Hopp til hovedinnhold

Olaus Islandsmoen

Høvding og aristokrat. Skulemann, foreiningsmenneske og ein såmann i opplysingsarbeid. Grunnleggjaren av Bagn Bygdesamling var ein mann som sette spor etter seg.

Olaus Islandsmoen (1873-1949) vaks opp på garden Islandsmoen. Han tok student­eksamen i Kristiania i 1895 og studerte jus i 1903-06. I studietida rasa unionsstriden, og Olaus vart sterkt oppteken av arbei­det for nasjonsbygging, forsvarsarbeid og skuletankane til Grundtvig. Han utvikla òg tidleg ei sterk interesse for lokal­historie, ungdomslags- og fråhalds­arbeid. Alt dette gjorde at Olaus vart kalla til å gå inn i skulearbeidet: «Folk laut vekkjast til å gå inn i den nye arbeidsdagen».

Eit høvisk åndsmenneske

Dei fyrste åra i arbeidslivet bestod av eit år som huslærar for ein musikalsk familie med åtte ungar i Østerdalen, fem år som bestyrar og lærar for den private middel­skulen i Sør-Aurdal og eit par år som lærar ved den nyoppretta Valdres Folkehøgskule på Løkji i Vestre Slidre. Folkehøgskulerektoren og landsmåls­mannen Ola E. Bø skreiv i ein attest frå 1904 at Olaus var «umframt flink i sang og spel», at han som lærar heldt «god tugt og age paa ungdommen» og at han var «ein sers hugnaleg og trøysam mann». Bagnspresten Thomas Barth skreiv i ein av sine attestar om Olaus at han hadde «en varmhjertig, dannet, høist tiltalende Personlighed med et i enhver Henseende udmerket godt moralsk Forhold».

I 1906 vart Olaus styrar for den nyopp­retta Vestoppland folkehøgskole på Brandbu, og saman med landbruks­kandidat Benum både eigde og dreiv han folkehøgskulen der fram til 1939. I følgje skule­planen av 1932 var Islandsmoen lærar i norsk, lesing, Noregs soga, geografi, boksoga, helselære, religion og framande mål, medan andrelærar Benum underviste i rekning, landmåling, verdshistorie, naturfag, jordbruksfag og teikning. Andre lærarar tok seg av handverk, gymnastikk og «praktiske jentekurs» med kjøkkenlære.

Som lærar skal Olaus ha hatt ei høvisk framferd, for det meste i stivtøy med kvitt skjortebryst, svart silkesløyfe, kalosjar og hanskar. Benum gjekk i busserull. Olaus skal ha vore nøktern og tørr i sin måte å undervise på, medan Benum var full av humor. Samstundes skal Olaus ha vist ein eigen evne til alltid å «snakke sitrande med hjartet», og dei to lærarane skal ha hatt stor respekt for kvarandre.

Arbeid for eit rikare kulturliv

Store deler av livet var Olaus aktiv i ungdoms­lags-, mållags- og fråhalds­rørsle både lokalt og nasjonalt. Gjennom livet var han med i styret og i periodar formann for Valdres Ungdomslag, fylkes­ungdomslaget Uppland, Austmanna­laget, Noregs Ungdomslag, Noregs Mållag, Noregs Høgskulelærarlag og Norges forsvarsforening. Olaus var med i styret for Landslaget for bygde- og by­historie, han var med å stifte Norske Museers Landsforbund 1918 og han sat i styret der til 1945.

Olaus var ein aktiv samfunnsdebattant, og var ein periode òg stortingsrepresentant for det Radikale Folkeparti. Der var han særleg aktiv i kultur-, utdannings- og forsvarsarbeid, og opprettinga av Stats­arkivet på Hamar var ei av dei merke­sakene som han fekk gjennomslag for.

