Hopp til hovudinnhald

Firfletting

Å flette saman fire tråder til ulike mønstre har vore gjort i uminneleg tider. Frå gamalt av var det vanleg å nytte firflettingar i pyntinga til jul. I dag er det få som kan teknikken.

  • Kvitt julehandlle med firfletting, som heng over eit vevd åkle
    Julehangkle på Bagn Bygdesamling.

Julehandkle på Bagn Bygdesamling

I mange heimar nord i Valdres lever fortsatt tradisjonen med å henge opp julehandkle og kristneteppe til jul. Dette er ein ubroten tradisjon og ingen veit kor gamal den er.   

Sør i Valdres, derimot, er denne tradisjon ikkje i bruk i dag. Men, i samlingane til Bagn Bygdesamling er det eit julehandkle og over 20 ulike bordar i firfletting. Dette er mange fleire enn det som finst på Valdres Folkemuseum, og det forundra meg. Kvifor finst det att fleire firfletta bordar på museet i Sør-Aurdal enn på regionmuseet på Fagernes?

Svaret fann eg i gjenstandsprotokollen til Bagn Bygdesamling (datert 1920) og i Valdres bygdebok (nr. 5). I protokollen står det: «handklede med prydsaum og veggtepen [høyrde til julekledningen på Islandsmoen]. Handklede som er kome frå Dølven etter mor til Hans P. Islandsmoen, hev bokstavane I L D D 1714. Tepenet som vart attkjøpt av O. I. høyrde til jolekledningen på Islandsmoen.»

I Valdres bygdebok skriv Sigrid Aspholt at Sør-Aurdal hadde lange tradisjonar for lindyrking, og at det på mange av gardane fanst handkle og firflettingar i lin. Ho skriv også at når «julekledningen var hengt opp var veggene dekka av kvite klede og hyllene hadde fått flettingar». Dette må bety, meiner eg, at også i Sør-Aurdal har tradisjonen vore den same som nord Valdres, men at den gikk ut av bruk for 110–120 år sidan. Grunnen til at det då finst fleire flettingar på Bagn Bygdesamling er mest sannsynleg at då tinga ikkje lenge var i bruk, var dei gjevne til museet. Så er det nokon som har bordar eller andre ting i firfletting er eg interessert i høyre om det.

Handkledet er i lin, brodert med holbeinsting i lys brunt og blått ullgarn. Øvst brodert datering med gult ullgarn, nedst ein bord i firfletting. På bilde er handkledet fotografert saman med det gamle åkledet som også er frå Islandsmoen. 

Teksten vart skrive i 2013 av Ingrid Bolstad, tekstilkonsulent ved Valdresmusea

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1