Hopp til hovudinnhald

Uvdal og Nore

Smijernsbeslaga i Uvdal og Nore er heilt forskjellige frå beslaga i Sogn og Valdres. Dei har opphav i ein tradisjon i Øvre Telemark og blir kalla «korsblomebeslag».

Namnet kjem av at naglehovudet er forma som ein korsblome. Beslaga har fire eller åtte utløparar ut frå beslagplata, og alle utløparane endar i blomar som liknar korsblomar eller liljer. Dei einaste drakane på desse beslaga er små hovud som bit seg fast i beslagsplata. På dørringen er det eitt drakehovud på kvar side av dørringen. Til forskjell frå dørringane i Sogn og Valdres, har dørringane i Nore og Uvdal tre messingringar.

I Øvre Telemark finst det mange av desse beslaga, og dei finst på både kyrkjebygg og profane bygg som loft og stabbur. Det er likevel stor variasjon i utføring og handverk: nokre er svært forseggjorte medan andre att er enkle.

Frå Øvre Telemark har beslagstypen spreitt seg til kyrkjer som Nore, Uvdal, Gol, men òg Hemsedal. Beslagsgruppa følgjer truleg ein handelsveg mot Vestlandet. Det må føyast til at beslaget i Hemsedal også har vestlandske trekk som høyrer heime i «drakehovudgruppa».

Uttak av jernprøver frå stavkyrkjene Nore og Uvdal baud på ein ny utfordring. Det var ingen brot på sjølve beslaget som gjorde det enkelt å få tak i ein bit. Steven smed måtte derfor finne seg ein jernbit på baksida av dørringens feste. Heldigvis fekk han det til fordi det allereie her var små skadar i jernet.

  • Smijernsdetalj frå Uvdal
    1/5
    Frå Uvdal stavkyrkje
  • Smijernsdetalj frå Uvdal
    2/5
    Frå Uvdal stavkyrkje
  • Smijernsdetalj frå Uvdal
    3/5
    Uvdal stavkyrkje
  • Nore stavkyrkje
    4/5
    Nore stavkyrkje
  • Nore stavkyrkje
    5/5
    Nore stavkyrkje
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1