Hopp til hovudinnhald

Bunad- og budeiefest

NB! Arrangementet har funne stad

Velkomen til budeie- og bunadsmønstring, talar, musikk, quiz og underhaldning.

Valdres Folkemuseum
Tyinvegen
06. des. 2024
18.00
budeie og bunadkledt jente med fele

Vi feirar at både bunadstradisjonen og stølskulturen denne dagen blir skriven inn på Unescos verdsarvliste for immateriell kulturarv! Det blir servering, budeie- og bunadsmønstring med over førti lokale mannekengar, talar og underhaldning. Ope for alle - anten du er oppteken av bunads- og stølskulturen eller ikkje.

STAD: Festsalen og kafeen, Valdres Folkemuseum

TID: Fredag 6. desember kl. 18 og utover kvelden

PRIS: 140 kr (kr 50 for dei under 26)

SERVERING
- Blautkake, kvikako og lappar, kaffi med fløte og sukkerbitar.
- Fjordkafeen sel heimelaga majel med ekte flatbrød og stølssmør i forkant av arrangementet

ANTREKK: Gjerne bunad eller stølsantrekk - eller det du elles måtte ynskje

ARR: Valdresmusea, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Fjordkafeen, Norsk Folkedraktforum, Husfliden Fagernes, Gards- og stølsnettverket

 

Valdres i nominasjonsarbeidet

I fleire år har Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Norsk seterkultur arbeidd for nominasjon av den norske bunadbruken og den skandinaviske setertradisjonen, til UNESCO sine bevaringslister. 6. desember, på UNESCO sitt 19. forsamlingsmøte i Paraguay, får vi vite om bunaden og budeia blir skrive inn på dei eksklusive listene. Gjer dei det, er det all grunn til å feire.

Valdres står i ei særstilling med desse to nominasjonane. Sekretariata for både Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Norsk seterkultur held til her, og dei levande tradisjonane knytt til desse kulturarvstradisjonane er som kjent særleg sterke i Valdres. Det er med andre ord mange grunnar til å feire, og for Valdres er det all grunn til å ta eigarskap til kulturen og innskrivinga.  

Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 2