Hopp til hovudinnhald

Nasjonalisme og identitet

Undervisingstilbod for ungdomsskulen og vidaregaående

Skoleelever i utstilling

Velkomen til dialogomvising og elevoppgåver i utstillinga Fargerike fellesskap – kvitt raseri. Spørsmål om identitet, kvar vi kjem frå og kvar vi høyrer til, er sentrale. 

Kva er ein nasjon?
Kven får ta del og kven fell utanfor?

Utstillinga Fargerike fellesskap viser korleis bunadane og tradisjonskulturen har vorte nytta til å fortelje noko om kven vi er som folk, og korleis bunadbruk og deltaking i tradisjonskultur har skapt store, homogene fellesskap, men også einsemd og smertelege utanforskap.

Elevane aktiviserast gjennom refleksjonsspørsmål og samtale der elevane bearbeider påstanden; Identitet skaper begrensingar. Samtalen bygger på metodikken i filosofiske samtaler der målet er å få alle elevane til å delta aktivt. Elevane skal ikkje lære kva dei skal tenke, men korleis dei kan bli betre til å tenke sjølv. Korleis kan vi trene oss i å stole på oss sjølv og lytte til kvarandre? Filosofiske samtalar er eit godt verktøy i forsøket på å utvide forståinga av kven vi er og har vore i Valdres.

Elevane testar haldningane sine til bunad og koftetradisjonar via meiningsbarometeret EINIG/UEINIG. Dette er ein interaktiv og fysisk oppgåve der alle deltek. Elevane må ta standpunkt og begrunne haldningane sine. Målet er å reflektere rundt haldningar og vise at haldningar kan endrast ved gode argument.

Forslag til forarbeid/etterarbeid

1. Diskuter og definer

  • Kva er identitet?
  • Kva er nasjonalisme?
  • Korleis kan felles identitet skape både tryggleik og begrensingar?
  • Korleis kan ulike sider av identiteten vår få større eller mindre betydning i ulike situasjonar?

2. Be elevane tenke over spørsmåla:

  • Kva har du på deg?
  • ​Kvifor går du kledd slik?
  • Kva betyr tradisjonar for deg?

La elevane notere skriftleg før besøket. Ta fram att arka etter utstillingsbesøket og la elevane vurdere om det dei har skrive ned framleis stemmer, eller om dei vil legge til noko nytt. Dette kan være utgangspunkt for ein samtale i klassa om utstillinga og utstillingsbesøket.

Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2