Hopp til hovudinnhald

Korleis levde folk saman?

Bondesamfunnet sette føringar for korleis folka levde saman

Husa på museet
Her på museet har vi i dag over sytti hus i friluftsmuseet, og alle er flytt hit frå andre stader i Valdres. 

Husa er stort sett frå 1600-, 1700- og 1800-tallet. Dei fleste husa vi ser her vi står no vart samla inn før 1950. På den tida var museumsfolka mest opptekne av å kunne vise det beste Valdres hadde å by på. Desse husa vart organisert kommunevis, og husa vart lenge brukt som stad for bevaring og framvising av heile gjenstandssamlinga til museet. Planen med å sette opp husa kommunevis vart berre delvis gjennomførd og Vang er ikkje representert i byggeskikkavdelinga, då vi hadde ein brann her på museet i 1965.

Tankegangen for korleis ein bør samle inn og vise fram hus og gjenstandar på museum har endra seg mykje gjennom åra. Det ber dei ulike områda her i friluftsmuseet preg av. Lenger inn på området her finn vi difor både ein fjellgard, deler av ein storgard, ein husmannsplass, ein utmarksområde, eit stølsområde og eit fjellområde. Alt dét vart sett opp her etter 1950, i ei tid der tanken var å skape miljø som viste korleis husa fungerte saman i både tun og utmark, i bygda og på fjellet. 

Men anten museumshus er sett saman på den eine eller andre måten, seier det enkelte hus mykje om den lokale byggeskikken og livet til folk før.

Byggeskikken
Korleis folk bygde husa sine i det gamle bondesamfunnet var noko som hadde vakse fram etter uskrivne lover gjennom generasjonar. I Valdres ligg dei eldste gardane ofte på turre og solrike plassar, dels nede i dalen, dels høgt oppi lia på. Dei fleste husa var relativt små og dei var lafta. Det kunne vera mellom 10 og 20 hus på ein vanleg gard i Valdres, og husa hadde alle sin spesielle funksjon: våningshus, kårbygning, loft, stabbur, kyrfjøs, sauefjøs, stall, grisehus, fôrløe, smie, kvern, skåle, eldhus, i tillegg til hus på heimstøl, støl, langstøl og andre stader i utmarka.

Lenge la dei torvtak, og frå 1700-talet vart det vanleg å legge skifer på taket. Dei eldste husa var i ein etasje og hadde åre/røykomn og små gluggar, men på 1600-talet kom peisen og glaset, og med det kom det òg meir lys inn i stova.

Med innføring av peis og skorstein vart det i tillegg mogleg å bygge i to høgder. I Valdres kalla dei bustadhus i ein høgde for ei stove, medan hus i to høgder var ein bygning.

Den akershusiske stoveforma
Sosiologen Eilert Sundt la merke til korleis bustadene på Austlandet likna kvarandre då han reiste rundt i landet på 1860-talet og registrerte den norske byggeskikken. Han kalla denne planløysinga for «den Akershusiske stoveforma», etter det som på den tida var Akershus Amt.

Anten folk hadde bygd i ei eller to høgder, var grunnplanet altså stort sett likt. Det var tre rom; eit opphaldsrom – og to mindre rom (klevar) som vart nytta som sengekleve og vasskleve. Også peisen og veggfaste skåp, senger og bord var stort sett likt plassert. Denne planløysinga var den vanlege frå 1600-tallet og til langt inn på 1800-tallet på den austnorske landsbygda, anten huset var stort eller lite. Planløysinga sette klare føringar for heimelivet.

Matstellet i opphaldsrommet
Det meste av den daglege matlaginga gjennom året gjekk føre seg her:

  • I peisen varma ein velling og graut av byggmjøl eller havre, med vatn eller mjølk, som ein serverte med brim eller surost. Her steikte ein flesk og kokte potet, og her brann ein kaffi-bønner og kokte kaffi. Elles vart det steikt goro i gorojern som festmat. Peisen var viktigaste lys- og varmekjelde, og stod alltid i hjørnet ovanfor inngangsdøra, fram til folk begynte med vedomnar kring 1850. Peisen i denne stua er laga av kleberstein og er lett og forme og held varmen godt.
  • Fatskåpet stod bak døra. Der oppbevarte ein t.d. ølbollar, krus og tallerkenar av tre.
  • Framskåpet eller matskåpet stod mellom døra og høgsetet. Hylla over bordet vart kalla bordkrone, og ho òg vart nytta til å oppbevare kjerald, mat (til dømes spekekjøt og flatbrød av potet og bygg) og mjølkeprodukt (som smør og ost).
  • Langbordet hadde òg fast plass, det same gjaldt korleis folka satt rundt bordet. Bonden satt øvst, i høgsetet, mellom framskåpet og hjørneskåpet. Gardkjerringa satt på den nedste bordenden. Den lange benken langs veggen var for mannfolka på garden. På benken inn mot rommet satt jentene og kvinnfolka. Der var det kort veg til gryter og kjøkkenstell. Måltida var styrd av rytmen av ein arbeidsdag.
  • Vasskleven: I ei tid lenge før ein hadde innlagt vatn, var det eit tungt arbeid å bera mange bytter med vatn kvar dag – både til dyra i fjøset og hit til huset der folk budde. Vassbyttene vart sett anten i opphaldsrommet eller i vasskleven. Vasskleven vart elles brukt som grovkjøkken for arbeid med kjøt og mjølk, som spiskammers og vaskerom.  

