Kunnskapsoverføring frå generasjon til generasjon:
Om ein reiser rundt i Noreg finn ein mange lokale særpreg. Jo lenger vi går attende i tid, jo større var skilnadene. Særleg før bymoten tok over sist på 1800-talet var mellom anna byggeskikken, folkemusikken/-dansen og draktskikken stadbunden og skilde seg frå andre bygder. Alt dette var produkt av sedvane og nedarva kunnskap.
Handverkskunnskap, folketru, dialekt, historier og folketonar var vidareført frå generasjon til generasjon, utan nedskrivne notater eller lærebøker.
Læringa skjedde ved bruk av sansane, til dømes ved å lytte, sjå og sjølv prøve ut på nytt og på nytt.
Handverk var ein del av dagleglivet for dei fleste frå gamalt av:
- I nesten alle heimar haldt dei til dømes på med å spinne ull (og ofte lin), karde og strikke, spikke, veva, sy, reparere klede, sko, seletøy og mjølkekjerald.
- Mange bygde til dømes både dei husa og dei musikkinstrumenta dei trengde sjølve.
- Nokre laga bruksgjenstandar for sal, andre for folk i slekta og grannelaget. Denne tradisjonen held seg framleis.
- Til alle tider har det i tillegg vore dyktige handverkarar som spesialiserte seg på å lage handverk av høg kvalitet. Til dømes syner til dømes eldre klede og eldre musikkinstrument stort mangfald, kreativitet og utbreiing.
Korleis spreidde nye impulsar seg?
- I det gamle bondesamfunnet var impulsar utanfrå noko som stort sett kom med hest og vogn langs hovudvegen. Kongevegen frå Oslo til Bergen gjekk gjennom Valdres, og det førde med seg trafikk og impulsar utanfrå. I Valdres, og særleg i Aurdalsbyen, budde prestar og embetsfolk som hadde utdanning frå København eller Kristiania, og kone og omgangskrets frå eit anna samfunnslag.
- Det hende det kom handelsreisande til Valdres frå andre bygder. Desse hadde varer som dei reiste rundt og selde; til dømes importerte silketørkle.
- Utan lokale butikkar, drog òg ein del valdrisar ut av bygda for å kjøpe og selja varer; anten gåande eller med hest over Filefjell til Lærdalsøyri, eller til Branes (Drammen) og Kristiania (Oslo). Før frysarens tid var salt heilt nødvendig for å kunne konservere kjøt og fisk. Overskotsvarer selde eller bytte dei bort mot ting dei trengde. Kulturmøtet i særleg Lærdal «var ein mektig kulturspreiar. Lærdal var ein utfallsport til havet. Her råka bøndene folk som hadde sett og røynt mangt», skreiv Knut Hermundstad i 1954.
- Utover 1800-talet kom òg kunstnarar, vitskapsfolk og utanlandske turistar, som overnatta på skysstasjonane og på ulike vis var opptekne av kulturen og/eller landskapet i Valdres.
Utviklinga av draktskikken:
- Tradisjonskunnskap: Det var det tydelege forskjellar på korleis folk i ulike geografiske område gjekk kledd. Den folkelege draktskikken, både til kvardags og i høgtidene, var nøye styrt av lokale, innarbeidde normer for korleis plagga skulle bli laga, kledd på og brukast, og kva plagg ein brukte til kva for anledning. Alle hadde til dømes hovudplagg. Draktskikken var uløyseleg bunden til og del av det gamle naturalhushaldet. Klede og sko var noko som fyrst og fremst vart til ved å dyrke lin og klippe sauer, karde, farge, spinne, veva, strikke, garve, sy, brodere og smi – og det skjedde lokalt, dels heime, dels av andre i bygda.
- Indre nyskaping: I tillegg har det til alle tider vore tradisjonsutøvarar som har vore nyskapande og utvikla handverket eller spelet på sin eigen måte. Det kunne nok òg vera stas å eie noko som ingen andre hadde, anten det var klede eller nyskapande rosemåling.
- Impulsar utanfrå: Folkekulturen var òg prega av impulsar får den store verda; det kunne gjelde både råvarer og snitt. Særleg silke og trykte bomullsstoff vart importert. Var det rokokko eller empiremote i Europa, prega det etter kvart snitta på kleda i Valdres. Sist på 1800-talet tok moderne samtidsmote over for den lokale draktskikken. Sjølv om tradisjonskunnskap vart overført frå generasjon til generasjon i Valdres, har vi til alle tider fått impulsar utanfrå. Det gjaldt ikkje berre musikk og draktskikk, men òg byggeskikk, andre handverk, innføring av nye matvarer, omgangsform og tankesett.
