Hopp til hovudinnhald

Flagg i museumssamlinga

Flagget med sildesalaten

Det norske flagget i raudt, kvitt og blått vart fyrste gong godkjent av kongen i 1821, men fra 1844 vart det nytta med unionsmerket - eller den såkalla sildesalaten. Striden om det reine norske flagget vart lang og hardna meir og meir sist på 1800-talet. Unionen mellom Noreg og Sverige vart oppløyst i 1905, etter lang politisk kamp. 

  • 1/2
    Del av stort sildesalat-flagg på Valdres Folkemuseum.
  • 2/2
    Lite sildesalat-flagg på Bautahaugen Samlinger i Hedalen.

Døme frå fotosamlinga - nasjonsbyggingstida

På bileta under frå Hedalen i 1896 ser vi at flagga er utan det upopulære unionsmerket eller den såkalla «sildesalaten». Fyrst tre år seinare kunne det reine flagget heisast lovleg på stortingsbygningen. På same tid vart det stifta mange folkehøgskular og museum, og det var populært å koma saman i fråhaldslag, mållag, songlag og ungdomslag. Ofte kom det ein foredragshaldar som heldt ein flammande folkeopplysingstale om alt frå helse og åndsliv til målstrev og sjølvstendekrav. 

  • 1/2
    Skuleelevar utanfor Nerstad skule i Hedalen, 1896. Ukjent fotograf.
  • 2/2
    Hedalens sangforening, 1896. Ukjent fotograf.

Flaggsteinen på Valdres Folkemuseum

Under er bilete av flaggsteinen i Etnedal før og etter han kom på museum. Det skjedde etter sprengning av vegen forbi Flaggfjell i 2014 - noko mange protesterte mot. Les meir om bergflagga i lenka under.

  • 1/2
    Biletet viser flaggsteinen fremst og Flaggfjell bak. Foto: Kjell Arne Bertnsen.
  • 2/2
    Etter sprenginga fekk den symboltunge flaggsteinen fast plass på Valdres Folkemuseum. Foto: Anne Marit Noraker.

Kvikklønsjflagg og regnbogeflagg

  • 1/2
  • 2/2

Valdresmusea nyttar både det norske flagget og regnbogeflagget. Regnbogeflagget bruker vi for å vise at vi er museum som er opptekne av mangfald og inkludering. 

Kvikklønsj-flagget i Nasjonalisme-utstillinga på Valdres Folkemuseum er ein kommentar til tidlegare kulturminister Linda H. Helleland sitt forsøk på definere dei norske verdiane, gjennom ein Facebook-post vesle julaftan i 2016. Utspelet kom i kjølvatnet av ein lang diskusjon, ikkje berre i Noreg men i heile Norden, om behovet for ein kulturell kanon – altså ei slags smørbrødliste over dei viktigaste kulturelle elementa i kvar nasjon. Helleland gjorde som forventa og lanserte både brunosten, vaffelplata og kvikk-lønsjen som særlege nasjonale kultursymbol og som bar i seg norske verdiar på ein heilt særeigen måte. Når sjokolade er gitt sopass stor betydning for vår nasjonale kollektive sjel, då kan vi like gjerne farge flagget i dei same fargene.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1