Hopp til hovudinnhald

Bagn Bygdesamling

Tema for omvising

Omvisaren må sjå an publikum. Kva er dei interessert i, kva veit der frå før? Oppfordre gjerne til å stille spørsmål.

Omvisinga startar i administrasjonsbygningen. Guiden kan anten fylgje der gjestane går og kome med opplysingar undervegs, eller "leie" folk rundt samstundes som ein fortel. Det er 16 hus på området, men ikkje alltid nødvendig å gå innom alle. 

Ute er det fint å fortelle om Olaus Islandsmoen og opprettinga av bygdesamlinga.

I administrasjonsbygget

  • Bondemøblar frå 1700- og 1800-talet. Lokal rosemåling, eventuell overmåling vart gjort for å "fiffe opp"
  • Ulike husgeråd og bruksgjenstandar. 
    • Samversskikkar (sendingar i gravøl og bryllaup)
    • ​Kvinnesal frå Kvaal i Reinli, lokk frå Leite.
  • Manns- og kvinnehandverk
  • Jakt og fiske, ulike reiskapar som vart nytta
  • Klesdrakter, bunader og påverknad utanfrå
  • Krigen og krigshandlingane i Bagn, sjå bok og eige hefte på bygdesamlinga.  NB; tilby ALLTID å sette på filmen om krigshandlingane dersom publikum er særleg ingteressert i krigen 
  • Ola Brenno (1865-1957) og musikken hans (bunaden hans er stilt ut)

  • Sigurd Islandsmoen (lyttestasjon)

  • Mikkjel Fønhus

Låve (frå 1770) og to stabbur

Garden Islandsmoen; flytta frå sine opphavelege tufter og lenger opp grunna flåmskader. 

I 1920 starta Olaus Islandsmoen arbeidet med å lage museum på dei gamle tuftene, og den gamle låven, det gamle stabburet og det gamle bustadhuset vart flytta ned på sine opphavelege tufter. 

Islandsmo-bygningen frå 1842

  • ​Byggestil typisk for mindre gardsbruk midt på 1800-talet
  • Kjøkkenet var arbeids- og opphaldsplass 

  • Frå mjølkering til separator

  • Dragbenken tente både som sitteplass og seng

  • Museumsgrunnleggaren Olaus Islandsmoen

  • Komponisten Sigurd Islandsmoen

Seterbu frå Smettbak/Svartsetra frå 1796

Fortell om seterlivet.

  • Litt om grunnen til at dei var på setra om sumaren (god beite, utnytting av naturressursar som fisk, bær, vilt)​ 
  • Matproduksjonen på setra (ysting og kinning)
  • Ofte ungane sin jobb å gjete budskapen 

Telthuset frå tidleg på 1800-talet

Opphaveleg lagerhus for militæreffektar for det ytre Valdreske kompani frå 1813 til 1859. Seinare nytta som stabbur på Klokkarmoen i Bagn, kom til museet i 1962. 

Nede: ​

  • Køyretøy
  • Skogbruksutstilling: Si litt om bruken av ulike reidskapar, les heftet "Frå skog til tømmer"​
  • Ski: Dei lange skia er frå Land. Kvar bygd hadde gjerne sitt særpreg på skia. Land hadde ekstra lange ski, ofte opp til 3 meter!

Oppe:

  • Mannshandverk: Ulike reidskapar
  • Kvinnehandverk: Spinning, veving, linproduksjon

Stabelbygningen frå 1808

Flytta til bygdesamlinga i 1971

  • Var storkjøkken og forpaktarbustad på prestegarden i Bagn, som vart bygd i 1807-1811
  • Hans Jacob Stabel (1769-1836) som fekk bygd prestegarden var prost og eidsvollsmann. 

Nede:

  • Stove og møterom til 40 personar
  • Utstilling med gamalt butikkinventar

Oppe:

  • 4 komplette verkstadar: Urmakar, skomakar, skreddar, bokbindar
  • Musikkinstrumentsamling

Dølven skule

Til vanleg ikkje med i omvisingsrunda om ikkje det er spesielt interesserte.

  • Komplett  lærarbustad i andre etasje frå då den siste læraren budd der, Ingvar Koppervik. Han flytta ut i 1966. Valdresmusea har fått laga film om oppveksten i skulehuset der dei tre døtrene ​til Koppervik fortel. Sett gjerne på den i adm.bygget
  • I fyrste etasje skulesal med gamalt inventar.

Ved Islandselva

  • Oppgangssag frå Landmark i Nord-Aurdal, 1860. Flytta til Islandsmoen i 1944. 
  • Bekkekvern frå 1798, opphaveleg frå Tronrud i Bagn. Flaumvatnet var nytta til å male korn, kverna var i bruk til 1915.
  • Badstugu frå Åsen, bygd kring 1760. Vart brukt til å tørke korn.
  • Stabbur frå Juve
  • Rekonsturert skogskoie på andre sida av elva. Tømmerhoggarane overnatta ofte i skogen heile veka medan dei var på arbeid.

Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2