- Frå tidleg på 1900-talet vart ei rekke festdrakter konstruert inspirert av regionale drakttradisjonar i bondesamfunnet på 1700–1800-tallet, slike fekk namnet «bunad», etter det norrøne ordet búnaðr som tyda «utstyr». Men allmenne og folkelege bruken av bunad i Noreg er eineståande i europeisk samanheng. Medan ein i andre land fyrst og fremst brukar nasjonaldrakt i samband med folkedans, noko som òg blir gjort her i landet, er bunad i Noreg eit festplagg som blir brukt av folk flest, unge og gamle. Draktene er blitt høgtidsplagg som særleg blir nytta på nasjonaldagen og i samband med familiehøgtider gjennom livet. Bunaden har fått ein høg symbolverdi (kan hende har fleire generasjonar i familien same bunad, eller bestemor har sydd bunaden) og er ein identitetsmarkør som viser kor i landet ein kjem i frå. I dag er bunadsbruken meir populær enn nokon sinne, og det finst rundt 450 drakter og plagg som går under namnet bunad, ei samling som er svært rik og mangfaldig.
- Korleis veit vi korleis folk gjekk kledd før? Samtidsskildringar frå 1800-talet: Kunst; Johannes Flintoes akvarellar frå øvre Valdres i 1819, av både kvardagsklede og brudeklede. Litteratur; ikkje minst Andris E. Vang. // Gamle tekstilar – mellom anna i museumsmagasina. // Klesfiller brukt til isolering i gamle hus; mange av dei ruta stoffa er difor rekonstruert. // Norsk institutt for bunad og folkedrakt blir drifta av Valdresmusea og held til her på museet. Instituttet har eit nasjonalt ansvar og reiser rundt i heile Noreg og registrerer, fotograferer og teiknar av mønster til gamle klede; anten dei er i privat eige eller på museum (unikt i verda!). Det har dei heldt på med sidan 1960/70-talet, og så langt har dei registrert over 80 000 klede eller draktdelar; frå bukser, stakkar og skjorter til sko, sylv og knappar.
Folkemusikken/dansen:
- Hardingfela: Tradisjonsmusikken i Noreg blir som regel definert ut i frå kva feletradisjon som dominerer området. Vanleg fele har vore mest brukt nord og aust for Valdres, på Møre, i Trøndelag og i dei nordligaste fylka. Hardingfela har tradisjonelt vore knytt til område som Valdres, Hallingdal, Numedal, Telemark, Vestlandet og Sørlandet. // Hardingfela vart utvikla i på Vestlandet på 1700-tallet og spreidde seg vidare til reisten av Sør-Noreg og Valdres. Ho skil seg frå den vanlege fela på fleire måtar. Den er rikt dekorert med rosing og som oftast perlemorsinnlegg. Felehovudet er forma som eit dragehovud, menneskehovud eller ein vanleg skroll. Stolen og fingerbrett er flatare, noko som gjer det mogleg å spela på fleire strengar på ein gong. Moderne hardingfeler har til vanleg åtte eller ni strengar. Fire av dei er som på ei vanleg fele, i tillegg fire eller fem understrengar som kling med når ein spelar.
- Langeleiken var eit vanleg instrument i store deler av Europa gjennom heile mellomalderen, men då fela vann fram på 1700-tallet gjekk langeleiken etter kvart or bruk. På fleire stader i Sør-Noreg var langeleiken i bruk til litt ut på 1900-talet, mens i Valdres spelar me framleis langeleik i ubroten tradisjon. I Valdres er langeleik eit populært instrument og gjennom dei kommunale kulturskulene får unge langeleikspelarar opplæring i ulike speltradisjonar. Sterke familietradisjonar er framleis hjørnesteinane i det levande langeleikmiljøet i dalføret. // Mens dei eldste langeleikane vart laga av eitt trestykke, er den moderne langeleiken, som vart utvikla på slutten av 1800-talet, sett saman av seks separate deler; ein botn, eit lok, to sider, bakstykke og eit stemmehovud. Ein langeleik har 6–9 strengar, der melodien blir spelt på ein streng medan dei andre strengane er bordunstrengar med fast harmoni, slik moten var i seinmellomalderen. Rytmen blir forma med ein snert i høgre handa, medan melodien blir spelt med tre fingre på venstre handa. Spelteknikken skil den norske langeleiktradisjonen frå spelemåten på tilsvarande instrument i andre land, til dømes den ungarske sittaren.