Han skipa jamt til både stemner med taler, dans, teater, song og musikk – både i Valdres og på Hadeland. Sjølv var han ein habil songar, og han kunne spele både hardingfele og langeleik. I dei historiske spela som vart sett opp hadde han ofte sjølv framtredande roller. Slik ser det ut til å ha vore gjennom heile livet; anten han var ung eller gamal. Typisk var målmannen Anders Vass­botns skodespel «Meinhøve», sagaspelet «Fridtjof den frøkne og Ingebjørg», og «Olavsbilete» som handla om Olav den heilage.

Islandsmoen drog på mange foredragsturnéar, og då talte han mellom anna om sine studiereiser til utlandet. Han var både på talarferd til Danmark, på Norrana­ferd til Færøyene, til Stor­britannia og Amerika. På turane stud­erte han ofte også det lokale skulestellet. På 100-årsfesten for det norske Amerika i 1925 var også den amerikanske presidenten til stades.

Bygdebokmann og museumsstiftar

Olaus skreiv mykje, mellom anna boka «Søre Aurdal og Etnedalen. Noko tilfang til ei bygdesoge um Valdres» (1914), var svært aktiv i bygdebokarbeidet på Hade­land og var formann i Valdres bygdebok­komité frå 1922. Han var drivkrafta for reisinga av Hadeland Folkemuseum i 1913, og fungerte òg som styrar der i lang tid. Og ikkje minst var han aktiv i styrearbeidet ved Valdres Folkemuseum, heilt frå stiftinga i 1901 og livet ut.

I 1920 starta Olaus gardsmuseum på heimgarden Islandsmoen. Saman med familie og naboar fekk Olaus flytt bygningar og gjenstandar både frå garden og nabogrendene til museet. Kvart år samla Olaus familie og vener til årlege bygde­stemner med taler og musikk.

I 1939 gav Olaus gardsmuseet til bygdefolket, og samlinga fekk namnet Bagn Bygdesamling. Han flytte frå Brandbu og rigga seg til med arbeidsrom i andre høgda i gamlebygningen på Islandsmoen. Dei siste åra budde han hjå systera si «Karimor» på garden Øyhus. I 1949 døydde Olaus. Islandsmobygningen, inkludert arbeidsrommet etter Olaus, vart flytt ned i bygdesamlinga året etter. Det vart inga vanleg skifte etter Olaus. Familien vart samde om at ingen­ting skulle takast ut av buet, og at midlane etter han skulle gå til utvikling av Bagn Bygdesamling.

Eit markant tuntre

Olaus opererte i ei samtid der folk gjennom fleire generasjonar hadde dratt til Amerika for å realisere draumane sine. I gamlelandet hadde framtidsutsiktene for mange lenge vore dårlege, særleg om ein ikkje eigde jord.

Mot slutten av 1800-talet var vinden i ferd med å snu. Verda hadde vorten mindre, og nye trendar prega korleis folk dreiv jordbruk, bygde hus og kledde seg. Kunnskap som var overført frå gene­rasjon til generasjon, gjennom hundrevis av år, var i ferd med å gå i gløymeboka. Med industrialiseringa overtok maskinar for hesten og menneska. Tradisjonelle hus, klede, gjenstandar og reiskap gjekk gradvis ut av bruk, vart rivne, kasta, gjett bort eller selt for ein billig penge.

Fleire og fleire var opptekne av at Noreg måtte frigjere seg frå unionen med Sverige og at «den norske nasjonale kulturen og karakteren» på bygda skulle vera med å legitimere ein sjølvstendig norsk stat. Nokre samfunnsengasjerte menn frykta samstundes at lokalbefolkninga innan kort tid ville miste både gamal kunnskap og forankringa si til historia. Olaus Islands­moen var både lokalt og nasjonalt ein av dei mest markante i dette arbeidet. Han søkte utover i verda og bakover i historia. Han var oppteken av å samle folk og spreie meining og framtids­optimisme.

I arkivet etter Olaus finst mellom anna dagbøker, foredrag, brev og notat. Han skreiv mykje, til dømes om bygdehistorie, forsvarspolitikk og tilhøve i Amerika. At han hadde ei grunnleggjande gudstru og stor omtanke og omsorg for eigen fami­lie er det liten tvil om. Han skal ofte ha sagt: – Det er true som gjere det meste.

