteeigarane sin bruk av fjellet gitt ein liknande dimensjon. For lik som byfolka som busette seg på hyttar og stølar under 2. verdskrigen, søkjer dagens bybuarar seg vekk frå tronge leilegheiter og strenge smittevernkrav. Fjellet er så mykje meir enn rekreasjon. Fjellet er også staden ein flyktar til.

Problemstilling
I «Eit skigardsdele» legg vi eit historisk, komparativt og samfunnskritisk perspektiv til grunn for studie av forvaltarretten. Korleis forvalta ein støls- og utmarksområda før i tida, korleis er denne forvaltinga utøvd i dag, og kva vil vere ei hensiktsmessig forvalting i framtida?

Bakgrunn – tradisjonar i endring     
Menneska sitt forhold til natur og landskap har endra seg over tid. Før såg ein gjerne naturen som ein ressurs som også skulle kome fellesskapet og framtidige generasjonar til gode. I dag møter desse verdiane motstand av krefter som utfordrar synet på forvalting og verdi. For i takt med endringar i landbruket, arbeidsmarknaden og teknologien, skjer det ei endring i bruken av stølane og ressursane i fjellet. Før endra landskapet seg ved hogst og intensivert beitepress. I dag er det gravemaskinane og ein industrialisert hyttekultur som set varige spor. Dreiinga frå støling til hytteutvikling endrar også byggjeskikken, språket og kulturen. Og der namn før i tida fortalde om dyr, fauna, menneske og segn, fortel språket i dag om reiselivets infrastruktur og funksjonar knytt til denne industrien.

Støling er i ferd med å bli passé og situasjonen i Valdres følgjer den nasjonale trenden. I 1935 var det 4000 aktive stølar her. I 2019 var det 200 igjen. Tala er alarmerande, men parallelt med avvikling er det også fleire som startar opp att. Då melder det seg spørsmål omkring vatn, mjølkerom og kjøleløysning. Og med fornya interesse for landbruket møter dei nye bøndene utfordringar med press på beiteressursane og tvil om gamle hevdar. Nye premiss i forvaltinga av naturen skapar nye utfordringar for landbruket og stølsdrifta. Retten til beite er ikkje like sterk som før, for om ikkje bøndene nyttar hevda si, kan utbyggjarane dra denne retten i tvil.       

Paradigme og paradoks       
Paradoksa er mange. Parallelt med nedgangen i stølinga signerer styresmaktene konvensjonar som skal sikre den immaterielle kulturarven for ettertida. Den internasjonale samfunnet seier Noreg må bli flinkare til å sikre stølskulturen. Kvifor greier ikkje vi å sjå dei same verdiane som verda rundt oss? Kva verdiar set vi på gamle kulturuttrykk?           
           
Stølane er viktige ressursar for landbruket, men for dei som tok del i stølslivet i eigen barndom er stølskulturen i dag like mykje ein fortidslengsel. Det same seier hytteeigarar som òg fekk ta del i stølskulturen i barndomen. Her finn vi fleire interessante paradoks: på eine sida regulerer kommunane stølane frå landbruksføremål til hytte. Regionane marknadsfører samstundes ein stølskultur som langt på veg er borte, men som hyttefolket og reiselivet gjerne vil ha meir av. Hyttefolka er heller ikkje natur- og kulturkonsumistar åleine, men stadig oftare agentar for bevaring og vern av sårbar natur. I dag finn vi kritikarane av hytteutviklinga like gjerne blant deltidsinnbyggarar som dei fast busette. Kva blir då viktig å bevare, for kven – og kvifor?

Tittel 
Eit skigardsdele har namn etter ei hovudoppgåve i etnologi skrive av Knut Aastad Bråten i 2006. I oppgåva tek han for seg det kulturelle møtet mellom bygdefolk og hytteturistar på Beitostølen i Valdres fram til ikring 1980. Det kulturelle møtet syner to grupper med svært ulike kulturelle føresetnader. Eit samandrag av hovudoppgåva finn du her: Eit skigardsdele: det kulturelle møtet mellom hytteturistar og bygdefolk på Beitostølen fram til ikring 1980. 

Ole Aastad Bråten og Anne Marit Noraker, mai 2021

  • 1/1
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1