Hopp til hovudinnhald

Stølskultur og fjellets kulturlandskap

Nettverkssamling for museumstilsette

  • Biletet viser støl ved Vinstervatn, Øystre Slidre, 1958
    Biletet viser støl ved Vinstervatn, Øystre Slidre, 1958. VFF 16-000700 Nils Neste

Gjennom ekskursjon, møte med stølsbrukarar, forskarar og fagfolk hjå styresmaktene får vi innblikk i ein rik og levande kultur- og mattradisjon. Vi får sjå korleis stølsdrifta har forma kulturlandskapet i fjellet i gamal tid og i dag, og vi stiller spørsmål ved dagens og framtida utfordringar – for stølsdrifta og fjellets kulturlandskap. Samlinga romar praktisk tilnærming, forelesning og felles arrangement.

Samlinga vil kaste lys over tema frå fire ulike innfallsvinklar:
▪ Fjellets kulturlandskap og biologisk mangfald
▪ Folketru, handverk og musikk i ein stølskultur
▪ Bygningar som kulturlandskapselement
▪ Formidling, forvaltning, forsking og fornying

Målgruppe for samlinga er bønder, handverkarar, konservatorar og formidlarar i museumssektoren.

TID: Valdres 28.-30. august 2023 
STAD: Valdres
PÅMELDINGSFRIST: 15. juni
ARR: Valdresmusea, Norsk seterkultur og Musea i Sogn og Fjordane

Her finn du program og påmeldingslenke til samlinga:
Museum24:Portal - 2024.11.12
Grunnstilsett-versjon: 2