Matstellet i andre hus på garden

  • På vedfyra takka i eldhuset (eige hus ute) vart det steikt flatbrød vart baka av grovt byggmjøl og potet. Der vart òg baka ertebrød, finbrød (med finsikta bygg- eller rugmjøl) feittbrød, lompe og lefse. Bakaromn fanst ikkje i Valdres før den vart innført med vedkomfyren. Med den kom òg gjærbaksten.
  • Slakt, fisk og mjølkeprodukt (ost og smør) vart til dømes salta, tørka, raka eller syrna slik at det skulle halde seg lenge. Det vart dels gjort på stølen, dels på garden.
  • stabburet lagra ein mjøl, spekekjøt og annan mat som skulle halde vinteren gjennom.
  • Kor svoltne var dei? Var det nok mat? Kor mykje mat som var tilgjengeleg, varierte mykje frå gard til gard. At mange hadde lite er det likevel ingen tvil om.

Kveldane 

Etter at fjøsstellet og arbeidsdagen ute var over, nytta gamle og unge, sjølvfolk og tenestefolk, det siste dagslyset, peislyset og peisvarmen til ulike aktivitetar inne. Særleg gjaldt dette gjennom den lange og mørke vinteren. I peisen her finn vi ein sup/lyspeis med eige avtrekk som var nytta til å brenne tyri (bitar av fururøtter med kvae i). Ein slik sup gav ekstra lys i opphaldsrommet på kveldane. Talg til lys fekk ein berre i slaktetida, og det måtte sparast til høgtidene. Mange har skildra tida «i kveldssetun» som den gildaste tida på døgnet.

  • Handverk: Handverk var ein del av kveldslivet, aktivitetar kunne vera å spinne ull (og ofte lin), karde og strikke, spikke, veva, sy, reparere klede, sko, seletøy og mjølkekjerald (buttar, kanner eller fat av tre brukt til mjølk).
  • Kunnskapsoverføring: Det tette fellesskapet gjorde at kunnskap vart vidareført frå generasjon til generasjon; gjennom bruk av sansane, til dømes ved å lytte, sjå og sjølv prøve ut på nytt og på nytt.  [Meir om handverk og kunnskapsoverføring under Røgnebygningen].
  • Forteljingar og høgtlesing: Dei vaksne og særleg dei eldre fortalde historier, til dømes om livet før, haugafolk, skikkar og segn. Andre, og kan hende særleg dei unge, las høgt frå skulebøker, vekeblad og bibel.

  • Folketru og kristentru: Religionen og kyrkja tok stor plass i folks daglegliv, samstundes levde folketru og kristentru side om side. I dag kan det kanskje verke underleg at både religion og det vi ser på som overtru var så viktig del av livet. Men i ei tid der utdanninga i generasjonar fyrst og fremst handla om bibellære, er det kan hende ikkje å rart; haugafolk, kjerringråd, skikkar og segn hadde en funksjon i kvardagen i dette livet, medan kristendommen òg sikta mot livet etter døden.

  • Song og musikk var ein del av kvardagen – men i ei tid utan radio, nett og tv var dette noko ein måtte skapa sjølv; oftast på heimegjorte instrument, særleg hardingfele og langeleik. Stundom vart det òg dansa, både springar, halling og runddansar. [Meir om seinare i heftet.]

