Hopp til hovudinnhald

Næmingen

Den kulturelle skulesekken

Rollespel for 1. og 2. klasse

«Næmingen gik seg aat Berge ind, Alt dit som Ilden monne skinne. Der inne saa sad den fagraste Jørg, Aa rørde i Elden mæ Naso. Næmingen unge han kunde vel paa Skio renne»

Næmingen er ute på ski og jaktar då han møter ei gyger (troll). Han seier at han har komme for å fri til henne, og gygra dreg glad av stad for å invitere gjestene til bryllaupet. Men, Næmingen er ein luring og vil slettes ikkje gifte seg med trollkjerringa. I staden tek han med seg kjærasten sin som sit fanga inne i berget. I tillegg til kjærasten, tek han med sølv og gull. Gygra ser etter dei, men døyr då sola står opp. 

Program

Næmingen er eit rollespel der ungane er riddarspirer med oppgåve å redde Næmingen og jenta, og hjelpe Næmingen å stele skatten frå gygra. Næmingen har lagt att eit brev med leietrådar som ungane må løyse for å klarer oppgåva. Undervegs lærer ungane historier om livet i nokon av husa på museet.

Klassetrinn: 1. og 2. klasse. Maks 30 elevar per gruppe

Lengde: Opplegget varer cirka 1,5 time

Pris: 50 kr/elev

Til læraren

Alle grupper som deltek i undervisingstilbodet, skal ha med seg ein vaksen, og det er læraren som har ansvaret for gruppa. Ved museet ønsker vi å gi dei unge gode opplevingar. Erfaringa vår er at dei som er godt førebudd, dei lærer mest. Snakk med borna før de kjem; kva er eit museum, korleis oppfører ein seg og kva skal skje under besøket? Meld frå i god tid om de har særskilde behov. Vi gler oss til å sjå dykk!

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1