- Dokkedans til langeleik: Dokkedans til langeleikspel er ein gamal tradisjon i store deler av Europa og Asia, og i Noreg er tradisjonen uløyseleg knytt til langeleikspelet. Ei dansedokke er laga av stoff eller tre, cirka 10 cm høg. Dokka er festa med ei snor frå hovudet og opp i eit stativ, som dannar ramma omkring dokka. Andre enden av snora bitt ein fast i den fingeren som held plekteret, og når spelemannen slår att og fram med spelhanda si, «dansar» dansedokka opp og ned – i takt med musikken. Tradisjonen i Noreg har vore variert. Aagot Einung frå Tinn i Telemark brukte til dømes ein utskoren hest i staden for dansedokker. Hesten var festa til ei snor, slik som dansedokkene, men i motsetning til dansedokkene, var hesten tredd nedover ei jernstong og gleid opp og ned denne i takt med musikken.
- Munnharpe: Munnharpa er utbreidd over heile verda. Instrumentet har ein særleg utforming og stor variasjonsrikdom. I Valdres var det vanleg å smi eller støype små munnharper, ofte med grunntone i C. Fleire av dei fremste munnharpespelarane i Noreg i dag kjem frå Valdres.
- Durspel: Toradar er eit instrument som i Valdres i stor grad har vore knytt til runddansen eller gamaldansen som ein seier her i dalen. I motsetning til Hallingdal har durspelet i liten grad vore nytta til bygdedansspel, men det er ikkje fritt for at det også førekjem.
- Springar i Nord-Valdres: Dette er den dansetypen vi har flest og best kjelder til, og også den typen som blir vist her på museet. Både på Slidrehuset i Vestre Slidre og øvst i Øystre Slidre heldt springaren seg som dominerande samversdans heilt fram til omkring 1940. Både filmmateriale og levande tradisjon gjev eit sterkt inntrykk av individuell og spontan utforming av springaren, og sjølv om det er ein del forskjell å sjå mellom dei ulike bygdene, men det likevel naturleg å sjå dansen i Vang og Slidre-bygdene som ein dans med stor personleg og noko lokal variasjon. Musikken er klart tredelt, og oftast asymmetrisk, slik at fyrste taktslaget er noko innkorta og det andre noko forlenga. Denne asymmetrien kan variere ganske sterkt frå slått til slått, og bidreg også til å gje dansen både variasjon og særpreg. Det er vanlegvis to sviktar i kvar takt.
- Springar i Sør-Valdres: Dansen i Sør-Valdres går delvis som den i nord, men har tre sviktar i takta. Dansen gjekk ut av bruk nokre tiår før den i Nord-Valdres, og kjeldematerialet er mykje spinklare.
- Halling: Hallingdansen er i dag mest kjend som ein solodans for menn, men opphavet synest å ha vore ein pardans, ganske lik gangar. Solodansen for menn kan ha vorte utvikla «på moen», under militærteneste, det gjeld i alle fall hallingkastet slik ein kjenner det i dag. Opphavet til det siste er nok å sparke opp i ein bjelke eller eit anna fast mål innomhus. I militærleirane spente dei derimot utandørs, og då trengtest ei lue (uniformslue) på ein stav. Denne skikken vart så i sin tur overteke i moderne danseoppvisningar. // Omgrepa laus og halling har vore brukt om kvarandre i lange tider. I Hallingdal har ein til dømes nytta nemninga laus, mens ein andre stader og i Valdres, paradoksalt nok, har nytta omgrepet halling.
Folkemusikken i dag og den rolla som museet tar og har tatt:
- Folkemusikkarkivet på Valdres Folkemuseum er landets første og største folkemusikkarkiv. Her er nær 15 000 lyd- og videoopptak, litteratur og nær kontakt med nolevande folkemusikarar og folkedansarar. Kvart år blir det gjort mange nye opptak.
- Levande miljø: Folkemusikk og dans har vore ei av hovudsatsingane på Valdres Folkemuseum sidan sist på 1950-talet med mellom anna minikonsertar kvar dag kvar heile time heile sommaren. Museet er møtestad for unge folkemusikarar og dansarar gjennom heile året, og særleg under det årlege Hilme-stemnet, landets eldste og største folkemusikkfestival som blir arrangert her kvart år.
- Instrumentverkstaden: Museet har hatt instrumentverkstad sidan kring 1980. I Noreg er det i dag berre ein handfull profesjonelle handverkarar som kan bygge og reparere dei tradisjonelle folkemusikkinstrumenta hardingfele og langeleik. To av dei er tilsett her ved museet. Instrumentmakarane her bruker òg mykje tid på å forske på og lære av korleis dei eldre instrumenta vart bygt – i ei tid då musikk berre var tilgjengeleg «live», då handverk var ein del av dagleglivet for dei fleste, samstundes som det fanst langt fleire instrumentbyggarar enn no. Verkstaden er stort sett ope alle kvardagar før klokka tre.
Er det lokale særpreg som er trua idag?
- Når det gjeld folkemusikk, bunadar og dialekt held dei lokale variasjonane seg sterkare enn når det gjelder til dømes byggeskikk, interiør og samversskikkar.
- Færre unge enn før talar valdres-dialekt.