Hopp til hovudinnhald

Utvandring

  • Raudt lite hus
    Amerikahuset på Valdres Folkemuseum Anne Marit Noraker | Valdres Folkemuseum

Amerikahuset [56] på Valdres Folkemuseum vart sett opp i 2006. var utvandraren Knud Knudsen Neste frå Vestre Slidre, som bygde seg dette huset då han busette seg ved Decorah i Iowa i 1854. Tilbakeføringsprosjektet var et samarbeid med Vesterheim Norwegian American Museum i Decorah Iowa.

Kvifor drog dei?

Mot slutten av 1800-talet gjekk behovet for arbeidskraft ned. Jordbruket endra seg mykje med ny teknologi, opplysingsverksemd og modernisering av driftsmetodar. Dette gav auka avlingar, større åkrar, fleire dyr, endra bruk av utmarka og auka produksjon per innbyggjar. Dette vart ei stor utfordring i eit samfunn der det allereie var fleire folk enn det var næringsgrunnlag for. 

Dårlege materielle levekår (for særleg husmenna) og draumen om eit betre liv var av faktorane som særleg bidrog til at folk utvandra til Amerika. I tillegg baud amerikanske styresmakter fram eigedom, og dei fleste kjende etter kvart mange i Amerika, noko som i seg sjølv nok også lokka mange «over blåmyra».

Kven drog? 

Det var særleg yngre folk som drog, og menn var i fleirtall. Familieutvandringa var òg stor, til dels med store barneflokkar. Alle sosiale lag var representert, men underklassa var i fleirtal. Dei med jord hadde lettare for å få finansiert billett enn dei utan. Svært mange husmannsfolk drog, men mange vart nok òg att fordi dei problem med å finansiere reisa. Ein del fekk billetten betalt av fattigkassa, slik vart kommunen kvitt framtidige utgifter.

Kor mange drog? 

Emigrasjonsforskar Terje M. H. Joranger meiner at minst 17 000 utvandra frå Valdres mellom 1836 og 1940 (altså omtrent like mange som bur i Valdres i dag), og at nær 900 000 nordmenn gjennom tidene utvandra til Amerika. Det var berre Irland som hadde større utvandring i Noreg, samanlikna med folketalet. Og i Noreg var det berre Sogn som hadde større utvandring enn Valdres. Det var folk frå alle samfunnslag som drog, og utvandringa var størst i åra 1860-1880.

Korleis? 

Overfarten tok to månadar med seglskip eller to til tre veker med dampbåt, og både reisa og nybyggjarlivet i Midtvesten var ofte tøff.

Spørsmål til dialog

  • Einaste moglegheit for å ha ein viss kontakt med gamlelandet var gjennom brev. Korleis må det ha vore å forlate alt? 
  • Korleis tek vi i dag mot lukkejegerar og flyktningar frå Midt-Austen?
Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2