Hopp til hovudinnhald

Framtida for fjellet

Debattkveld på Valdres Folkemuseum

I forlenginga av konferansen «Fjellets verdi», blir det debatt om framtida for fjellet. Kva håp og draumar ber dei på, dei som i dag finn vegen til fjellet; til stølar, hytter, leilegheiter og hotell? Kva skal fjellet brukast til i framtida og kven er fjellet til for? Kva vil vere ei hensiktsmessig forvalting i framtida? Kven må vike? Kven får bli?

Som ein introduksjon til debatten får vi ein presentasjon av «Hytteparadokset», eit nybrottsarbeid innfor hytte-tematikken og grave-journalistikken v/ redaktør i avisa Valdres Hilde Lysengen Havro.

Debattleiar: Eva Nordlund, debattleiar i Nationen

Deltakarar i debatten: 

  • Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet
  • Jon Halvor Midtmageli, ordførar i Øyer kommune
  • Linda Mæhlum Robøle, ordførar i Etnedal kommune
  • Arve Noreng, dagleg leiar i Leve hytter
  • Hilde Lysengen Havro, ansvarleg redaktør i avisa Valdres

STAD: Valdres Folkemuseum, festsalen
TID: Torsdag 12. mai 2022 kl. 19.00-21.00
MÅLGRUPPE: Ope for alle, gratis, ingen påmelding.
ARR: Valdresmusea, Randsfjordmuseet og Lillehammer museum

Debatten blir arrangert i forlenginga av konferansen «Fjellets verdi», og er eit del i museumsarbeidet "Eit skigardsdele".

Museum24:Portal - 2024.11.12
Grunnstilsett-versjon: 2