Hopp til hovedinnhold

Nytt lys over 200 år gamle notatar

Arkivet etter Gudbrand S. Skattebumoen (1804–1880)

I ei tid der kampen om sanningane utspelar seg på alle flater, er det viktig at musea speglar røyndomen slik den faktisk er. For musea skal ikkje konstruere historiske sanningar og musea skal ikkje skapa våre identitetar. I staden skal vi formidle dei livserfaringane som faktisk ut-speler seg, og det skal vi gjere anten vi likar dei eller ikkje, anten vi forstår dei eller ikkje.​

Det betyr ikkje at vi ikkje skal rette blikket bakover. Arkivgullet er sjølvsagt viktig – fordi det gjer oss klokare. Og derfor skal eg fortelje om den 200 år gamle boksamlinga etter Gudbrand G. Skattebumoen frå Øystre Slidre. Denne samlinga er eit viktig historisk dokument, som fortel om ei tid som ikkje lenger finst. Men den største verdien er likevel at ho gjer dagens musikkliv rikare og meir mangfaldig.

Den organiserte musikkinnsamlinga i Noreg byrja tidleg i 1840-åra. Handskrivne songtekstar før den tid er sjeldsynt. I 2017 overtok Valdresmusea ei handskriftsamling etter Gudbrand G. Skattebumoen (1804–1880). Dette er ei samling som lenge har vore kjent for forskarar, men som aldri vore vitskapleg undersøkt. Målet med vårt prosjekt er derfor å stille samlinga til råd-velde for filologane, som analyserer og transkriberer ho, og å sikre samlinga for ettertida.

Prosjektet har omfatta skanning, transkribering og analyse, og formidling gjennom foredrag og konsertar. Arkivarane ved museet har vore sterkt involvert, men det er norrønfilolog Børge Nordbø som har utført sjølve analysen og transkriberinga. Han var tidlegare involvert i ballade-prosjektet til Nasjonalbiblioteket. Dette prosjektet gjekk i over 30 år fram til 2016. Prosjektet vårt er på sett og vis ei vidareføring av dette nasjonale prosjektet.

Handskriftsamlinga etter Gudbrand G. Skattebumoen vart påbegynt i 1805 og vart til i sju band i løpet av dei neste 45 åra. Dei tidlegaste tekstane er derfor skrive av andre enn Skattebumoen sjølv. Mangfaldet i bøkene er stort: Her er mellomalderballadar, religiøse songar, skillingsviser og eventyr. Og her er «Brynings vise», ein ballade med 105 vers.

Materialet er unikt og bidreg til å kaste nytt lys over det eldste norske songmaterialet. Kvifor? Jau, då den organiserte musikkinnsamlinga starta i 1848 var det melodiane, ikkje songtekstane, som musikksamlarane noterte ned. Det var organisten Ludvig Mathias Lindeman som bana veg for dette arbeidet. Han fekk stipend frå staten til å samle gamal norsk musikk, for på det grunnlaget reformere den norske salmesongen. Noko songtekst skreiv han ned, men som oftast berre den fyrste strofa av kvar melodi. Arbeidet til Lindeman starta for øvrig i Valdres og av det totale materialet utgjer songar frå Valdres ¼ av det tilfanget.

Lindeman sine melodi-nedteikningar er trass fråveret av tekst av stor verdi. For dagens forskarar og songarar er melodiane eit godt utgangspunkt for forstå den eldste songen. Men fordi dei handskrivne visebøkene med norsk tekst i så liten grad har vore tilgjengeleg, har songarane og forskarane måtte hente tekstar frå danske, trykte kjelder. Med boksamlinga etter Skattebumoen får vi no innsikt i ei unik norsk kjelde som fortel oss kva folk i Noreg faktisk song.

Skattebumoen var sjølv songkjelde for Lindeman, då han kom på si andre reise til Valdres i 1865. Også denne gongen noterte Lindeman berre fyrste strofa av songane Skattebumoen song. Lindeman kommenterer òg at Skattebumoen sjølv har skrive ned songane, men reknar med at dette berre er avskrifter av Kjempeviseboka frå 1695 og Hundreviseboka frå 1591.

Med Børge Nordbø sin analyse vil ein kunne avdekkje samanhengar i det eldste norske song-materialet som det fram til no ikkje har vore mogeleg å sjå. Det skanna materialet omfattar totalt 1327 filer fordelt på sju mapper, til saman 2654 sider. Samlinga er formidla gjennom tre konsertar, alle i samarbeid med folkesongarar frå Valdres, Hallingdal og Gudbrandsdalen, og forskarar ved Nasjonalbiblioteket. Materialet vil om litt bli tilgjengeleg på museet sine nettsider – og dei vil definitivt bli del av ein rikare og meir mangfaldig samtidig songkultur.

Innlegg på seminar om samtidsdokumentasjon
Vegmuseet, 21. november 2019

  • 1/4
  • 2/4
  • 3/4
  • 4/4
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1