Hopp til hovedinnhold

Stordahl-arkivet

  • Frå arkivet etter Anna og Erling Stordahl Foto: Cathrine Dokken

Arkivet
Arkivet etter musikaren, idrettsaktivisten og føregangsmannen, Erling Stordahl (1923–1994), er eitt av dei største arkiva og vart i 2014 innført i Norges dokumentarv.

Då Erling Stordahl døydde i 1994, vart arkivet etter han og kona Anna gjeve til Valdres Folkemuseum. Arkivet er eit unikt kjeldemateriale over Stordahl og den innsatsen han la ned for likeverd og funksjonshemma sine rettigheiter og livskvalitet i Noreg og i utlandet. Og det er i fyrste rekke den offentlege personen, samfunnsbyggaren Erling Stordahl vi møter i arkivet. Her finst korrespondanse med politiske og kyrkjelege leiarar, kongelege og fredsprisvinnarar - til dømes om Storedal kultursenter, Beitostølen helsesportsenter og privatlivet. Her er mange originale tekstar (skjønnlitterære og artiklar), samt foto og film. Arkivet etter Anna er meir smålåtent, og er særleg knytt til barneforeinings-arbeid og heimen i Bamseli. Til saman består arkivet av 350 eskar med materiale. Sjå Arkivportalen.

Bakgrunn
Erling Stordahl var fødd i 1923 og vaks opp som odelsgut på garden Storedal i Skjeberg. Han var fødd med synsskadar og vart blind i 13-årsalderen. For blinde på 30-talet peikte framtida som oftast i to retningar, og dei aller fleste vart verande att i barndomsheimen, forsørgd av familien. Slik skulle det ikkje gå med Erling Stordahl.

Han tok examen artium i 1943 og organisteksamen i 1947. Han vart fyrst kjend som musikar, ikkje idrettsmann, og vart noregsmeister i trekkspel som 15-åring. Han spelte inn 120 melodiar, blant anna slageren Minnenes melodi saman med Gunnar Engedahl, som òg var blind, og inntektene av platesalet gav dei til Norges Blindeforbund. Stordahl og Engedahl reiste på turné for Blindeforbundet i over 20 år, dei held 5000 konsertar og vart kanskje våre mest folkekjære artistar.

I 1953 gifta Erling Stordahl seg med Anna Windingstad og saman bygde dei huset Bamseli på Beitostølen, som dei fyrste fastbuande her. Og det var også her Erling fekk ideen til å etablere Riddarrennet, og noko seinare Beitostølen Helsesportsenter.

Riddarrennet og Beitostølen Helsesportsenter
Det er Riddarrennet og Helsesportsenteret som kom til å bli dei store minnesmerka over Erling Stordahl sitt liv og virke. Riddarrennet, arrangert fyrste gong i 1964, er eit skirenn og ei vintersportsveke for blinde og andre med funksjonshemmingar, og blir framleis arrangert på Beitostølen.

Erling Stordahl var direktør ved helsesportsenteret fra 1970 til 1993. Ein slik innsats blir sjølvsagt lagt merke til. I 1966 vart Stordahl riddar av St. Olavs orden, og han vart forfremma til kommandør av den kongelege St. Olavs orden i 1994 I 1975 fekk han Peer Gynt-prisen og i 1981 Norsk kulturråds ærespris.I 1970 vart og Storedal Kultursenter, med friluftsteater, sansehage og lydskulpturen «Ode til lyset» innvia på farsgården i Skjeberg.

Testamente: «Arkivet etter Anna og Erling Stordahl»  
I testamente etter Anna og Erling Stordahl framkom det at arkivsamlinga etter dei to skulle overførast til Valdres Folkemuseum. «Arkivet etter Anna og Erling Stordahl», som det heiter, inneheld 351 arkivboksar og 39 avis-utklippsbøker, og er ordna tematisk i 15 kategoriar. Stordahl-arkivet vart ordna i åra 1999–2006 og i 2014 vart det innført i Norges dokumentarv.

Valdresmusea sitt formidlingsarbeid følgjer i dag i spora etter Erling Stordahl. For, der vi tidlegare arbeidde med formidling av folk og livsformer som gav identifikasjon for fleirtalet, så er det i dag eit mål å formidle mangfaldet av forteljingar og livserfaringar. Med arkivet etter Anna og Erling Stordahl vil dette vera mogleg på ein unik måte med eit breit samfunnsperspektiv.

Publikasjonar
Fleire forskarar har hatt tilgang til arkivet og arbeida har resultert i tre publikasjonar. I 1972 gav Otto Johansen ut boka «Ridderspranget. Erling Stordahl og hans verden». I 2010 kom boka «Erling Stordahl. Ildsjel og banebryter», skrive av Espen Andersen, og i 2013 gav Tor Harald Skogheim og Inge Morisbak ut «Ridderrennet på Beitostølen – Mulighetenes arena i 50 år».

Utstillingar
Deler av arkivet er blitt stilt ut. Sidan 2006 er 33 arkivsaker, 35 fotografi og 70 gjenstandar utlånt til ei minneutstilling på Bamseli på Beitostølen. I 2011 opna Skimuseet utstillinga «Er det mulig?», ei utstilling om funksjonshemming, snø og ski. Som far til den moderne vinteridretten for funksjonshemma var Stordahl representert her, saman med Cato Zahl Pedersen og andre banebrytarar. Frå 2014 til 2018 sto utstillinga på Valdres Folkemuseum. 

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1