Hopp til hovudinnhald

Skattebumoens boksamling

Sju unike visebøker frå Øystre Slidre

Handskriftsamlinga er unik i norsk samanheng

Den organiserte musikkinnsamlinga i Noreg byrja i 1840-åra. Handskrivne songtekstar før den tid er svært sjeldsynt. Men i Øystre Slidre finst ei 200 år gamal handskriftsamling etter songaren og folkeminnesamlaren Gudbrand G. Skattebumoen (1804–1880). 

Dei tidlegaste tekstene i samlinga er frå 1805. Det gjer boksamlinga unik i norsk samanheng. Handskriftsamlinga etter Skattebumoen vart til i sju tjukke band over ein periode på 45 åra og mangfaldet er stort: Her er mellomalderballadar, religiøse songar, skillingsviser og eventyr. Det finst ikkje att mange handskrivne visebøker frå denne tida, og av dei som finst, er det få som er lett tilgjengelege for forskarar og publikum.

BØKENE ER NO TRANSKRIBERT

Valdresmusea har i deponi denne samlinga av bøker etter songaren Gudbrand G. Skattebumoen. Sjølv om det er mogeleg å få innsyn i bøkene, gjer ikkje det knudrete, gotiske skriftbiletet saka betre; dei som skreiv slike bøker var ofte lite trena i skriving og ortografi. 

I fleire år har Valdresmusea arbeidd med å sikre og transkribere det verdifulle bokmaterialet, og bøkene er no skanna og transkribera er i gang. Prosjektet er blitt til i samarbeid med filolog Børge Nordbø, med stønad frå Norsk kulturråd.

Transkripsjonen av Skattebumoen si boksamling gjer det mogeleg å få eit betre bilete av songmaterialet før den organiserte innsamlinga tok til frå 1840-talet.

Den transkriberte teksten:

Om Gulbrand G. Skattebumoen

«Gulbrand var gytlar attåt han var bonde, såleis laga han hestemål som han fekk 1 mars stykket for. Så laga han spjelkar (vevstrammarar). Skattebu-Moen bygde han opp frå nyo med seterhus, fjøs, låve, eldhus, smie, kvernhus. Sonen hans, Gulbrand, var visesongar, som faren òg munnhorpespelar. Kona Ingrid spelte langeleik og stut. Gulbrand hadde ei stor boksamling, særleg ei mengd songbøker og salmebøker, fulle to store pappaskar.» [Knut Hermundstad]

  • 1/3
  • 2/3
  • 3/3
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1