Hopp til hovudinnhald

Fjellets verdi

Konferanse

  • Biletet viser støl ved Vinstervatn, Øystre Slidre, 1958. VFF 16-000700. Foto: Nils Neste

Lengselen til fjellet er stor for mange, men draumen om eit liv til fjells er ikkje den same no som før. I gamledagar var det budeielivet som dominerte på stølane. I dag er det puddersnø og gode vennelag som dreg folk til fjells. Kva håp og draumar ber dei på, dei som i dag finn vegen til fjellet; til stølar, hytter, leilegheiter og hotell? 

Tema for konferansen er fjellets verdiar. Kva er økonomisk og kjenslemessig verdi for nokon – og tap av dei same verdiane for andre? Kva står på spel – og for kven – når endringane skyt fart? Fagpersonar frå heile landet skal drøfte, berike og belyse ein tematikk og debatt som i liten grad elles romar nyanserer og eit mangfald av stemmer. Velkomen!

STAD: Valdres Folkemuseum, festsalen
TID: Torsdag 12. mai 2022
MÅLGRUPPE: Alle med interesser for utviklinga i fjellet
PRIS: Kr 800 (inkl. lunsj)
DIGITALT: Arrangementet vil òg bli streama, her er lenker:
Dagstreaminga ligg her. Kveldsstreaminga ligg her

ARR: Valdresmusea, Randsfjordmuseet og Lillehammer museum
PÅMELDINGSFRIST: 7. mai

Dette er ein oppstartskonferanse i museumsprogrammet "Eit skigardsdele".​

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1