Nettene

  • Kvar sov folk? Det stod veggfaste senger lengst frå inngangsdøra, lengst unna trekk og kulde, både i opphaldsrommet og i sengekleven. I senga i opphaldsrommet låg bonden, kona og eit eller to av dei minste barna. I sengekleven budde dei eldste på garden. Ungane og ofte òg tenestfolket sov i slagbenker og i kasser med halm eller fôr. Ein kunne til dømes ha ein stor skuff fylt med fôr innunder sengene som ein trakk fram om natta. Somme stader la dei plankar på bjelkane oppe på raustet, slik at dei fekk ein hems. Eldre barn og tenestefolk kunne sove i fjøset med dyra. Der var det godt og varmt. Om sommaren var det nok òg mange som fann soveplass på låven eller i andre hus på garden. Det var heller ikkje uvanleg at nokon sov i fjøset, der var det varmt året gjennom.
  • Kvifor var sengene korte? Truleg fordi folk søv sittande, med puter i ryggen. Dette var gjengs i hele Europa. Ein skulle ikkje ligge strekt ut før ein låg på likstrå og ein meinte det ikkje var bra å få for mykje blod i hovudet. Samstundes var nok folk flest òg lågare enn i dag – på grunn av ernæringa.
  • Kvar gjekk folk på do? Utedo på bygda i Noreg vart stort sett først innført på 1800-talet. Før det var det nok vanleg at folk frå seg i fjøset eller på fast stad ute, og ein del kunne nok òg ha utandørs benker med hol i. Utedoane vart ofte bygd inntil fjøset/gjødselkjellarane.
  • Korleis var vannkvaliteten? Svært mange sjukdommar vart overført som følgje av bakteriar i vatnet.

Kva slags folk budde under same tak eller andre stader på garden?

  • Sjølvfolk: Dei som eigde og budde på garden vart gjerne kalla «sjølvfolket»; det vil seie gardbrukar og kona og barna deira. Dei hadde god bruk for ungane i drifta både ute og inne. // Folk gifta seg stort sett med folk frå gardar av om lag same storleik som ein kom frå sjølv. Mange vart enkjer eller enkjemenn tidleg, og gjengifte var vanleg. Kvinner står sjeldan ført opp som gardbrukarar, med mindre dei er enkjer. // Sjølvfolket budde sjeldan aleine. Det kunne bo nokre få eller riktig mange i en slik stove, ja, faktisk både ti og tjue personar, og på mange plassar kunne huset vera berre halve storleiken samanlikna med denne stova.
  • Kårfolk: Tidlegare eigarar av ein gard budde òg på garden. Dei som eigde jord, hadde slik sett sikra alderdomen. Som del av salet av garden, sette dei opp ei livaurs-kontrakt (kårkontrakt) med ei rekkje plikter og tenester som den unge gardbrukaren måtte utføre for foreldra sine, det kunne til dømes handle om kor mykje ved og mat dei skulle ha, og at dei skulle få «ein sømmeleg gravferd». Nokre gonger var også besteforeldre eller sysken ein del av kontrakten. Sengekleven vart som før nemnt nytta av dei gamle på garden. Var det kårstove på garden, flytte dei gamle inn der, men inn til sist på 1800-talet var det stort sett berre dei største gardane som hadde kårhus.
  • Tenestfolk: Dei fleste gardar hadde òg tenestfolk, og i eit hus som dette var det vanleg at både bonden, heile familien hans og tenestefolket åt ved same bord og sov i same rom. Gjennom heile 1800-talet, og sikkert òg før, var det vanleg at ungdom tok seg tenest på ein gard etter at dei var konfirmert. Det er stor variasjon på alderen til tenestefolket vi finn i folketeljingane, men felles var at dei var ugifte, og dermed var også dei fleste ganske unge. Det kunne vera såkalla innerstar, som oftast var annan familie som ikkje hadde noko annan stad å bu.
  • Legdefolk: Midlertidig kunne det òg bo enda fleire i eit hus som dette. Ikkje alle hadde evne til å forsørgje seg sjølv med mat og hus. Særleg gjaldt dette eldre og einslege eigedomslause, tidlegare husmenn, oftare kvinner enn menn. Den vanlegaste måten å forsørgje dei fattige i soknet på var lenge omgangslegd. Det innebar at dei arbeidsuføre måtte flytte frå gard til gard, og at bøndene hadde plikt til å ta i mot dei. Det varierte mykje kor lenge dei fekk bu kvar stad. 
  • Foreldrelause ungar kunne bli plassert eller tatt hand om hjå annan familie, eller bli utplassert til dei som gav det billigaste bodet.
  • Husmenn: Folkeauka på 1700/1800-talet bidrog til framveksten av ei ny samfunnsklasse; husmenna. Dei budde på eigne husmannsplassar. Det er nok i dag vanskeleg å sjå føre seg kor fattige mange husmenn var på 1800-talet. Samtidig var husmenn og bønder ein god del omgang, til dømes i arbeidet, i kyrkja, på skulen og i ulike høgtider der dei møttest til gravøl og bryllaup med dei som budde i grenda.

Kor mange budde saman? Talet på kor mange som budde på den enkelte gard eller husmannsplass varierte. Om vi går inn i folketeljinga frå 1865, kan ein finne kor mange som budde på kvar plass, kva dei livberga seg av, kor mykje dei dyrka og kva slags dyr som stod i fjøset. Det er lett å gjera seg tankar når ein held desse tala opp mot kvarandre. Korleis må det ha vore å bu så mange i same hus?

