Sparebankstiftelsen DNB støtter Valdresmusea med 2 500 000 kroner til kurs og sommarjobbar for ungdom innan tradisjonshandverk.
I tidlegare tider gjekk kunnskapen frå mor til dotter, frå far til son, frå meister til svein. Slik er det ikkje lenger og kunnskapen må koma til oss på anna vis.
Valdresmusea er oppteken av å vere møtestad for kunnskap og tradisjonar som skal vare over tid. Skal ein skapa interessere og begeistring for tradisjonskultur, vil gevinsten vere størst om ein startar på det lågaste nivået, med dei yngste. Barn og unge har gjerne lett for å herme rørsler, og dei har ein ibuande skapartrong og kreativitet. Vi er opptekne av å gi dei tilgang til material og vaksne å ta etter.
Med prosjektet "Kloke hender. Unge talent viser veg" skal Valdresmusea trappe opp satsinga på kurs og sommarjobbar for ungdom innan tradisjonshandverk.
Overordna mål er å sikre bygningsarven for framtida, spreie kunnskap om tradisjonshandverket, skape engasjement og senke terskelen for deltaking. Her meiner vi det er viktig å utvikle og forbetre lærings- og formidlingsopplegget i tett dialog med dei unge.
Kunnskap i nevane
Sjølv om mange har kjærleik til tradisjonshandverket, ser vi at kulturminnevernet i Noreg har blanda kår. Vi lever i ei tid der mykje er i endring. Trendane skiftar og vi shoppar materielle godar som aldri før. Vi kastar og vi riv – og bygger opp att nytt. I skulen er det den boklege lærdomen som står i sentrum, medan den handborne kunnskapen blir overlate til andre.
Samstundes er etterspurnaden stor etter folk som har kunnskapen i nevane; frå reiselivet og landbruket, til byggjebransjen og private huseigarar. Mange ynskjer å kjøpe seg eit gamalt hus eller småbruk, men får sjeldan sjansen til det. Mange ynskjer å sette i stand eit gamalt hus, men anar ikkje korleis dei skal gripe an. Det er ikkje lett å få tak i ein handverkar til å bygge nytt – og endå verre å få tak i han eller ho som kan ta vare på det gamle.
Berekraftig satsing
Ved Valdresmusea er arbeidet med berekraft, mangfald og representasjon eit viktig perspektiv i alt vi gjer. Målet er at formidlinga skal vere relevant og tilgjengeleg for alle, uavhengig av sosial og økonomisk bakgrunn.
Å ta vare på bygningsarven handlar dels om ta vare på kulturminne, men òg om sirkulærøkonomi, forlenging av levetida på bygg og gjenbruk av bygningsdelar. Vidareføring av tradisjonskunnskap kan mellom anna føre til at vi blir betre til å reparere i staden for å kjøpe nytt.
Ei ungdomssatsing vil også handle om korleis vi kan bidra at fleire fullfører vidaregåande skule og at færre fell ut av arbeidslivet. Korleis kan vi bidra til at unge verdset sine eigne evner og forstår at praktisk kunnskap er like viktig som bokleg? Korleis kan vi sørge for at folk kan delta uavhengig av økonomi? Kan satsinga bidra til å redusere skeivdelinga mellom kjønna?
Vi takkar for støtta frå Sparebankstiftelsen DNB og starter no arbeidet med å rigge til for ei større satsing framover.