Hopp til hovudinnhald

På Unesco-listene: bunaden og stølskulturen

budeie og bunadkledt jente med fele

6. desember 2024 blir både bunadbruken og stølskulturen innskriven på UNESCOs verdsarvliste for immateriell kulturarv. Det er det grunn til å feire!

I fleire år har Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Norsk seterkultur arbeidd for nominasjon av den norske bunadbruken og den skandinaviske setertradisjonen til Unescos bevaringslister. Fredag 6. desember, på det 19. forsamlingsmøte i Paraguay, får vi vite om bunaden og budeia blir skrive inn på dei eksklusive listene.

Valdres står i ei særstilling med eigarskap til begge nominasjonane. Sekretariata for både Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Norsk seterkultur held til her, og dei levande tradisjonane knytt til desse kulturarvstradisjonane er særleg sterke i Valdres. Det er med andre ord mange grunnar til å feire, og for Valdres er det all grunn til å ta eigarskap til kulturen og innskrivinga. 

Stølskulturen

I innstillinga skriv Unesco-komiteen at seterbruket er viktig som kjelde for lokalt produsert mat, at det står for overføring av kunnskap og tradisjonar både innanfor familiane og for nye interesserte, og at seterdrifta fremjar helse og velvære både for seterbrukarane sjølve og gjester på setra. Komiteen rosar også søkjarne for ein godt gjennomarbeidd søknad, og for at seterbrukarne og andre aktuelle miljø er trekte med i arbeidet med søknaden.

Ein gong var det 100 000 aktive stølar i Noreg. I dag har vi berre 750 aktive setre i landet, nær 200 av dei er i Valdres. Søknaden er eit samarbeid mellom Noreg og Sverige.

Bunadbruken

Få andre land i verda har ein så brei og folkeleg drakttradisjon som Noreg. Det finst i dag over 450 ulike variantar av bunaden i landet, og det er måten vi brukar bunaden på og handverket som ligg bak som no blir oppført på UNESCOs liste over levande kulturarv.

Bunaden blir brukt uavhengig av alder, kjønn, bustad og sosial status. Over 70 prosent av alle kvinner og omtrent 20 prosent av alle menn har minst ein bunad i skåpet. Vi brukar den ved feiringar og markeringar, som 17. mai, dåp, konfirmasjon, bryllaup, seremoniar, jubileum, og nokre gonger i gravferder. Den er også aktivt i bruk ved kappleik og konsertar.

Bunaden er eit symbol på lokal og regional identitet og tilhørigheit. Det er ein kulturarv vi kler på oss, tett inntil kroppen. Slik er den knytt til vår personlege historie og eigne familietradisjonar. Tilknytinga blir særleg sterk om bunaden blir sydd og brodert av nokon i familien, og ofte går bunaden i arv i fleire generasjonar. Det gjer også kunnskapen om påkledning knytt til bruken.

Det er Norsk institutt for bunad og folkedrakt som har skrive bunadsøknaden, men arbeidet bygger på eit breitt samarbeid med Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Studieforbundet kultur og tradisjon og Norsk folkedraktforum. Nominasjonen er basert på erfaringane i desse organisasjonane, samt innspel frå fagpersonar, handverkarar og bunadbrukarar over heile landet. Søknaden er skrive på vegne av den norske staten. Arbeidet har pågått i over sju år. Norsk institutt for bunad og folkedrakt vart konsolidert med Valdresmusea i 2008 og er ein viktig arbeidsplass for seks personar. Instituttet forvaltar arkiv og samlingar – og unik kompetanse.

Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 2