Hopp til hovudinnhald

Bergflagga i Valdres

  • 1/1
    Leira, 1924. Ein ser bergflagget øvst til høgre og muren langs den gamle kongevegen til venstre. Foto: Carl Gustav Normann. VFF VS-2.21.

I Valdres er det i dag sju bergflagg – lett synleg på bratte berg i Sør-Etnedal, på Leira i Nord-Aurdal, Søre Trøllåsen, Skåltjednstølen og Skammestein i Øystre Slidre, Klukkarberget i Vestre Slidre og Høre i Vang. Dei fleste vart måla av lokale initiativtakarar til ulike politiske hendingar på 1900-talet. 

Les meir:

Vedlikehald

  • 1/1
    Bergflagga blir jamleg måla oppatt. Dette biletet er teke i 2019 i Etnedal. Foto: Carl Berg.

Flaggsteinen på Valdres Folkemuseum

  • 1/2
    Det eldste bergflagget vart måla på Madslangrudberget i Etnedal til eit dobbelbryllaup i 1897. Staden har seinare ofte vorte kalla Flaggfjell. Langs riksvegen nedanfor låg det også ein stor stein med endå eit påmåla flagg. Då vegen skulle byggjast ut i 2014, måtte flaggsteinen vekk. Biletet viser flaggsteinen fremst og Flaggfjell bak. Foto: Kjell Arne Bertnsen.
  • 2/2
    Flaggsteinen vart sprengt vekk under vegutbygging i 2014 - etter store protestar frå mange. Den delen som synte flagget har fått fast plass på Valdres Folkemuseum. Foto: Anne Marit Noraker.
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1