Hopp til hovudinnhald

Juleførebuingar i gamal tid

Frå skarka til julenatta

«I skarkun», tida før jul, skulle ein spara på mat og klede – og ikkje fråtse. Denne levemåten vart kalla å skarke. Skikken hadde sitt opphav frå katolsk tid då ein fasta før jul. Når julekvelden kom, skulle maten stå på bordet medan julelyset skulle brenne heile natta.

Knut Hermundstad (1888-1976) gjorde intervju med gamle valdrisar både før og etter krigen. Mellom anna sanka han stoff om juleførebuingar som ølbrygging, slakting, bakst og lysestøyping. Han skreiv om folketru, julekvelden og julegjestebod. Og han skreiv om korleis mange fattigfolk gjekk mellom gardane og bad om mat i skarka.

Lysestøyping og julebakst

Eit viktig arbeid før jul var å støype lys. Særleg viktig var det å støype eit langt og grovt jolelys og eit tre-greina heilagtrekongerslys. Det lange julelyset skulle vera tjukt nok til at å brenne gjennom heile juleeftansnatta. 

Heilagtrekongerslyset skulle dei brenne ned trettandedag jul – og når det trearma lyset hadde brent til der armane møttest var jula slutt. Frå gamalt av var det vanleg at denne lysestøypinga gjekk føre seg på Karimess 25. november. På primstavane ser ein Karimess som eit hjul eller rokkehjul, eit sverd eller eit kross med armar i vinkel.

Julebaksten gjekk føre seg i vekene før jul. Då vart det til dømes bakt flatbrød og mjuk lefse, finbrød og runde rugkaker. 

Julepyntinga

Julepyntinga var noko ein starta med på julekvelden, rett etter fjøsstellet. Då hengte opp kristneteppe med julehandkle bak høgsetet og pynta skap, bordkrone og hyller med firflettingar eller kniplingar. Husmannskona Rangdi Moen (1846-1937), som budde ved Brustogobekken på Leira, sa om den gamle julepyntinga at det «i alle rør var det hengt vakre linhandklæde med langt fjaks, afsætor, som var fletta te på ein sers måte.» 

I 1926 skreiv vangskjeldingen Bøye Kattevold dette om julepyntinga i avisa Valdres: «Høgsete i støgun vart pryda me’ blømande tæpe neaaver glase, utaaver tæpe breidde se ein stor linduk me’ frynso og kniplinga paa; julebore vart duka, borstelle ordna, store smørøsja sett midt paa bore. Tøppen paa smøre kuva se som ein rundaktig kuppel og øvst uppaa briska se ein hane; han var baka saman med’ julekakao.» 

Hermundstad skreiv òg om at dei spara det beste smøret til jul, la det på eit fat med høg stett (staup) og pynta med ei smørrose og ein hane: «Det største smørstaupet vart nytta i joli, jole-smørstaupet. Like før jol baka dei hønor og ein hane av deig av jolebaksten. Desse skulle stå på råka på jolesmørstaupet um jolenatti.»

Det var òg ein gamal skikk å henge opp uroar av halm som var pynta med bitar av glimmer og farga vadmål. Julehalm vart òg brukt til å strø på stovegolvet, til fugleband og til kornbarn til dyra i fjøset. So vaska folk seg og fann fram staskleda sine. 

Juletre og julegåver

Juletre vart først vanleg i Valdres rundt hundreårskiftet. Det same gjaldt nyttige julegåver til barna. Men var det tenestefolk på garden var det fast takst at dei julekvelden fekk med seg «ei julekake, eit grovbrød, litt smør og litt til pålegg, ost eller prim», sa Rangdi Moen.

Potetskrelling og bakst

Teikning frå 1949. Her har Ralph Styker teikna Inger Massestuen som skreller potet. Ho hadde i fleire tiår ansvar for mellom anna bakst av flatbrød og lefse på Nordåk før jul, og det må ha vore poteter ho skrelte i løpet av livet. Frå boka Gard og bygd i Nord-Aurdal, band E. Valdres 2019.

NY OG GAMAL JULEPYNTING

Julepynta stove på Granheim i Øystre Slidre ca. 1913-14. Her heng det julepynta kristneteppet i høgsetet, samstundes som dei har gjort plass for juletreet. Foto: Karl Berg. Meir info om biletet finn ein på DigitaltMuseum.no VFF ØS-129.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1