Korleis var det å bu så tett saman den yngre familien – svigerforeldra – tenestfolk –legdefolk? Hjelpa gjekk begge veger, og på mange vis var fleire av dei gjensidig avhengige av kvarandre. Nokon fekk kost og losji, og betalte med arbeid. Alle tok del i arbeidet så lenge dei klarte det. Respekten for dei gamle på garden var nok som regel stor, ikkje minst i ei tid då heile levegrunnlaget ofte kvilte på arbeidet til tidlegare generasjonanes slit og der dei gamle hadde vore lærarmeistrane til dei unge. Ein dag skulle ein jo dessutan sjølv bli gamal. Samstundes var det sikkert då som no store skilnadar, avhengig av om respekten gjekk begge veger, både fysisk og psykisk helse, med meir. Livet som legdefolk kan til dømes ikkje ha vore lett… Elles var levealderen mykje lågare enn no. I dag er det det offentlege som stør opp om dei som treng det, før var det samfunnet rundt – iallfall til ein viss grad…

  • Kva med reinslegheit og grensa for kva som var intimt? Dei gamle husa gav liten moglegheit til privat intimitet. Kor går grensene mellom privatliv og offentleg blottlegging i dag?
  • Korleis kan det ha lukta her, i eit hus som vart nytta til matlaging, fyring, kroppsarbeid og søvn, då folk levde tett med dyra og hygiene var noko anna enn i dag?
  • Når vart det slutt på denne måten å bu på? Det skjedde gradvis frå sist på 1800-talet og utover. Etter kvart som husa vart større og folk fekk elektrisk[5] varme i alle rom vart òg samveret kring lys- og varmekjelda endra. Eit anna arbeidsliv, skulegang, butikkar og velferdstenester tok gradvis over for det gamle naturalhushaldet.
  • Korleis hadde vi i dag klart oss under slike høve? Det kollektive bu- og arbeidsfellesskapet står i sterk kontrast til våre liv, mellom anna dagens behov for eigenutvikling og realisering av draumar. Kva har vi fått og kva har vi mista? Kva med fattige i dag? // Sosial utjamning i Noreg // Korleis sikrar vi moglegheit og deltaking for alle i dag? Er barnefattigdom noko som høyrer byane til, eller råkar det også småsamfunna?

Andre detaljar i Skattebustova:

  • Roskåpet/hjørneskåpet hadde bonden på garden nøklar til. Kva hadde bonden der? Her oppbevara han sine mest verdfulle saker, som bibel, viktige dokument, tobakk, skjenkeglas og brennevin.
  • Rosemåling var på moten i kring hundre år frå kring til 1860-/1870-talet. Rosemålinga på skåpa her i Skattebustova er frå midt på 1850-talet, her var altså skåpa måla ca 130 år etter at huset var nytt. // Stilimpulsane kom nok ein gong utanfrå, med Kongevegen. Det finst mange døme på rosemåla inventar og veggar frå siste halvdel av 1700-talet i Valdres, særleg i kyrkjene og på skåp og kister.
  • Mangletreet (med kavl) er ei kaldrulle til å glatte tøy. Det fuktige tøyet vart rulla fint rundt kavlen. Kavlen og det fuktige tøyet vart deretter pakka inn i eit grovt handkle. Med mangeltreet rulla ein kavlen framover på bordet. Handtaket på mangletreet er som regel eit stilisert hestemotiv, som er eit eldgamalt fruktbarheitssymbol. Mangletreet kunne òg vera ei friargåve som gutane laga sjølve. Dersom jenta tok imot mangletreet, var dette eit teikn på at guten og jenta var forlova. Friarar kunne ikkje gje same mangletreet til fleire jenter.

Arbeid som tenestejente

Husmannsdottera Rangdi Moen, f 1846, frå Vestringsbygden fortalde dette om korleis ungdomstida som tenestejente var fram til ho vart gift som 28-åring. 

  • Gjennom 11 år budde ho på seks ulike gardar der ho jobba for kost og losji. I tillegg fekk ho litt pengar og nokre klede. 
  • Kring 1870 var ho to år på ein gard i Aurdal, og det ho fekk av klede då ho var der var ein kjole, to par sko, eit par ullstrømper, eit par strømpebånd og to «attpåbindingar» (det tyder noko som er omstrikka av noko gamalt) og tvo serkar (underkjoler). Kvar dag året rundt måtte ho spinne vadmålsgarn, veva, stelle 14 storfe (kyr) og 30 småfe (sauer eller geiter) og gå totalt fjorten turar etter vatn til dyr og folk (to bøtter vatn om gongen). løpet av dei to åra vevde ho rundt rekna etter dagens måleverdi mellom sytti og hundre meter vevnad av både vadmål, lerret og kjolestoff. Ho sydde åtte linskjorter for hand, to til kvar i huset. I tillegg vart det lange arbeidsdagar i slåtten og skuronna.​
Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2