Hopp til hovedinnhold

Ung husflid

For born i alderen 7-12 år

Etter fire års pause er endeleg Ung husflid i gang att på Valdres Folkemuseum! 

Dette er ei veke fylt med ulike handverksaktivitetar for barn i alderen 7 til 12 år (barn født i 2011-2016). Årets aktivitetar er tekstil, tråd, trearbeid, gjenbruk, takkebakst og matlaging. Fredagen blir det utstilling av elevarbeidet. 

TID15.-18. august 2023 kl. 9.00-15.00 (veke 33) (4 dagar)
STAD: Valdres Folkemuseum

ARR: Husflidslaga i Etnedal, Øystre og Vestre Slidre - i samarbeid med Valdresmusea
PRIS: Kr 1200 (søskenmoderasjon kr 200) inkl. materiell og mat

PÅMELDING innan 20. juni til gerdreidun51@gmail.com
Vi har plass til 32 barn på Ung husflid, og erfaringsmessig har alle plassane blitt fylt opp så fort tilbodet har blitt annonsert.

SPØRSMÅL? Kontaktpersonar er: 

  • Gerd Reidun Westerheim gerdreidun51@gmail.com
  • Anne Saglien saglienanne@gmail.com
  • Inger Johanne Fjøsne ijf.frisor@gmail.com

Om opplegget

Leik og moro er stikkord for Ung husflid i Valdres. 

Barna blir delt inn i 4 grupper, med 8 barn pr gruppe. Så langt det lar seg gjere, vil vi legge til rette for oppgåver som er tilpassa erfaringsnivået til det enkelte barn. Vi har kyndige instruktørar, og hjelpeinstruktører. Desse vil kunne legge opp kursa slik at alle skal kunne erfare meistring og glede ved deltakinga på Ung husflid.

Arrangementet blir gjennomført veka før skulestart, dvs i uke 33. Erfaringsmessig er dette ei veke der foreldra har starta på arbeid att etter ferien, og då er det ynskjeleg med ein trygg og innholdsrik aktivitet for barna.

Vi ser det som ei viktig oppgåve å gi born innføring i tradisjonelle håndverksteknikkar, og ønsker med dette velkomne til denne sommarveka på museet!

  • Fire damer fra husflidslaga i Valdres
    1/1
    Ung husflid vart arrangert på Valdres Folkemuseum i åra 2013-2018 og var svært populært. Her er representantar for husflidslaga i Vestre Slidre og Etnedal som no har bestemt seg for å starte opp at Ung husflid i samarbeid med Valdresmusea. Frå venstre Gerd Westerheim, Inger Johanne Fjøsne, Anne Saglien og Bjørg K. Veisten. Foto: Anne Marit Noraker