HALMURO TIL JUL: I dag pyntar vi i husa våre til jul med nissar og englar laga i ulike materiale. Frå gamalt var julehandkle og juleflettingar det som utgjorde pynten i stova til jul. Det var også ein skikk å henge opp halmfigurar, uroer, som var pynta med biter av glimmer og farga vadmål. Julenatta, når uroa rørte på seg (den gjer det den for det meste), skulle den halde farlege makter unna. Julehalm vart også brukt til å strø på golvet og laga fugleband av. Her i Valdres er bruken med å henge opp uro til jul for lengst borte.
OM HANDVERKET: Signe Rutlien, tidlegare landskonsulent i Norges Husflidslag, meinte at rughalmen var den beste til å laga halmarbeid av. Dette fordi den er sterk og har lengst avstand mellom ledda. For å få god flettehalm bør den vekse på ein lun plass med god jord. Vårrugen var den beste, meinte ho. Den måtte såast dobbelt så tett og skjærast grøn, helst i blomstringstida. Uroene er flotte juledekorasjonar og ved Valdresmusas kunne vi tenkje oss å få laga kopiar av desse. Både fordi vi treng å lage nye til bruk i formidlinga, og for at fleire skal kunne læra seg teknikken.
UROAR I MUSEUMSSAMLINGANE: Det er fire uroer i samlingane til Valdresmusea, to på Bagn Bygdesamling og to på Valdres Folkemuseum. Det er også skrive om fleire i privat eige. Kor gamle uroene er veit vi ikkje, men i den nemnte boka er det avbilda ei uro frå Telemark som truleg er frå omkring 1700. Den uroa som er best bevara på Valdres Folkemuseum er satt saman av åtte kvadrat i ulike storleikar. Desse er bunde saman med snorer og innpå snorene er det tredd bitar av glimmer og grøne og raude vadmålsbitar. Designarane Arne & Carlos brukte uroene til inspirasjon då dei teikna den store jern-uroa som heng i taket i festsalen på Valdres Folkemuseum.
TRU OG FOLKETRU: Folketru er eldre førestillingar og handlingar som ikkje tek utgangspunkt i moderne vitskap, kunnskap eller religiøse skikkar. Desse førestillingane kan dreie seg om ting eller dyr med særmerkte eller åndelege eigenskapar, eller at ei handling eller hending har mystiske eller uforklarlege resultat. Respekten og audmjukskapen for naturen var stor. Folk hadde tid til å sjå og undre seg over fenomen, og folketrua var ein måte forstå det ein opplevde, såg eller høyrde.
VERDENS URO: Olav Bø skriv i «Vår norske jul» at halm-uroene vart kalla «hengjekrone» eller «verdens uro», og dei var særleg kjende i Sverige, men vanlege her i landet og. Han skriv at når uroa rørte på seg vart heksene skremde og våga seg ikkje fram.
"De store, liggende firkantene av skinnende halm harvært som soler, og de små hengende rombene av kråkesølv som glitrende solglimt. Kronen har vært laget av strå, ofte fra det siste og mest kraftfulleste neket på åkeren som hadde vært oppbevart utresket i det hellige hjørnet, og de mange små flakene har vært uttrykk for disse aksenes fruktbargjørende kraft. Uroen har hengt ned fra taket og anskueliggjort den vertikale aksen, himmelstigen, velsignelsen som strålte ned fra det høye; julebordet har vært den horisontale flaten, åkeren med frøene og jordens frukter, som skulle ta imot det livgivende lyset." (Mikkel B. Tin)
--
Publisert 28.8.2019