Hopp til hovudinnhald

Smijern i mellomaldaren

Eit forskingsprosjekt

Tidlegare direktør ved Valdresmusea, Torill Thømt, driv eit spennande smijernsprosjekt saman med ekspertar frå heile landet. Prosjektet bygger på eit langt engasjement for smijern i dei norske mellomalderkyrkjene.

Mange av kyrkjene, og endå fleire smijernsbeslag, er i dag borte, men vi har bevara mange nok til at vi kan danne oss eit bilete av  typar, variasjonar og utbreiing av smijernsbeslag i mellomalderen. 

Dei eldste beslaga (t.d. frå Urnes stavkyrkje) er frå cirka 1130, medan dei yngste (t.d. frå Fåberg kyrkje) er frå 1400-talet eller seinare. Det gjer at utforminga og handverket varierer mykje. I prosjektet vil Torill undersøke dette mangfaldet.

For å gjennomføre prosjektet er det satt saman ei gruppe av ekspertar frå ulike fagmiljø. Torill sjølv er prosjektleiar for det heile. Torill skreiv magisteroppgåva si om smijernsbeslag i Sogn og Valdres og med eit sideblikk til andre norske beslaga, samt beslag i Sverige, Danmark, Tyskland og England. I 2022 gav ho ut ei bok om emnet.

Steven Carpenter er kunstsmed med lang erfaring. Han er utdanna marinarkeolog og har arbeidd som museumsstyrar. Som smed har han laga ein kopi av beslaga frå Botnedalen stavkyrkje (i dag på Telemark museum i Skien). I prosjektet vil Carpenter undersøke handverket og teknikken i den eksisterande beslaga og elles førebu den vidare formidlinga av prosjektet.

Atle Ove Martinussen er historikar med lang erfaring frå både museum og kulturminnevern. Han har vore direktør ved Museumssenteret i Hordaland og er i dag dagleg leiar ved Vestnorsk kulturakademi. Sissel Carlström er arkeolog og har tidlegare vore kultursjef i Hemsedal. Carlström har òg arbeidd hjå Riksantikvaren og har lang erfaring frå kulturminnevernet. 

Smedane Odd Inge Holmberget og Jens Strassegger arbeidar ved Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (NDR) og veit det meste om smedyrket og smiing, medan Ida Westermann er instituttleiar og professor ved Institutt for Materialteknologi ved NTNU. Ida tilhøyrer forskingsgruppa Fysikalsk Metallurgi, og bidreg i prosjektet med metallurgiske analyser av jernprøvene.

I tillegg samarbeider prosjektgruppa med Fortidsminneforeningen og Riksantikvaren, og dei får gode råd av ressurspersonar ved Universitetsmuseet i Bergen og Kulturhistorisk museum i Oslo. Sist, men ikkje minst, prosjektet blir til i eit samarbeid med Valdresmusea som bidreg med praktisk og fagleg hjelp.

Eit stort prosjekt involverer gjerne mange menneske, mykje reising og etterarbeid. Slik prosjekt kostar pengar, og heldigvis har vi fått støtte frå fleire gode medspelarar: Sparebankstiftelsen DNB, Bergesenstiftelsen, Sørlies legat og Riksantikvaren. Takk til alle som gjer prosjektet mogleg å gjennomføre.

Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1