Kvar og korleis søke støtte til restaurering og tilrettelegging av kulturminne?
Velkomen til rettleingskurs.
STAD: Tingvang, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes (kommunehuset i Øystre Slidre)
TID: 4. april, kl. 9.00 - 14.00
MÅLGRUPPE: Eigarar av verneverdige hus, eldsjeler, byråkratar og handverkarar
ARR: Valdresmusea
PÅMELDING: Kurset er gratis, men på grunn av lønsj vil vi gjerne at de melder dykk på. Sjå nedst på sida.
PROGRAM:
09.00 Velkomen ved Odd Arne Rudi, bygningsvernrådgjevar for Valdres
09.15 Kvar kan me få hjelp? Orientering ved Katharina Sparstad, kulturkonsulent i Valdres Natur og Kulturpark
09.45 Kulturminnefondet si rolle v/Tor-Einar Siebke, Kulturminnefondet
10.30 SMIL-ordninga (spesielle miljøtiltak i kommunane) ved Gustav Fystro, jordbrukssjef i Øystre Slidre
11.00 Pause
11.30 Korleis finna fram i kommunale system i byggesaker, korleis finna fram og forhalda seg til ymse grunnlagsdata, ved Tore Østlund, byggesaksbehandlar i Øystre Slidre kommune
12.00 Kva kan bygningsvernrådgjevaren bidra med? Odd Arne Rudi
12.30 Ein huseigars erfaringar, Marita Larsen Helland
13.00 Erfaringar frå utøvande handverkar, ved tradisjonshandverkar HåvarAabol
13.30 Spørsmål og kommentarar. Individuell hjelp.
14.00 Slutt
STØTTE?
Vil du støtte arbeidet til Valdresmusea? Valdresmusea sin gåvekonto er 1503.37.02431 // Vipps-nummeret er 613066.
Spørsmål og påmelding
til Odd Arne Rudi, bygningsvernrådgjevar
Epost: odd.arne.rudi@valdres.museum.no
Tlf: 61 35 99 07 / 976 89 065
Valdres Folkemuseum, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
NB: All påmelding må gå direkte til Odd Arne. Det er ikkje nok å trykke "kjem" på Facebook.