Hopp til hovudinnhald

Stavkyrkjedalen Valdres

  • Reinli stavkyrkje, 2020. Foto: Anne Marit Noraker

Stavkyrkjene er viktige bidrag til norsk og europeisk mellomalderarkitektur. Noreg er det einaste landet som har bevart originale mellomalderkyrkjer i tre. Urnes stavkyrkje i Sogn står på verdsarvslista til Unesco. Opphavleg var det 900–1000 stavkyrkjer i Noreg. I 1750 var det om lag 130 stavkyrkjer att. I dag er 28 stavkyrkjer bevarte, og i Valdres står seks av dei. Valdres kan med rette kallast «stavkyrkjedalen» i Noreg.

Konstruksjon
Stavkyrkjene i Valdres representerer to konstruksjonstypar, søylestavkyrkja og den einskipa stavkyrkja. Stavkyrkjene i Hedalen og Reinli er einskipa. Her står stavane i ytterhjørna, slik at dei fire ytterveggane får ein berande funksjon. Reinli stavkyrkje har dessutan parvise mellommaster og innvendige skråband i kryss som stivar av veggane. Hegge, Lomen, Høre og Øye er søylestavkyrkjer med frittståande stavar midt i kyrkjerommet. Her er stavane bundne saman med tenger, medan andreaskors og rundbogar stabiliserer konstruksjonen. Øye stavkyrkje har trekk frå begge konstruksjonstypane.

Stavkyrkjene i nyare tid

I mellomalderen var det 19 stavkyrkjer i Valdres. I dag står berre seks. Kva skjedde? Etter reformasjonen i 1537 kom nye krav til kyrkjebygga: Prestane skulle tala frå ein opphøgd preikestol, kyrkjelyden skulle sitja på benkar, og med introduksjonen av songbøkene på 1700-talet kom behovet for lys og vindauge. Folketalet auka òg på 1700-talet. Dei gamle stavkyrkjene vart for småe. I Hegge, Lomen og Høre vart kyrkjene utvida på langsidene og mot vest, og det vart bygd nye kor. Stavkyrkja i Hedalen vart bygd om til ei krosskyrkje. Stavkyrkja i Vang vart riven og flytt til Tyskland (i dag Polen). Øye stavkyrkje vart òg riven, men lagra i delar under golvet i den nye Øye-kyrkja, seinare attfunnen, bygd opp att og vigsla i 1965. Sankt Tomas-kyrkja vart òg riven. Det same vart kyrkjene i Volbu, Rogne, Øde (Øyar), Fystro, Hausåker, Skrautvål, Sørhus, Svenes, Aurdal, Bruflat og Bagn. Berre Reinli stavkyrkje er uendra.

Hegge stavkyrkje

Hegge stavkyrkje er bygd om lag 1216. Kyrkja er omtala fyrste gong i 1322, seinare i 1327 som «ecclesia de Hegguem». Kyrkja er ombygd fleire gonger, særleg i 1844, med nytt kor, våpenhus og utviding på begge langsider. Kyrkja har åtte frittståande stavar i kyrkjerommet, fire på kvar side. Desse er avstiva med tenger, rundbogar og andreaskors. Øvst på stavane er det utskorne ansiktsmasker. Kyrkja har fleire portalar og dører med smijern frå mellomalderen. Altartavla er frå 1781.

Øye stavkyrkje

Øye stavkyrkje er truleg bygd sist på 1100-talet. Ho blir nemnd fyrste gong som «ecclesia de Obdal» i 1327. Oppdal er øvre del av Øye-bygda. Mest truleg vart kyrkja riven i 1747 då nye Øye kyrkje vart vigsla. Då ein i 1935 skulle reparere muren under den nye kyrkja, fann ein den gamle stavkyrkja lagra under golvet, 156 delar i alt. Øye stavkyrkje vart gjenreist og vigsla i 1965. Kyrkja har fire frittståande stavar i kyrkjerommet, men desse ber ikkje noko opphøgd midtparti. Denne stavkyrkjetypen er uvanleg og liknar mest på Vang stavkyrkje. Øye stavkyrkje har svalgangar og halvrund apsis, og ei smal opning inn i koret. På altaret er det eit krusifiks frå 1200-talet med ein Kristus-figur frå 1300-talet. Døypefonten av tre er frå 1300-talet. Skipsmodellen, den einaste i Valdres, er ein fregatt frå 1700-talet.

Hedalen stavkyrkje

Hedalen stavkyrkje er bygd cirka 1163. I 1327 er ho omtala som «ecclesia de Hiidal». Det er berre skipet innanfor hovudinngangen som er att etter den gamle kyrkja. I 1699 vart ho utvida til ei korskyrkje, med tverrskip og langkor i lafta tømmer. Stavkyrkja er ei einskipa langkyrkje med stavar i hjørna. Stavane ber veggar og tak. Hovuddøra mot vest har portal med drage- og rankeornamentikk. Altartavla er eit gotisk altarskåp med måling frå 1769. Hedalsmadonnaa er rekna som eit av dei finaste kunstverka frå norsk mellomalder og er unik i europeisk samanheng. Det same er relikvieskrinet frå cirka 1250. Her er både pilegrimane sin skytshelgen St. Jakob, St. Thomas Becket frå Canterbury, St. Olav, St. Peter, Maria og Johannes avbilda. I stavkyrkja er også den einaste båra for slike skrin i Noreg.

