Hopp til hovedinnhold

Langeleikane som kom heim til Noreg

I siste del av 1800-talet vann tankar om å samle og ta vare på restane av den gamle bonde-kulturen fram. Nordiska Museet i Stockholm dreiv systematisk innsamling av gjenstandar, særleg bondeantikvitetar i Noreg og Sverige, som då var i union. Nær 50 langeleikar frå heile Noreg vart samla av oppkjøparar og sendt til Stockholm.

I 2011 kom 39 av desse instrumenta til Norsk Folkemuseum, etter ein avtale om langtids-deponi. Dei fleste av desse er frå Valdes og Telemark, men store delar av landet er òg representert, så langt nord som til Beiarn.

Stor rikdom og variasjon    
Instrumenta syner stor variasjon i form, storleik og detaljrikdom. Fleire er frå 16- og 1700-talet, men òg instrument datert tidleg på 1800-talet vart sett på som antikvitetar 50 år seinare.

Instrumenta frå Valdres kjem frå alle deler av dalen, og gjev svar på mange ting vi har fundert på. Fleire har spor etter laust dekorstykkje i stillarhuset, og fleire har heildekkjande hovud i eine enden og halvdekkande i andre. Slik kan vi seie at langeleikane med stillarhus i både endar har vore nytta i heile Valdres, i tillegg til andre utformingar. Eit lite, vakkert instrument frå Vang har fire strenger, men ein kan også finne instrument med seks til åtte strenger.

Jamt over kan ein seie at instrumenta er vakkert utforma. Såleis kan ein nok hevde at dette er uttrykk for omtanke og kjærleik til handverket og instrumenta, kanskje også til eigaren?

I langeleikutstillinga på Valdres Folkemuseum kan du sjå om lag 20 av desse instrumenta, som ikkje har vore her i Valdres sidan 1880-talet.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1