Hopp til hovudinnhald

Smijern i mellomalderen

Seminar om jernet og smiinga - gamalt handverk, ny kunnskap

I 2023 starta forskingsprosjektet «Smijern i mellomalderen – gamalt handverk, ny kunnskap». Ei gruppe med kunsthistorikarar, arkeologar og smedar har i fellesskap undersøkt jernet og smikunsten frå mellomalderen.

Ein har mykje kunnskap om jernvinneaktiviteten i Norge i mellomalderen. Det må ha vore mange, dyktige smedar på denne tida, og kyrkja nytta seg av kunnskapen og handverket deira. Men kven var smedane, korleis arbeidde dei, og kvar fekk dei jernet frå?

Det har vore forska og skrive mykje om kyrkjebygga frå mellomalderen, om arkitekturen, treskjeringa og steinarbeidet. Smijernet, derimot, har i liten grad vorte løfta frem. Vi håpar prosjektet og seminaret kan bidra til dette.

Torsdag 14. og fredag 15. mars inviterer arbeidsgruppa og Valdresmusea til seminar. På seminaret presenterer vi nokre av funna frå arbeidet og vi drøftar vidare i problemstillingane.

Fakta

TID: 14.-15. mars 2024

STAD: Valdres Folkemuseum

PÅMELDINGSFRIST: 8. mars. Påmeldinga er bindande

PRIS: kr. 1200,– (NOK) Deltakaravgifta dekker seminaret og tre måltid (to lønsjar og ein middag)

OVERNATTING og reise må du dekke sjølv. Valdresmusea har avtale med Scandic Valdres. Oppgi Valdresmusea som referanse for å få tilgang til medlemspris

STØTTESPELARAR: Sørli-legatet, Riksantikvaren, Sparebankstiftelsen DNB, Bergesenstiftelsen, Kulturdirektoratet og Valdresmusea

Program torsdag 14. mars

09.30 Kaffe, te, frukt og kake

09.45 Musikalsk innslag

09.55 Opning ved Ole Aastad Bråten

10.00  Torill Thømt: Jern og beslag frå mellomalderen – ei innføring

Innleiing ved Torill Thømt, pensjonist og tidlegare direktør ved Hallingdal Folkemuseum og Valdres Folkemuseum. Ho vil gje ein oversikt og ei innføring i beslaga frå mellomalderen, og bakgrunnen for utvalet av beslag til prøver og handverksanalysar.

10.30  Kjetil Loftsgarden: Valdresjern – overskotsproduksjon og handel i vikingtid og mellomalder

Kjetil er førsteamanuensis ved Kulturhistorisk Museum, Universitetet i Oslo. Han vil snakke om jern som handelsvare i form av emnesjern/barrar, samt førekomsten av jern og bruken av jern i kyrkjebeslag.

11.15  Bernt Rundberget: Mellomaldersmier og jernanalysar – ei oversikt

Bernt er instituttleiar for arkeologi og kulturhistorie ved Vitenskapsmuseet i Trondheim. Han vil tematisere smiene og smimiljøa, og han vil presentere metallurgiske analysar og ei oversikt over utgravne smier og funksjonen deira. Kor mange smier og smisentre kjenner vi til? Kven var smedane og korleis kan vi finne ut meir om dei?

12.00  Spørsmål

12.15  Lønsj

13.00  Irene Baug: Handel og nettverk i vikingtid og mellomalder

Irene er forskar i arkeologi ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap ved Universitetet i Bergen. Ho vil snakke om marknaden, og viktige eksportartiklar som gjorde bygdene rike og folket velståande. Men korleis vart varene eksportert, og kor tok dei vegen?

13.45  Diskusjon

14.00  Ut på tur! Vi ser på beslaga på Hedalen og Reinli stavkyrkjer

19.00  Middag på Valdres Folkemuseum

Progam fredag 15. mars

09.00  Ida Westermann: Presentasjon av metallurgiske analysar

Ida er instituttleiar og professor ved Institutt for materialteknologi, NTNU. Saman med studentane Sondre Nilsen og Bo Skarland Schønberg vil Ida presentere resultata av dei metallurgiske analysane. Korleis skal vi forstå resultata, og kva kan vi bruke dei til?

09.45  Introduksjon til smiing i mellomalderen

- Steven Carpenter, kunstsmed: om særskilte trekk i det innsamla materialet.

- Jens Strassegger, smed og restaureringsteknikar ved Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider, og Steven Carpenter: om smitekniske utfordringar og særskilte teknikkar i mellomaldersmiing.

- Kjetil Storeheier Norheim, Norsk Håndverksinstitutt, og representantar frå Hjerleid og Odda vidaregåande skule: om opplæring i mellomalderske smiteknikkar.

11.30  Lunsj

12.00  Praktiske øvingar

13.00  Diskusjon

Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1