Lomen stavkyrkje

Lomen stavkyrkje er bygd om lag 1192, og er svært lik Høre stavkyrkje. Kyrkja er omtala som kyrkjestad i 1324 og er omtala som «ecclesia de Huuam» i 1327. Opphavleg var stavkyrkja ei langkyrkje med heva midtrom i skip og kor. Her var apsis i koret og svalgangar omkring. Fire hjørnestavar ber i dag det opp-heva midtpartiet. Mellom stavane er det store halvbogar og lenger opp andreaskors. Kyrkja vart ombygd i 1749–50 til ei langkyrkje med rektangulært skip og smalt kor. Kyrkja har portalar med treskurd og dyreornamentikk. Ei mellomalderkiste står ved veggen i koret. Her er ei magisk runeinnskrift som lyder «ristil, pistil, kistil» (kniv på plog, epistel, lita kiste).

Reinli stavkyrkje

Noverande Reinli stavkyrkje er bygd eller ombygd om lag 1326, men det har truleg vore minst ei stavkyrkje her tidlegare. Kyrkja er omtala som «ecclesia de Reglir» i 1327. Ei innskrift i svalgangen fortel oss kven som stod bak ombygginga i 1326: «Herunder kviler Sira Thord, som lét gjera denne kyrkja betre. Pater Noster.» Reinli stavkyrkje har stavar i ytterhjørna og mellomstavar langsmed langveggene. Kyrkja er einskipa med kor og apsis i same breidd som skipet, svalgangar og ein liten takryttar over ei svevande midtmast. Langveggar i skip og kor er avstiva med kryssande skråband. Gjennom ei luke i veggen kunne dei spedalske skrifte og ta imot nattverden. Stavkyrkja er den einaste i Noreg med alle dei 12 svartmåla vigslingskorsa frå mellomalderen intakte. Altartavla er eit mellomaldersk altarskåp. Orgelet er handdrive og er frå 1790-åra.

Høre stavkyrkje

Høre stavkyrkje er bygd om lag 1180. Ei runeinnskrift lyder: «Den sumaren då brørne Elling og Audun hogg til denne kyrkja, fall Erling i Nidaros.» Elling er lendmannen på Kvie, medan Erling må vera jarlen Erling Skakke, som fall i eit slag ved Nidaros i 1179. Elling og Audun var kong Sverres menn, og ville markere at ein av hovudfiendane, Erling Skakke, var borte. Dei 22 eldste myntane som er funne i kyrkja, er frå kong Sverres regjeringstid 1177–1202. Treprøver fortel at ein av stokkane vart felt vinteren 1178–79, og truleg vart kyrkja oppført like etter. Stavkyrkja er nemnd fyrste gong i 1327 som «ecclesia de Ordun». Kyrkja var opphavleg ei langkyrkje med rektangulært skip og eit noko smalare kor med apsis og svalgangar. Fire hjørnestavar ber det høge midtpartiet. Mellom stavane er det andreaskors. Kyrkja har to portalar med ranke- og dyreornamentikk i relieff. Ho vart ombygd i 1822.

Gjenstandar i stavkyrkjeutstillinga på Valdres Folkemuseum

Tre stavkyrkjeplankar og ein stav frå Fystro stavkyrkje

Planken til venstre er ein portalvange avhogd på begge sider og avkutta i begge endar. Mykje av treskurden med ranke- og dyreornamentikk er hogd vekk fordi planken seinare vart brukt som låvegolv. På høgre side av planken ser ein restar av ei halvsøyle med sylindrisk kapitel og rankeornamentikk. I midten er ein udekorert planke frå ein søyleportal. Over kapitelet er utspring for portalboge over ei dør. Til høgre er ein veggplanke med luke. Gjennom luka kunne dei spedalske etter tradisjonen skrifte og ta imot sakramentet.

Framfor plankane ligg ein stav som seinare skal ha vore brukt som mønsås i eit stølshus. Staven har innhogg i eine enden og fleire innfellingar.

Hjørnestav frå Øde stavkyrkje (Øyar)

Staven har nót for to veggar. I enden av staven er det ei kløft for opplegg av ein bjelke som har gått diagonalt i forhold til veggane. Det er innhogg for ein vassrett bjelke litt nedanfor kløfta. Staven var seinare brukt som portalstolpe ved inngangen til kyrkjegarden. Kløfta og innhogget i staven kan vera frå denne bruken. Staven låg seinare i klokkestupulen ved Øyar kapell og vart utsett for vind og regn.

Mellomaldergravminne av kleberstein

Frå venstre tre delar frå Mo kyrkjeruin, vidare restar av gravsteinar frå gamlekyrkja på Svenes, Hegge stavkyrkje og Slidredomen. Korset manglar, men steinane frå Mo, Svenes og Hegge har restar av kors-sirkelen og rilleborden med det normanniske stjernemotivet «sunken star». Ein stein frå Mo har flettemotiv på baksida, medan steinen frå Slidredomen har flettemotiv på begge sider. Holet nedst er truleg for ein pinne som har støa steinen. Slike gravsteinar kunne stå i kvar ende av grava, med ei horisontal steinplate mellom, som ei seng. Steinane er frå om lag 1200 og høyrer til ei gruppe romanske hjulkors som er importerte frå Gudbrandsdalen.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1