Julegjest

  •  (Foto/Photo)

Marit Karlberg – song, langeleik og lyre
Frank Henrik Rolland – song og hardingfele
Sigbjørn Apeland – song og trøorgel

Me inviterer deg inn for å lytte til dei gamle og gløymde, men vakre og særprega melodiane til advents- og julesalmane i songtradisjonen i Valdres. Songane har me funne i folkemusikkarkiv og gamle notenedskrifter, og latt dei få følgje av hardingfele, trøorgel, langeleik og lyre. Me har også funne plass til eit par nyskrivne songar, og nokre verdslege julesongar som høyrer julegjestebodet til. Velkomen!

I Valdres finn vi ein eineståande sterk folkesongtradisjon som er dokumentert blant anna gjennom Ludvig Mathias Lindeman sine nedskrifter av Kingotonane til Andris Eivindson Vang. Vang kunne føre sin tradisjon fleire slektsledd attende, til Kalvedalspresten og 1600-talet då Kingo reformerte den dansk-norske kyrkjesongen. På denne konserten kan du lytte til dei vakre advents- og julesalmane frå denne Valdrestradisjonen med røter heilt attende til 1600-talet. I tillegg får du ta del i førjulsstemningar i heilt nyskrivne songar, og kjenne på dansedrivet i arrangementa av nokre av dei gamle juleleikane.

STAD: Valdres Folkemuseum
TID: Sundag 4. desember 2022 kl. 16.00
PRIS: Konsterten avlutter årets Skarke på Valdres Folkemuseum