Hopp til hovudinnhald

Stavkyrkjebeslag på museum i Bergen

Kulturhistorisk museum i Bergen har fleire lause stavkyrkjebeslag i samlingane sine, dels lause og dels på bevarte dører. Hausten 2023 studerte kunstsmeden Steven Carpenter og eg fem av desse beslaga: to beslag fra Arnafjord stavkyrkje, ei dør fra Ulvik stavkyrkje, ei dør frå Dale stavkyrkje i Sunnfjord og ei dør frå stavkyrkja som sto i Øystese.

Arnafjord stavkyrkje

Arnafjord stavkyrkje låg i ein liten fjordarm vest for Vik i Sogn. Kyrkja vart riven i 1645 då kyrkjestaden vart flytta. Heldigvis vart dør- og ringbeslaga tatt vare på. Dei to beslaga er laga på same måte og er i familie med dei såkalte «drakebeslaga». Det vil si at dei har felles trekk med Urnes-beslaga.

Ut frå hjørna på begge beslaga, er det festa drakehovuder, og rundt lås- og ringplata er det fire rammer med dyrefigurar, det heile utført i flathamra platejern. Under rammene er det festa messingplater, noko som gir beslagae ein imponerande utsjånad.

Truleg er beslaga laga omlag på same tid som Urnes-beslaga, det vil seie kring 1130-40.

Dørringen er spesiell. Det vanlege er at stopperane på kvar side av festet er utforma som drakehovuder. På Arnafjord-beslaget er dei derimot forma som mannshovude. Hovuda minner sterkt om hovuda som finst på det eine ringbeslaget i Urnes stavkyrkje og på det eine beslaget i Lom stavkyrkje.

  • Beslag fra Arnafjord stavkirke.
    1/2
    Beslag frå Arnafjord stavkyrkje. Foto: Torill Thømt
  • Beslag fra Arnafjord stavkirke.
    2/2
    Beslag frå Arnafjord stavkyrkje. Foto: Torill Thømt

Dør frå Ulvik stavkyrkje

Beslaga på Ulvik-døra består av gangjern. Eit lite ringbeslag er festa mellom dei, men det er gangjern som dominerer døra. Dette er typisk for gotiske beslag og ein heilt annan tradisjon enn dørene med dominerande lås- og ringbeslag.

Det er mogleg at beslaga på Ulvik-døra ikkje er dei opphavelege, for det er merke etter andre beslag i treverket.

Gangjerna er utforma i langt tjukkare materiale enn beslaga i drakehovudegruppa. Dei har mønster av blomster og blad laga med stempel. Det gir beslaga eit særleg livleg utsjånad.

Denne typen gangjern er nok inspirert av jernarbeid frå England. Det var mykje kontakt mellom Norge og England i mellomalderen, og vi veit at det første beslaget av denne typen vart laga på ei dør til St George´s Chapel i Windsor bygd av kong Henrik III, og det sto ferdig i 1249. Kongen ønska eit arbeid av siste mote, og då henta han idéen frå Frankrike, frå dei nye beslaga på vestdøra i Nôtre Dame i Paris.

Om døra er sekundært plassert i Ulvik stavkyrkje, er det godt mogleg at den først var i ei steinkyrkje. Å bygge i stein var meir europeisk, jf. den europeiske moten.

  • Beslag frå Ulvik stavkyrkje
    1/2
    Beslag frå Ulvik stavkyrkje Foto: Torill Thømt
  • Beslag frå Ulvik stavkyrkje
    2/2
    Beslag frå Ulvik stavkyrkje Foto: Torill Thømt

Dør fra Dale stavkirke i Sunnfjord (Fjaler)

Døren har gangjern som er svært like dem på Ulvik-døren. De er ikke like elegante i utførelsen, men av samme type. Dermed bør dateringen også for dem være i annen halvdel av 1200-tallet.

  • Beslag frå Dale stavkirke i Sunnfjord
    1/2
    Beslag fra Dale stavkirke i Sunnfjord Foto: Torill Thømt
  • Beslag fra Dale stavkirke i Sunnfjord
    2/2
    Beslag fra Dale stavkirke i Sunnfjord Foto: Torill Thømt

Dør frå Øystese stavkyrkje

Denne døra har også først og fremst gangjern med greiner opp og ned frå midtstamma. Greiner og kvistar ender i blad, men ikkje utført med stempel. Difor er desse gangjerna svært ulike beslaga frå stavkyrkjene i Ulvik og Dale. Kvaliteten er svært god.

Ein detalj som fortel om smedens arbeid, kjem godt fram på denne døra og særleg på det eine gangjernet. Greinene ut frå midtstamma er sveisa på stamma, og for at det heile skulle bli rett, har smeden satt små merke, både ved staden greina med kvisterne skulle festast og der kvistane skulle festast på greina. Merka minner om dei som settast på tømmeret når eit laftehus skal tas ned og flyttast.

  • Dør frå Øystese stavkyrkje
    1/2
    Dør frå Øystese stavkyrkje Foto: Torill Thømt
  • Beslag frå Øystese stavkyrkje
    2/2
    Beslag frå Øystese stavkyrkje Foto: Torill Thømt
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1