Hopp til hovedinnhold

Nevertekking

Kurs over 30 timar, Hedalen

KURSINNHALD

På dette kurset skal me tekke tak på to små hus som er flytta frå Vassfaret, det eine ein stall, det andre ei tømmerkoie. Husa har gamle åstak med himling av staur, der det ligg never og torv oppå. Tekkemåten blir tilpassa taka Torva har preg av skogbotn og noko supplering er påkreva. I løpet av kurset skal me hogga staur, legga på den, flekke never som me skal tekke med, før me skal legge på torv, både av den som var her og noko ny. Torva skal me til skogs for å finna. I all hovudsak blir det brukt materialar som me  finn i nærområdet, men noko never må me skaffa også på anna vis. Biletet er take før husa vart flytta til Bautahaugen.

FAKTA

INSTRUKTØR: Steinar Moldal

TID: 30. juni til 2. juli 2022 (30 timar)

STAD: Bautahaugen Samlinger, Hedalen

PRIS: Kr 3.300 (rabattpris kr 3.100 for medlemmer av Fortidsminneforeningen og dei med årskort til Valdresmusea)

MÅLGRUPPE: Huseigarar, handverkarar og andre interesserte. Kurset passar for alle som er interessert i tradisjonshandverk, uansett fagleg nivå

PÅMELDINGSFRIST: 12. juni

ARRANGØR: Valdresmusea

Med atterhald om endringar.

SPØRSMÅL OG PÅMELDING

til Odd Arne Rudi, bygningsvernrådgjevar
Epost: odd.arne.rudi@valdres.museum.no
Tlf: 61 35 99 07 / 976 89 065
Valdres Folkemuseum, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes

NB: All påmelding må gå direkte til Odd Arne. Det er ikkje nok å trykke "kjem" på Facebook

BETALING til konto nr 2070 05 01524, merk med tittel på kurset.
Rabattprisen gjeld dei som har årskort ved museet eller er medlem av Fortidsminneforeninga

    Tilsvarande kurs vart sist arrangert i 2018

    Sist Valdresmusea arrangerte eit tilsvarande kurs var i 2018. Då hadde me leigd inn erfarne instruktørar og tradisjonsberarar innen tekking med torv og never. Under er nokre bilete frå kurset som då gjekk føre seg på Valdres Folkemuseum.

    • 1/4
    • 2/4
    • 3/4
    • 4/4
    Museum24:Portal - 2024.04.15
    Grunnstilsett-versjon: 1