Ingen ynskjer mus i hus eller hytte. Gjennom tidene har menneska vore oppfinnsamme - og kampen for å halde musa borte frå mat og bustadar har vore meir eller mindre vellykka.
Gunnar H. Gundersen samlar på musefeller. Som professor og underviser i designfaget ved OsloMet, vart musefelleinteressa ei openbering - ikkje minst som inngang til å samtale med studentane om funksjon og konstruksjon. Musefeller er i utgangspunktet små, kvardagslege objekt som ved nærare undersøkingar inneheld mange lag av informasjon, og dei kan spegle både kulturforskjeller og samfunnsutvikling.
Gundersen vil fortelje om kulturforskjellar, etikk, materialbruk og ulike måtar å kommunisere budskap på.
Foto: Benjamin A. Ward, HiOA
Velkomen til foredrag under skarka.
STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum
TID: Sundag 4. desember 2022 kl. 12.00
PRIS: Foredraget er del av årets Skarke på Valdres Folkemuseum