Samstundes kan det sjå ut til at han skreiv lite eller ingenting om korleis han sjølv levde og opplevde livet. Kan hende var det slik fordi samfunnet stadig var tufta på kollektive framfor individuelle verdiar og personlege kjensler. Kan hende var han sjølv eller andre som har rydda arkivet tatt unna personlege dokument. Med dagens auge er det lett å bli nyfiken. Korleis var Olaus som person? Kva rørte seg inni han? Kvifor var han ugift? I ein setning i dagboka si opnar han i 1916 litt opp, og det er som ein kjem Olaus litt tettare inn på livet her: – Eg vil alltid sjå ljost på livet. Eg er slik laga.

Då Olaus vart 75 år, i 1948, fekk han Kongens fortenestmedalje i gull for museums­arbeidet sitt. Same år fekk han skriftleg dokument frå lensmannen på at han aldri hadde hatt noko å gjera med Nasjonal Samling.

I Vestopplands folke­høgskule sitt jubi­leumshefte frå 1981 kan ein lesa at Olaus var radikal og konservativ på same tid og at han «gikk ikke smertefritt gjennom livet som jo var preget av kamp helt fra ungdommen av. Det var mange som harsellerte med ham, og det var mange som hånet ham, og det var også de som gav ham hogg og risp. Han lot seg ikke ense av det, han var den samme helstøpte personen som alltid førte seg høvisk selv i kampens hete». I heftet kan ein òg lesa at Olaus hadde mange fellestrekk med kong Haakon, og at det skal ha vore mange som tok feil av dei to.

I 1950 skreiv Ingvar Koppervik minneord om Olaus i tidsskrift for Valdres historie­lag. Der skriv han slik om høvdingen i Sør-Aurdal: «Han gjorde ikkje skil på folk, men spreidde glede og livsmot i kring seg overalt der han vanka. Han var midtpunktet i festleg lag og skapte feststunder i kvardagen. (...) Alle såg opp til han og var glade i han. Det er tuntreet som har falle her no.»

Publisert 15. juni 2020

  • 1/3
    Biletet av Olaus i studietida er teke kring 1895 av Aug. Haraldson. BV 83-009.
  • 2/3
    Biletet viser den ugifte Olaus Islandsmoen kring 1918, slik han pleide gå kledd, i dress, kvitt skjortebryst og svart silkesløyfe. Fotograf: Olav Neste. BV 85-139.
  • 3/3
    Olaus Islandsmoen i bunad, på Brandbu i 1936. Fotograf: Kristine Bryn Deinboll. BV 83-204C.

Bibliografi

  • Søre Aurdal og Etnedalen. Noko tilfang til ei bygdesoge um Valdres, 1914
  • Vestuppland folkehøgskule 1906–1935, Brandbu 1935
  • Forsvarssaka (sm.m. H. Skibsrud), 1940

Kjelder og litteratur

  • Alm, J. M. : “Olaus Islandsmoen”, i Fylkeslaget Oppland 1899–1979, Dokka 1979, s. 21–30
  • Alm, J. M. : Vestoppland Folkehøgskule 1906–1981, Jaren 1981, s. 57–58 og 69–76
  • Arkivet etter Olaus Islandsmoen, Bagn Bygdesamling
  • Biografi i Lindstøl, bd. 1, 1914
  • Bråten, Trond: Bagn Bygdesamling. Ein gløtt av gamletida, Sør-Aurdal 2000
  • Gjermundsen, Jon Ola: Gard og bygd i Sør-Aurdal. Valdres bygdebok 1988
  • Hermundstad, Knut: “Olaus Islandsmoen 70 år”, i Valdres 14.2.1942
  • Høverstad, Torstein: “Tale ved avdukinga av maleriet på Vestoppland folkehøgskole”, i Nationen 25.2.1953
  • Koppervik, Ingvar: “Olaus Islandsmoen”, i Tidsskrift for Valdres Historielag 1950, s. 293–296
  • Norsk allkunnebok, bd. 6, 1954
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1