MØTE MELLOM GENERASJONAR
- Lær om gamle førjulstradisjonar
- Høyr lyden av dombjeller, forteljingar, julesongar og folkemusikk
- Bli med på kanefart, lysstøyping og juletrepynting
- Lag peparkaker, julepynt, papirstjerner og sopelime
- Sjå demonstrasjon av lompebakst, trearbeid, firfletting og filering
- Opplev tradisjonsrik basar, kl. 15.00
- Kjøp julegaver og mat til julebordet på førjulsmarknaden
- Her er julebakst, fjellgris, rakfisk, vilt, sylte, kurv, ost, lefse, sylv, keramikk, trearbeid, skinnarbeid, fugleband og mykje anna
- Open museumskafé
- Parkering ved Valdres Folkemuseum og i parken på Fagernes
STAD: Valdres Folkemuseum
TID: Sundag 6. desember 2020 Kl 12.00-16.00
Billettar
Billettpris: Familie (2+2) kr 250 / Vaksne kr 100 / Barn kr 50 / Seniorar kr 80
Kva er skarke?
Tida før jul blir kalla skarke i Valdres. Då førebur vi oss til jul med bakst og rundvask. På Valdres Folkemuseum tenner vi fjøslyktene, koker kaffi og steller i stand til god, gamaldags førjulstid. Det har vi gjort kvart år sidan 1994. Alltid første sundag i desember.
- 1/1
Frå førjulsverkstad på Valdres Folkemuseum. Foto: Anne-Marte Før
Godt samarbeid
Vi takkar alle som er med oss ved Valdresmusea å skape Skarke på Valdres Folkemuseum, og då særleg Vennelaget for Valdres Folkemuseum og deira basargjeng! Ta kontakt om DU vil vere med å bidra neste år.