Filering

Filering er ein raudlista handverksteknikk som i Vang i Valdres har fått leve i ubroten tradisjon. Teknikken er kjent frå egyptiske funn frå 3000 år f.Kr.

Namnet filering kjem av det franske ordet file som tyder nett. Her i landet går teknikken òg under nemninga telebinding eller telemarksbinding, då der var i Telemark han fyrst vart «oppdaga» av nokon utanfrå. Teknikken er likevel meir levande her i Valdres enn i Telemark. Norsk institutt for bunad og folkedrakt har 81 registrerte gjenstandar med filering, og 9 av desse er frå Valdres.

I bygdemiljø har teknikken vore bruka i folkedraktene, både til hovudplagg, forkle og liknande, men òg til mellom anna innreiingstekstil og fiskenett. I høgare sosiale lag har ein særleg brukt filering på dukar, brikker, gardiner og besetningar på klede.

Dei bevara filerte gjenstandane her i området kjem hovudsakleg frå Øvre Valdres, med hovudvekt i Vang. Konerullen var her eit hovudplagg som gjekk ut av bruk på 1800-talet, medan tradisjonen med jolehandkle meir eller mindre har halde seg opp til våre dagar. Denne tradisjonen har ukjent opphav, men er truleg svært gamal. I Øystre Slidre har ein bruka firfletting i staden for filering i handkle, men ein finn òg både rullhetter og jolehandkle i andre teknikkar.

Filering består av to ulike teknikkar: binding og smetting. I Valdres er det tradisjonelt brukt lin i to ulike kvalitetar, ein tynn og ein tjukkare tråd. Ved bindinga knyt ein fram moskar med den tynne lintråden. Ved å lage nokre moskar større enn andre, får ein mønster i sjølve botnen. Smettinga eller fyllinga går ut på å smette inn den tjukke tråden over og under botnmoskene til eit fylt mønster. Filering er best eigna til geometriske former, og det har tradisjonelt vore faste normer for mønsterbruken. Det finst likevel store variasjonsmoglegheiter. Teknikken krev lite utstyr og arbeidet er lett å ta med seg.  

Tradisjonen og kunnskapen om filering har i Valdres vore levande heilt opp til våre dagar, takka vere Gyda Steile. Ho haldt kurs og lærte opp mange i teknikken, slik at det i dag er fleire som kan utøve den. Dessutan har Vang husflidslag laga ein film der Tordis Remmen demonstrerer teknikken. (Sjå lenka øvst på sida)

Ein beslekta teknikk er tyllstopping eller tyllbroderi der ein smetter over eit nett som i filering. Skilnaden er at tyllen er maskinprodusert, småmoska og at alle botnhola er like store, slik at det er smettinga som lagar heile mønsteret. Dette finst det fleire døme på i Valdres, mellom anna i rullhettene.

Skrive i 2013 av Solfrid Trydal, som var fagkonsulent ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt.


Lær meir