Hopp til hovedinnhold

Skakke folkedrakter - opning

OPNING: 17. juni 2023
STAD: Valdres Folkemuseum
VISNINGSTID: 17. juni - medio september

Mange av oss har eit forhold til bunader, kofter og folkedrakter. Dei tradisjonsrike plagga kan skape sterke kjensler av tilhøyrsle, men også av utanforskap. Dei kan fortelje noko om kvar vi er frå og kva vi står for, men dei kan også berast i håp om å bli akseptert og inkludert.  

I lys av plaggas sterke tradisjonar, er det kanskje vanskeleg å sjå for seg at dei ein gong vart sett på som radikale og politiske plagg. For mange er dei det framleis. Korleis vart fargane, snitta og normene for bruk definert og bestemt? Og korleis lever og utviklast folkedrakt-, kofte- og bunadtradisjonane i møte med samtida og politiske landskap? 

Nasjonalmuseet og fleire institusjonar og museum i Noreg tek no eit djupdykk i handverket og historikken rundt bunad, kofte og folkedrakt. Seks kunstnarar har gått i dialog med tradisjonshandverkarar og kunnskapsberarar, og har slik skapt eigne uttrykk. Turneens første stopp er Valdres Folkemuseum 17. juni 2023. 

Om opninga

Meir info kjem snart



Om prosjektet

Skakke folkedrakter er eit turnerande forskings- og utstillingsprosjekt som er utvikla i samarbeid med blant andre Norsk institutt for bunad og folkedraktValdresmuseaRandsfjordmuseetMuseum Stavanger og Bodø kulturhovedstad 2024. Prosjektet er initiert av Nasjonalmuseet.

Les meir her

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1