Hopp til hovudinnhald

Sigurd Islandsmoen

Komponist, musikar og folketoneinnsamlar frå Bagn

Sigurd Islandsmoen (1881–1964) vart ein populær og landskjent organist, komponist og dirigent. Han vaks opp i ein heim med mykje song og musikk, som yngstebroren til museumsstiftaren Olaus.

Som smågut på Svartsetra laga Sigurd seg seljefløyter, og han brukte ha med seg ei fjøl med påmåla raude orgeltangentar som han ofte sat og spelte på. Tonane høyrde han inni seg. Då han vart ni år laga difor farbroren eit orgel til Sigurd. Far og farbrørne til Sigurd var alle svært musikalske, og Sigurd lærte seg mange slags instrument.

Eit liv for musikken
I unge år var Sigurd med å skipe fleire songlag og blåsarorkestrer i bygda, til dømes Bagn og Reinli Strykerkorkester og Bagn og Hølera songlag. Sigurd var dirigent, han var lokal organist, han var lærar på Dølven skule og han var òg med å skipe til fleire songarstemne. Sigurd tok utdanning ved musikkonservatoriet i Kristiania og lærarskule i Elverum. I 1912-13 tok han utdanning i Lepzig, hjå den kjende Max Reger. Der gjekk han ofte på orkesterprøver og kyrkjekonsertar med namngjetne orkesterleiarar. Sigurd hadde også mykje å seie for musikklivet på Gjøvik, der var han lærar frå 1911 til 1916. Melodien til Gjøviksongen skreiv Sigurd i 1938.

I 1916 vart Sigurd tilsett som organist i Moss. Frå då av ofra han seg heilt for musikken. Der budde og arbeidde han livet ut. Han var fast organist i kyrkja til han var 80 år, han var dirigent og primus motor for ulike kor, orkester og korps på same tid. Heime øvde han mykje, han skreiv artiklar om musikk, han grubla på musikalske problem og han komponerte ikkje minst mange ulike songar, kor- og orkesterverk, og endog ein opera.

I 1934, 1947 og 1949 nytta Sigurd feriane sine til å dra rundt i heile Valdres for å samle ei stor mengde folketonar. Han kom seg rundt gåande, med buss, drosje eller tog, og kjende seg så oppliva av desse turane. Fleire av folketonane nytta han i sine eigne komposisjonar, ikkje minst i kor- og orkesterverket Messa Solemnis. Fleire av folketonane vart nytta av kor han dirigerte og nokre vart spela inn av NRK radio.

Islandsmoen vart riddar av St. Olavs orden i 1949 og fekk Statens kunstnarløn frå 1952. Han var gift med lærarinna Ragna Eker frå Gjøvik, og saman hadde dei borna Randi og Per.

Sigurd og bygdesamlinga
Då Sigurd var 21 år gamal og skulle heim etter eit år på Musikkonservatoriet, tok han tog frå hovudstaden til Røykenvika, så dampskip over Randsfjorden til Odnes, sidan gjekk han heile natta via Leirskogen. Då han såg heimplassen Islandsmoen nede i dalen medan sola stod opp, tonesette han Jørgen Moe sitt dikt 'Det lysnet i skogen' frå 1850. Av mange komposisjonar som Sigurd skreiv gjennom livet, er kanskje dette den mest kjende:

Det lysnet i skogen da ilte jeg frem
snart sto jeg hvor bakkestupet skrånet.
Jeg så den vide bygd og jeg så mitt kjære hjem,
jeg så hvor de fjerne åser blånet.
Jeg så de brede fjorder som skar seg inn i bukt,
og elven så jeg blinke og krumme seg så smukt,
jeg lengtes til de sollyse sletter.

Og dog var det atter som den sukkende li,
kunne blidelig holde meg tilbake,
som om den bak meg hvisket: Forlater du min sti,
for ned i folkevrimmelen å drage.
Akk skogen og fjellvannet hadde i mitt sinn
for første gang suset sin vemodstanke inn,
og siden jeg glemmer den vel aldri.

Thi ofte når jeg går i den myldrende by,
med de bonede skinnende saler,
den samme hvisken lyder så bønnlig så blyg,
fjernt henne fra min barndoms grønne daler.
Da griper meg en lengsel til skog og til fjell,
jeg hører atter bjeller og lurlokk hver kveld,
og sus gjennom skjeggete graner.


Etter at broren Olaus gjekk bort i 1949 hjalp Sigurd til økonomisk på Bagn Bygdesamling. På bygdesamlinga måleri og mange foto av Sigurd, instrument han har nytta og noter han har skrive. Ein kan òg lytte til musikken som Sigurd komponerte.

Publisert 15. juni 2020

  • 1/1
    Innsamlingsferder i Valdres, 1934: Sigurd Islandsmoen (t.v.) tok turen via Tyin, Eidsbugarden og Bygdin under ein av sine tre folketoneferdar i Valdres. Fotograf: Knut Hermundstad. VFF 4-001156.

Kjelder og litteratur

  • Bråten, Trond: Bagn Bygdesamling. Ein gløtt av gamletida, Sør-Aurdal 2000
  • Hermundstad, Knut: 
  • Gaukstad, Øystein: Valdrestonar. Valdres Bygdebok 7. Leira, 1973​ 
  • Gjermundsen, Jon Ola: Gard og bygd i Sør-Aurdal. Valdres Bygdebok 1988
  • Grinde, N.: Norsk musikkhistorie, 3. rev. utg. 1981, s. 329
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1