Folkevekst og press på jordressursane: Tidleg på 1600-talet var dei fleste i Valdres bønder, medan den siste femtedelen stort sett var tenest-, legds- og fattigfolk. I løpet av 1800-talet endra denne samansetjinga endra seg mykje. Ei sterk folkeauke på 1800-talet, ikkje minst på grunn av koppervaksina og at poteten gav betre tilgang på mat og at levealderen med det auka. Folkeauka gav eit stadig større press på jordressursane, noko som førde til at talet på husmannsplassar auka på – og med det auka òg klasseskillet. Dei som eigde eller hadde odel til gard, var heldig stilt samanlikna med dei som ikkje hadde det. Vi har så langt sett på hus frå større gardar.
Folketalet: På 1600- og 1700-talet var det ein svak folkeauke i Valdres. På midten av 1600-talet budde det vel 4000 personar i Valdres. I 1769 var talet 9149. Folketeljinga i 1801 har registrert 11529 valdrisar. Frå byrjinga av 1800-talet tok folketalet til å auke raskare. I 1865 var talet heilt opp i 20551. (Altså ei femdobling av folketalet dei to hundreåra frå ca 1650 til 1850). Det var barnedødsfalla som gjekk ned, mellom anna som følgje av koppervaksina, betre kosthald (særleg poteten), jordmorutdanning, mm. Folketalet kuliminerte midt i hundreåret. I 1900 var folketalet nede i 17016 personar. Det var i hovudsak utvandringa til Amerika som førde til at folketalet gjekk ned.
Levealderen: I 1750 var levealderen berre 35 år, og 25% av alle barn døyde før dei var eitt år. Utover 1800-talet stor forbetring, særleg grunna koppervaksina og poteten. I dag er forventa levealder godt over 80 år i Noreg (84 for kvinner, 81 for menn).
Husmenn: Med befolkningsveksten vaks òg ei ny samfunnsgruppe fram i Valdres, husmannsstanden. Den aukande folkemengda måtte nemleg sysselsetjast innanfor jordbruket. Det starta med ei oppdeling av gardsbruka. Etter ei tid var gardane delte så mange gonger at dei ikkje kunne delast meir om det skulle vera levebrød for ei familie. Dei som ikkje hadde høve til å ta over nokon gard, måtte rydde seg nytt land, om dei ikkje ville gå som tenestefolk eller innerstar (leigebuarar utan land) reisten av livet. Desse små nyryddingane vart kalla husmannsplassar. For at det skulle bli litt jord til kvar, vart ryddingsarbeidet regulert av dei som åtte gardane. Mange husmenn var sjølve gardbrukarsøner eller døtrer, men etter kvart rekrutterte husmannsklassa i stor grad seg sjølv.
Talet på husmannsplassar: Midt i 1660-åra vart det 40–45 husmannsplassar i Valdres. I 1732 var talet 218, og femti år etter var talet tredobla. Dei fyrste husmannsplassane fekk etter måten mykje jord, noko som òg synte seg i storleiken på husa. Befolkningspresset utover 1800-talet førde til stor etterspurnad etter rydningsjord. I 1801 hadde me 923 husmannsplassar. I 1835 var talet opp i 1204 plassar, i 1865 hadde det auka til 1221. Resultatet var at plassane vart mindre, og husa ofte færre enn tidlegare. Talet på husmannsplassar gjekk attende etter 1855, som følgje av utvandring til Amerika og etter kvart utflytting til byane, mindre behov for arbeidskraft med den teknologiske utviklinga i landbruket og at mange kjøpte plassen sin og vart småbrukarar.
Sør og nord i Valdres: Medan husmannsfolket i dåverande Aurdal prestegjeld (Etnedal, Nord- og Sør-Aurdal) i 1801 utgjorde 43% av folketalet i bygda, var den tilsvarande delen i Vang på berre 17%.
Betalinga: Husmenn leigde jord og tomt for hus, slik at dei kunne drive jordbruk og dyrehald for eigen sjølvberging. Som betaling ytte dei mellom anna arbeidskraft til gardbrukaren og noko av eigen avling. Nokre stader var det også leige i kontantar.
Fattigdom og mangel på rettigheiter: Husmannsplassane var små og låg ofte brattlend eller på den dårlegaste jorda på garden. Dei fleste hadde nokre husdyr og dyrka bygg, men nesten ingen sådde meir enn ei tønne i året. Dei fleste sette minst to-tre tønner poteter kvar vår. Det finst òg døme på dei som ikkje hadde det slik. Dei var nok då stort sett dag-arbeidarar eller handverkarar. Husmannsplassane hadde oftast små hus, og dei fleste bygde iallfall stove, loft eller stabbur, låve og fjøs. At kåra må ha vore temmeleg dårlege, er det liten tvil om. Stikkord her er mellom anna mangelsjukdommar, utøy (vegglus, mus), dårleg hygiene og mangel på til dømes sko og mat (mange åt mest potet). Husmenn var eigedomslause, og hadde difor heller ikkje stemmerett før 1898 (kvinnene frå 1913). Mange husmenn enda som fattiglemmer som gjekk på legd mellom gardane som gamle.
Ernæring: "Soldatmålinger i 1800-årene tydet på en betydelig bedring i ernæringsforholdene, særlig i småkårshjem og husmannsplasser. Målingene viser en stadig økning i lengdeveksten for alle bondegutter, men mest for husmannsgutter. Årsaken tilskrev man bedre ernæring takket være poteten". (Nils Brandt: Potetprester, Oslo 1973).
Forskjell på folk? Dei som eigde jord var godt stilt samanlikna med dei som ikkje gjorde det. Som nemnt kunne kåra ved særleg husmannsplassane vera temmeleg dårlege. På den andre sida fanst prestar og statlege embetsfolk (sorenskrivar, fut osb.). Dei hadde utdanning og vaner som skilde seg frå bygdefolket elles, og utgjorde slik ein eigen sosial klasse i Valdres.
Likevel mindre klasseskilje enn i andre land: I Noreg var det stor grad av sjølveigande bønder samanlikna med andre land som hadde føydalsamfunn og ei overklasse med adelsrettigheiter. Kyrkja eller staten sat rett nok lenge med store jordeigedomar, men på 1600- og 1700-talet vart det meste selt til lokale bønder. I Noreg vart dessutan adelsprivileger avskaffa alt ved lov på 1820-talet.
Den norske grunnlova av 1814 var av dei mest radikale og demokratiske forfatningane i Europa. Dette bidrog til norsk sjølvstende og demokratisk utvikling; mellom anna maktfordeling, menneskerettigheiter, ytringsfridom og stemmerett.
Med nye skulelover på 1820-talet, i 1860 og sist på 1800-talet auka talet på fag og timar betydeleg; dette gjaldt for alle uavhengig av bakgrunn.
Folk frå ulike lag hadde mykje samkvem
Arbeidsfellesskapet; sjølvfolk på gardar, tenestfolk og husmenn var avhengige av kvarandre; for å få arbeid gjort og for å overleva.
Gamle utan familie som kunne ta seg av dei vart tatt hand om ved at dei flytta frå gard til gard.
Grendene var delt inn i uformelle bearlag som bestod av dei næraste gardane inkludert husmannsplassane. Her kom ein saman til både dugnadar og høgtider som bryllaup, gravøl og julelag; eit sosialt sikringsnett av meir uformell karakter.
Alle gjekk i den same kyrkja og alle born i den same skulen, uavhengig av bakgrunn.