Hopp til hovudinnhald

Djupe sår i små lokalsamfunn

Utmarka har gitt næring til krøtter og bønder i fleire tusen år. I dag stenger bøndene fjøsdøra for godt og overlater utmarka til hyttefolk og friluftsliv. Lenge var samspelet mellom turismen og bøndene godt. I dag synest motsetningane større enn nokon gong.

I to år har Valdresmusea, Norsk seterkultur og fleire andre museum undersøkt historiske og samtidige forvaltingspraksisar i den norske fjellheimen. Gjennom satsinga Eit skigardsdele har vi blitt kjende med stølsbrukarar og budeier, hyttefolk og utbyggjarar. Vi har sett optimisme og endringsvilje, men kanskje aller mest korleis kampen om ressursane har skapt djupe sår i småe lokalsamfunn. 

I fleire tusen år var stølsdrifta den dominerande aktiviteten i fjellet, men dei siste hundre åra har turismen gitt landbruket selskap. Lenge var samspelet mellom reiselivet og landbruket godt, men slik er det ikkje lenger. Ikkje alle stader. I dag kjempar bønder og hytteutviklarar ein bitter kamp om dei same ressursane, naturen, og store verdiar står på spel. Og når verdiar står på spel aukar som kjent temperaturen. I fjellet har det vorte heitt lenge.

Folk frå byen, folk frå bygda, dei med hytte, dei utan; mange ber på ein lengsel og ein draum om eit godt liv i fjellet. Kva som er eit godt liv tenkjer vi forskjellig om. Kven som skal bestemme i fjellet er vi òg rykande ueinige om. Skal vi sikre ei god og rettferdig forvalting av fjellheimen i framtida må folk i det minste snakke saman. Hyttefolk og grunneigarar snakkar ikkje saman.

Det står om lag 400 000 hytter rundt om i landet. Og fleire skal det bli. Men medan beitebrukarane og klimafolka ropar varsko for ein allereie uansvarleg arealpolitikk, legg lokalpolitikarane i Noreg planar for ytterlegare 400 000 hytter. Det fell ikkje klimaministeren frå Arbeiderpartiet godt for høyra. «Jeg tror det har blitt skapt et litt perverst insentiv, for en kommune som har satset veldig på hyttebygging vil etter noen år oppleve at hyttene har blitt bygd ferdig og at håndverkerne som bygget hytter ikke har noe å gjøre lenger. Derfor får de lyst til å bygge flere hytter for at håndtverkerne skal ha noe å gjøre.»

Klimaminister Barth Eide har òg uttala at det beste for naturen vil vere å ikkje bygge fleire hytter og vegar. Og neste år kjem ei stortingsmelding om Noreg si oppfylging av FNs naturavtale. Denne vil truleg leggje føringar for kommunane i den framtidige arealforvaltinga. Eg tvilar på om lokalpolitikarane vil følgje signala i den nasjonale klimapolitikken.

Politikken skal vekse fram med eit reieleg kunnskapsgrunnlag i botn. Slik er det ikkje alle stader. I 2022 vedtok politikarane i ei av Valdreskommunane det største arealbeslaget nokon gong. Men visste politikarane kva dei gjorde? 2 600 hyttetomter fordelt på meir enn 8000 dekar var dei i alle fall viljuge til å ofre – i indrefileten av eit utmarksbeite og naturområde med rike dyreliv og viktige økosystem.

– Hadde eg endå vist, var kommentaren får ein av kommunestyrerepresentantane, då forskar Yngve Rekdal frå NIBIO seinare på året forklara korleis kommunen hadde plassert hyttefelta i dei beste beiteområda. Ein blir ikkje betre enn kva kunnskapsrike folk gjer ein. Det er best å lytte til kloke folk.

Hyttebygging gir arbeid for entreprenørar og lokalt næringsliv. Dette er i alle fall kjerneargumentet for dei som stør bransjen. Og dermed går reguleringsplanane gjennom og gravemaskinkjeften i jorda. Det er likevel usemje om kor stor gevinsten er av hyttebygging for distriktskommunane. Avisa Valdres presenterte i 2022 ei utrekning frå Menon Economics som viste at berre 40 % av aktiviteten knytt til hyttebygging kjem bygdene til gode. Pengane finn vegen til adresser i Oslo og Akershus. Verdiskapinga er ikkje så stor, likevel.

  • illustrasjonsbilde av nytt hyttefelt i fjellet
    1/1
    Illustrasjonsfoto: Susanne Adensfield, Avisa Valdres.

At hyttelivet gir opplevingar for tusenvis av menneske er heva over ein kvar tvil. Ski og sykkel, ro og kvile er sterke drivarar for dei som søkjer seg til fjells. Tilgangen til natur er som kjent eit demokratisk gode. Men å eige ei hytte er ikkje det. For det er store sosiale forskjellar mellom dei som får tilgang til hyttelivet, og dei som må stå utanfor. Under Bylivskonferansen til Norske arkitekters landsforening i 2022 var det fåe som tok til orde for ein meir inkluderande byggjekultur. Den dyre og konvensjonelle hytta for ein liten økonomisk elite synest å dominere. For hytteutviklarane er korkje sharing, singel-livet eller småe bueiningar stikkord for den framtidige hyttebygginga. Big er framleis Beautiful, og skulle du som hytteutviklar møte på kritiske spørsmål om klima og miljø, er det berre å ligge lågt, ikkje seie noko. Det vart i alle fall uttala som effektiv strategi frå fleire av hytteprodusentane under Fritidsboligkonferansen på Lillehammer i 2022. Om du kjempar for miljøet og drøymer om forståing og dialog med byggebransjen, må du dessverre vente litt til.

Dilemmaa er mange, blant anna for bøndene som stenger fjøsdøra for godt og som sel arvesylvet til ein kjøpevillig hytteprodusent. For dei som fortsatt ynskjer å drive, er utfordringane truleg større. For kor skal du gjere av krøttera når beitemarka forsvinn, og korleis skal du få økonomien til å gå rundt i ein hardt prøva bransje? Gevinsten er stor for han som sel, tapet desto større for han som sit att med buskapen, sykkelstigane og skitrasear på alle kantar. Om det då ikkje er vilje til å satse på rein mat og mat- og mjølkeproduksjon til fjells. Norsk seterkultur har lenge oppmoda om ei auke i tilskottet til dei som vil drive landbruk til fjells. Men om staten skal støtte stølsbøndene, bør kommunane gjere det same. I Valdres snakkar ein varmt om fjellandbruket, men kastar pengane etter pumptracks, discgolf og  lysskulpturar i fjellandsbyane. Om politikarane i Valdres meiner alvor med fjellandbrukspolitikken sin og dei lokale natur- og kulturkvalitetane, må dei gjere alvor og støtte stølsbrukarane med tilskott.

Eit skigardsdele er eit studie av ein kompleks og komplisert, historisk og samtidig fjellkultur. På fjellet rår det paradoksale og umoglege, men òg draumane og lengslane om eit godt og meiningsfullt liv. Slik har det alltid vore og derfor skal vi halde fram med å forske vidare i tematikken. Men skal vi greie å drive fram ein berekraftig, mangfaldig og inkluderande natur- og kulturforvalting må aktørane i det minste snakke saman. Her kan musea spele ei viktig rolle. For musea skal vere heimen for alle – og for dei vanskelege samtalane. Museet skal vere roret og retningsgivaren når viktige verdiar står på spel.

Aftenposten, 25. september 2023

Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1