Hopp til hovudinnhald

Kurs i tørrmuring

På Eidsbugarden i Jotunheimen

Kursinnhald

Eidsbugarden har namn etter denne vesle steinbua som vart nytta av reinsjegarar, fiskarar og fedriftarar i kan hende hundrevis av år. No har veggar og tak delvis rasa inn, og bua treng istandsetting både ute og inne.

På årets murarkurs kan du difor vere med å redde eit viktig kulturminne. Eidsbua ligg på Eidsbugarden, mellom vatnet Bygdin og Vinjebua - i vakre omgivnadar i Jotunheimen. 

Fakta om kurset

INSTRUKTØRAR: Knut Andreassen og Hans Magne Lunde

STAD: Ved Vinjestogo på Eidsbugarden

TID: 19. til 23. august, kl. 08.00-16.00 (40 timar)

INNHALD: Dokumentasjon av skadane, demontering av det nødvendige og oppattmuring.

PRIS: Kr. 4.500 (rabattpris kr. 4.100 for medlemmer av Verne-Vøla og for dei med årskort til Valdresmusea)

UNGDOMSPRIS: For dei under 23, kr.  2.500, -

PÅMELDINGSFRIST: 10. august 2024

ARRANGØR: Valdresmusea

Spørsmål og påmelding

til Odd Arne Rudi, bygningsvernrådgjevar
Epost: odd.arne.rudi@valdres.museum.no
Tlf: 61 35 99 07 / 976 89 065
Valdres Folkemuseum, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes

NB: All påmelding via påmeldingsknappen under eller ved å kontakte Odd Arne. Det er ikkje nok å trykke "kjem" på Facebook.

BETALING til konto nr 2070 05 01524, merk med tittel på kurset. 

  • Bilde av steinbua og Vinje-bua
    1/1
    Mellom Vinjestogo og vatnet Bygdin ligg den gamle Eidsbua, som vart nytta av fedriftarar, fiskarar og reinsjegarar frå gamalt av. Foto: Nils Neste
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1